Norwegian har inngått tariffavtale med dei spanske pilotane sine
I seks år har lågprisselskapet hatt baser i Spania. No får pilotane tariffavtale.
Sissel M. Rasmussen (arkivfoto)
tormod@lomedia.no
Det var ikkje før i 2016 at Norwegian anerkjente den spanske fagforeininga som forhandlingsmotpart. Men no er tariffavtala endeleg på plass.
Den toårige tariffavtala gjeld alle pilotane på Norwegian sine åtte basar i landet. Det er den spanske pilotforeininga SEPLA som organiserer pilotane og har forhandla fram avtala, som vart signert for to veker sidan.
• Piloter og kabinansatte tapte ankesaken mot Norwegian
Same veke signerte selskapet også ei tariffavtale med pilotane og kabinpersonalet basert i Italia. Norwegian har ei rekke basar rundt om i Europa, med tilsette i landet der basen ligg.
– Vi er veldig godt nøgd med at Norwegian anerkjenner pilotane som ein verdifull og unik ressurs. Avtala er ein viktig milestolpe og bidrar til at vi kan vidareutvikle samarbeidet, seier Martin Stork, leiar for SEPLA Norwegian i ei pressemelding.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Frå venstre : Bjørn Kjos, konsernsjef i Norwegian; Helga Bollmann Leknes, HR-direktør i Norwegian; Uffe Jesper Faerch Jensen (SEPLA), Martin Stork (SEPLA), Adam Mark Smith (SEPLA) og Bjørn Erik Barman-Jenssen, direktør i Norwegian Air Resources.
Norwegian (pressefoto)
Parat: – Eit godt teikn
– Det er eit teikn på at Norwegian ønsker å drive på ein seriøs måte. Dei har skjønt at ein reduserer konfliktnivået, når ein inngår tariffavtaler og har eit godt forhold til dei tilsette, seier Vegard Einan, nestleiar i Parat, som organiserer dei fleste av selskapets tilsette i Norge.
Han viser til at Spania har greie reglar for representasjonsrett og at dei tilsette basert i Spania var raskt ute med å organisere seg.
– Eg reknar med at dei nasjonale fagforeiningane klarer å hevde rettane sine på same måte som vi gjer i Norge. Dei spanske fagforeiningane er ikkje kjent for å vere snillare enn vi er i Norge, seier Einan.
Ifjor vart det etablert eit samarbeid mellom tillitsvalte i Norwegian-konsernet på tvers av landegrensane, opplyser Einan. Dei hadde første møte i april, med norske Parat som vertskap.
– Vi har jamnleg diaolog for å bygge kultur og oppdatere kvarandre på kva som skjer. Det er viktig i eit internasjonalt konsern som Norwegian.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Vegard Einan, nestleiar i Parat.
Parat (pressefoto)
– Føreieseielegheit og stabilitet
– Denne avtala er viktig for å sikre føreseielegheit og stabilitet i ei tid med tøff konkurranse i luftarten, seier HR-direktør i Norwegian, Helga Bollmann Leknes.
No skal avtala til uravstemming blant SEPLA sine medlemmer.
Norwegian har også tariffavtale med kabinpersonalet i Spania, som vart inngått sommaren 2017, opplyser selskapet. Det spanske mannskapet deira tel omtrent 1100 tilsette, og omtrent 30 fly er basert i landet.
Same veke som kontrakten med pilotane i SEPLA vart inngått, signerte Norwegian ei treårig tariffavtale med pilotar og kabinpersonale i Italia. Norwegian har éin base og fem fly i landet, og avtala gjeld omtrent 270 personar. Avtala omfattar langdistanseverksemda, opplyser selskapet. Tilsette som flyr ruter i Europa har allereie ei tariffavtale.
Norwegian har også basar i Alicante, Barcelona Gran Canaria, Madrid, Malaga, Palma de Mallorca og Tenerife.
• Pilotene rømmer fra Ryanair - går til fast jobb og høyere lønn i andre selskaper
• Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside