JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

«Vi treng grønt statleg eigarskap», skriv Alf Holmelid

Det er på tide at venstresida tar debatten om korleis vi skal bruke den statlege eigarskapen strategisk og ikkje berre er opptatt av omfanget.

Colourbox.com

Det har etter kvart blitt mainstream å snakke om at vi treng ein grøn industrirevolusjon for å møte klimautfordringane. Det har jamvel blitt innafor å snakke om at vi kan trenge sterkare statleg engasjement for å løfte fram ny grøn industri. Men der stoppar det opp – også for venstresida. Vi manglar ein diskusjon om korleis vi skal bruke statlege investeringar og statleg eigarskap til å legge grunnlaget for den store omstillinga vi står overfor.

pf

Omfanget av utanlandsk eigarskap er meir omfattande her i landet enn i våre naboland. I følgje SSB står bedrifter med utanlandsk eigarskap for 27 prosent av omsetninga og 21 prosent av sysselsettinga i norsk næringsliv. Den utanlandske eigarskapen er mest dominerande i prosessindustrien som drar nytte av god tilgang på norsk vasskraft, maritim/offshore som er bygd opp på nordsjøaktivitet, samt teknologiindustri generelt. Det er denne kompetansen vi treng for å skape den grøne revolusjonen.

Utanlandsk eigarskap treng ikkje vere negativt. Vi har gode eksempel på at utanlandske konsern står for kompetent industrielt eigarskap her i landet. Men spørsmålet er kva som skjer på lang sikt. Vil utviklinga av neste generasjons teknologi bli lagt hit, eller er det meir nærliggande at den banebrytande teknologiutviklinga skjer i heimlandet? Eit element av nasjonalt eigarskap er viktig for den langsiktige industriutviklinga. Men privat industrielt eigarskap med langsiktig perspektiv er mangelvare her i landet. Vi hugsar korleis Orkla gjekk inn i Elkem, selde ut deler av selskapet og overlet til det kinesiske statsselskapet Bluestar for å redde produksjonen av solcellesilisium.

Offentleg eigarskap har spelt ei viktig rolle i utviklinga av Noreg som industrinasjon. Då vasskrafta blei bygd ut, blei verdiane sikra for fellesskapet med heimfallsretten. Då vi fant olje i Nordsjøen, brukte vi statleg eigarskap for å utvikle industrien. No står vi overfor ei utfordring som er av endå større dimensjonar. Vi skal skape ein industri som skal gi oss inntekter og arbeidsplasser når olja tar slutt. Støtteordningar og innovasjonsselskap er etablert, men politikarane nøler med å ta kraftfulle grep som kan sikre industriell kompetanse og løfte fram store industrisatsingar.

pf

For ti år sidan foreslo dåverande leiar i Fellesforbundet, Arve Bakke, å etablere eit statleg oppkjøpsfond for å kompensere for manglande privat industrielt eigarskap. Forslaget blei kritisert for å vere eit tiltak som kan hindre omstilling. Det er ein fare, men eit fond kan også brukast strategisk og langsiktig. Eit slikt fond kunne gått inn og tatt ein eigardel i Elkem Solar då bedrifta var til sals, og det kunne lagt grunnlaget for ein sterk nasjonal industri innan solenergi. Alternativt til fond kan vi bruke direkte statleg eigarskap på område som er viktige for det grøne skiftet.

Debatten om bøkene til økonomen Mariana Mazzucato har aktualisert spørsmålet om statleg eigarskap. Skal vi klare det grøne skiftet treng vi ein entreprenøriell og langsiktig stat. Det er på tide at venstresida tar debatten om korleis vi skal bruke den statlege eigarskapen strategisk og ikkje berre er opptatt av omfanget.

Annonse

Flere saker

Annonse