JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lokale lønnsforhandlingar:

Hotelltilsette får lommerusk i lønnstillegg, rasar Fellesforbundet. Stordalen og Thon har ikkje råd, ifølge NHO Reiseliv

Dei store hotellkjedene har gitt lite eller ingenting i lokale lønnsforhandlingar.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

I år fekk Choice-tilsette 15 øre i lokale lønnsforhandlingar. I Scandic og Radisson er resultatet null, viser ei undersøking Magasinet for fagorganiserte har gjort.

– Mi oppleving er at dei har gått frå rein sabotasje til at dei har begynt å gi lommerusk, seier forbundssekretær Clas Delp i Fellesforbundet.

p

Fellesforbundet-medlemmene gjennomførte ein tøff og langvarig streik i 2016, nettopp for kravet om lokale forhandlingar.

Lommerusk

I tariffavtala står det no at det skal vere reelle lokale lønnsforhandlingar og at tilsette skal ha lønn utover minstesatsane i avtala.

Håpet var at det skulle føre til eit lønnsløft i ein av dei mest lågtlønte bransjane i Norge.

Sidan er det gjennomført tre år med lokale forhandlingar. Det første året fekk dei tilsette i dei store hotellkjedene ingenting. I fjor fekk Scandic-tilsette 15 øre meir timen, mens Thon-tilsette fekk 10 øre.

Utbyttefesten

Hotell-konserna går så det susar, drar inn milliardar i inntekter og har driftsresultat på hundrevis av millionar, viser ein gjennomgang Magasinet har gjort.

Eigarane tar ut utbytte i hundremillionarsklassen.

– Det viser at det finst rom for å gi medlemmene våre meir enn lommerusk. Ingen av våre tillitsvalde har gått inn i forhandlingar med skyhøge forventingar, men folk blir forbanna når dei ikkje får noko, seier Delp.

Kan bli streik

Fleire tillitsvalde Magasinet har snakka med, trur det blir streik i det sentrale lønnsoppgjeret til våren for å få gjennom ekstra høge lønnstillegg som tar igjen det som er tapt lokalt.

– Den situasjonen kjedene har skapt, gjer at vi står framfor eit veldig vanskeleg tariffoppgjer til våren. Vi har veldig mange medlemmer som med rette er skuffa fordi dei ikkje har fått ut noko lokalt, seier Delp, ansvarleg for Fellesforbundet sine sentrale lønnsforhandlingar for hotell- og restauranttilsette.

p

Allereie då dei hotelltilsette fekk sitt første lokale nulloppgjer i 2017, oppstod det usemje mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv.

Reelle forhandlingar

Fellesforbundet meinte arbeidsgivarane hadde koordinert forhandlingan, med siktemål om å ikkje gi lokale lønnstillegg. Det vil i så fall vere i strid med tariffavtala sin paragraf om at det skal gjennomførast såkalla reelle forhandlingar.

– For meg er det ingen tvil om at det rundt omkring blir ført skikkelege og reelle forhandlingar, seier Magne Kristensen, NHO Reiseliv sin forhandlingsleiar i tariffoppgjer, som avviser Fellesforbundet sine påstandar om sabotering av dei lokale forhandlingane.

– NHO Reiseliv har rådgitt bedrifter over det ganske land, om at forhandlingar skal gjennomførast, korleis dei skal gjennomførast og at dei skal vere reelle, held han fram.

Ikkje korrekt

– Ein må hugse at det er krevjande å drive hotell i Norge generelt sett. Gjennomsnittleg er driftsmarginane ned mot null, understrekar Kristensen.

– Men dei store hotellkjedene går så det susar og eigarane tar ut store utbytte. Kvifor har dei ikkje pengar til å gi lønnstillegg?

– Tala du refererer til er ikkje korrekte, seier Kristensen og viser til at konserna sine eigne driftsselskap for hotell, i motsetnad til konsernet samla sett, har små driftsmarginar.

Lønnsvekst

NHO Reiseliv er dessutan ueinig i premissen om at hotell- og restauranttilsette har hatt låg lønnsvekst.

– Dei har tvert imot komme godt ut, seier Kristensen og viser til dei sentrale lønnstillegga.

p

Ein ny rapport frå Fafo og UiO viser at tilsette innanfor hotell og restaurant har hatt ein lønnsvekst som er mykje lågare enn andre bransjar. Stemmer ikkje det?

For mykje sentralt

– Om ein ser på personar som jobbar i næringa over tid, så er det eit faktum at enkeltindivida har hatt ein årleg lønnsvekst på fire prosent dei siste åra. Det er høgare lønnsvekst enn snittet, svarer Kristensen.

NHO Reiseliv meiner høge lønnstillegg sentralt, er sjølve grunnen til at dei tilsette får ut såpass lite lokalt.

– Det er problematisk at dei sentrale lønnstillegga blir så høge. Det er vanskeleg å bere for næringa samla sett.

Annonse
Annonse