JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

NTL Sentralforvaltningen og NTL Ung anbefaler nei til ny pensjon i offentleg sektor

NTL Sentralforvaltninga og NTL Ung anbefalar medlemmene å stemme nei til forslaget til ny pensjonsordning.
NEI-ANBEFALING: Bjørn Halvorsen og NTL Sentralforvaltninga anbefaler medlemmene å stemme nei til forslaget om ny tenestepensjon i offentleg sektor.

NEI-ANBEFALING: Bjørn Halvorsen og NTL Sentralforvaltninga anbefaler medlemmene å stemme nei til forslaget om ny tenestepensjon i offentleg sektor.

Ole Palmstrøm

anders@lomedia.no

NTL Sentralforvaltninga har vedteke ein uttale om forslaget til ny tenestepensjon i offentleg sektor der dei anbefaler medlemmene å stemme nei.

I uttalen viser landsforeininga til at levealdersjusteringa som blei innført i 2009 gjer det naudsynt med justeringar av dagens pensjonsordning, fordi pensjonsnivåa vil bli for låge. Men dei viser til at kulla født etter 1970 ikkje vil ha noko ekstra til dei som ikkje greier å jobbe etter at dei er 62 år. Difor mener landsforeininga at det blir for store forskjellar i pensjonen til dei som kan jobbe til dei er 70 år, og dei som må gå av på 62 år.

Dei meiner denne forskjellen er urimeleg, og at dei difor ikkje kan akseptere dette systemet. Dei håper partene kan komme fram til «et mer omfordelende resultat enn det som nå ligger på bordet».

Slik er forslaget til ny pensjonsordning i offentlig sektor

– Nei gjev sterkare mandat

Leiar Bjørn Halvorsen i NTL Sentralforvaltninga trur eit nei i uravstemminga vil gjere det mogleg å få eit betre forhandlingsresultat, og viser til lærarane sin streik i 2014.

– At forhandlarane får eit nei i uravstemminga gjev dei eit sterkare mandat og trykk frå medlemmane. Når anbefalte oppgjer har blitt stemt ned, har det ført til betre resultat etter nye forhandlingar, seier han.

Halvorsen meiner det er to hovedproblem med forslaget: Det eine er individualisering av pensjonen. Det andre er at arbeidsgjevar ikkje blir forplikta til å få folk til å stå lenger i jobb.

– Kvar enkelt av oss får no ansvaret for å halde oss friske og halde ut i seniortilværet. Garantien, sikringa vi hadde for ein god pensjon, er vekk. Det andre er at arbeidsgjevar ikkje skal bidra. Det er ingenting i avtalen som forpliktar arbeidsgjevar eller legg noko av ansvaret på arbeidsgjevar for å få folk til å stå lengre i jobb, seier han.

Fem spørsmål og svar om «slitertillegget» og ny offentlig tjenestepensjon

Kan vente litt til

For å kunne anbefale eit ja, meiner NTL Sentralforvaltninga at ei tidlegpensjonsordning må på plass og at arbeidsgjevar må ta meir ansvar. Dei er også bekymra for pensjonen til dei uføre, og meiner denne må ivaretakast betre.

– For ei tid framover kan vi leve med levealdersjusteringa i den gamle ordninga. Det er klart det trengs justeringar, og vi forventar at partane vil sette seg ned igjen og sjå på ei betre løysing som i større grad tek vare på alle, seier han.

– Kva meiner de med at resultatet må vere «meir omfordelande»?

– I lov om folketrygd er eitt av formåla å bidra til utjamning av inntekt og levekår. Det betyr at dei som har mykje frå før får mindre, og at dei som har minst må ivaratakast og få meir. Slik meiner vi også at tenestepensjonen skal fungere, og det framlagde forslaget fungerer motsett, seier Halvorsen.

Anbefaler NTL-medlemmene å stemme ja til forslaget om ny tjenestepensjon

Ungdomen bekymra

NTL Ung vedtok også eit nei til pensjonsavtalen på årsmøtet sitt. I uttalen heiter det blant anna at dei vil ha ei brei kollektiv og utjamnande pensjonsordning som sikrar alle ein pensjon ein kan leve av.

Ungdomen i NTL meiner også at pensjonsordninga må gje ei reell moglegheit til å gå av før ein fyller 67 år med ein pensjon ein kan leve av. Dei meiner denne ordninga dreier pensjon over til å bli eit privat anliggande, i staden for å vere eit offentleg gode og ein tryggleik alle skal ha.

– Moglegheita til å stå lengre i jobb er ikkje reell for alle. Dei som står i fysisk krevande yrke vil kanskje ikkje ha moglegheit til å stå lengre i jobb, noko som vil føre til at dei får mindre i pensjon, heiter det i uttalen.

Pensjonseksperten: – Et meget godt tilbud til offentlig ansatte

– Liten grunn til å tru på nye forhandlingsrunder

Forbundsleiar John Leirvaag i NTL trur ikkje eit nei i uravstemminga vil gje noko betre resultat.

– Vi har holdt på i fleire år med å diskutere grunnlaget for å i det heile tatt få departementet til å møte oss i forhandlingar. Regjeringa har sagt at om vi seier nei til forslaget, så blir det ikkje lagt fram noko forslag for Stortinget. Det er liten grunn til å tru at regjeringa vil gå inn i nye forhandlingsrundar dersom vi forkastar forslaget. I staten er dessutan pensjonen lovregulert, så vi har ikkje noko moglegheit til å presse departementet tilbake til forhandlingsbordet, seier han, og legg til at staten sparar pengar kvart år levealdersjusteringa verkar, og dermed har få insentiv for å gå tilbake til forhandlingar.

Leirvaag peikar også på at om dagens ordning blir vidareført, vil dei som er fødd i 1965 sitte igjen med ein pensjon på 55 prosent av sluttlønna, og ikkje 66 prosent.

– Det blir eit enda meir dramatisk fall i pensjonsnivået for ein som er fødd i 1985. Det framforhandla resultatet gir monaleg betre pensjon for dei som er fødde etter 1958 og som går av ved pensjonsalder 67 år enn i dagens ordning. Vi når målet om 66 prosent av lønn for store grupper også i åra framover, seier han.

Ti ting du må vite om offentlig tjenestepensjon

Meiner forslaget er omfordelande

Leirvaag peikar også på at det er eit breitt stortingsfleirtal som står bak prinsippa i pensjonsreformen, der levealdersjusteringa er eit viktig element.

– Trass dette har vi fått forhandla fram eit ekstra tillegg til dei som går av tidleg. Vi har ingen signal om at staten og arbeidsgjevarsida har meir å gå på her, seier han.

Leirvaag meiner den nye ordninga inneheld fleire omfordelande element.

– Den nye AFP-ordninga gir opptening etter reglane i folketrygda, altså at all inntekt du har hatt fram til 61 år, opptjening i omsorgspermisjonar, overtid og andre tillegg tel med. Det er likevel eit tak for inntekter over 7,1G, som betyr at dei med dei høgste lønningane får mindre igjen i pensjon, medan dei som har starta tidleg i jobb får meir uttelling. Dei avtalte samordningsreglande gjer også at dei lågast lønte får meir pensjon og ingen endar opp som «0-pensjonistar», seier han.

Kritikk mot ny pensjonsordning: – Jeg blir urolig på vegne av meg selv og ungene mine som blir enda hardere rammet

Til NTL Ungs krav til ny ordning seier Leirvaag at den nye ordninga nettopp er ei brei kollektiv og utjamnande ordning, og at den sikrar langt fleire ein pensjon dei kan leve av enn den gjeldande ordninga.

– Problemet med den gjeldande ordninga er at pensjonsnivået for yngre årskull fell kraftig på grunn av levealdersjusteringa som blei avtalt i 2009. Med den nye ordninga sikrar vi at alle oppnår eit pensjonsnivå på 66 prosent av sluttløn langt tidlegare enn i gamal ordning, og dei fleste får ein pensjon på 66 prosent av sluttlønn ved 67 år, seier han.

Få nyhetsbrevet vårt

• Følg oss på Facebook og Twitter

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om de ansatte i staten og virksomheter med statlig tilknytning.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse