JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

«Arbeidstakarar frå låginntekstland utnyttast på oppdrag i Noreg»

Er norske oppdragsgjevarar naive andsynes denne forma for akrim? spør Lars Mamen.

Er norske oppdragsgjevarar naive andsynes denne forma for akrim? spør Lars Mamen.

Håvard Sæbø

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Fair Play Bygg har varsla om grovt lønstjuveri hos serbiske underleverandørar som byggjer 5G-nettet i Noreg.

Vanlege kontrollrutinar som skulle avsløre arbeidslivskriminalitet (akrim) fungerte ikkje.

For å avsløre akrim lyt oppdragsgjevarane lytte til arbeidstakarane og forstå metodane for akrim.

Naive nordmenn

Kriminelle i norsk arbeidsliv tener enorm profitt og omsett årleg for opp mot 108 milliardar. Fair Play Bygg motarbeider akrim i byggjenæringa og elektrobransjen.

I 2021 sendte vi 200 saker om akrim til ulike offentlege etatar. Mange av sakene er frå privatmarknaden, men i 37 prosent av sakene er oppdragsgjevaren profesjonelle kundar.

Dette er offentlege og private føretak som burde ha betre system for å avdekke akrim, likevel skjer dette stadig vekk og det dreier seg om store summar.

Lønstjuveri

I dei fleste av desse sakene tapar arbeidstakarane både løn, tryggleik og andre rettar. Mange av sakene vi varslar om er direkte lønstjuveri. Arbeidstakarar blir svindla ved at arbeidsgjevar betaler for færre timar enn ein arbeider, feriepengar og inneståande løn blir ikkje utbetalt ved avslutning av arbeidsforholdet, arbeidsgivar trekk urettmessig i løna for husleige og påståtte feil eller arbeidstakarane får ikkje tenestepensjon. Dette er mykje brukte metodar som bakmenn tener store pengar på.

Vi ser også langt meir alvorlege metodar: Somme arbeidstakarar blir pressa til å betale tilbake delar av løna (pay back), arbeidsgjevar skaffar seg fullmakt til lønskonto eller driv ID-tjuveri og påfører arbeidstakar lån. Les meir om dette i vår årsrapport.

Derfor er det på tide å spørja: Er norske oppdragsgjevarar naive andsynes denne forma for akrim? Har vi effektive metodar for å oppdage og stanse lønstjuveriet? Eller lukkar vi auga, ettersom det ikkje råkar oss, men utanlandske arbeidsfolk?

Mye delt: UDI hemmeligholder navn på useriøs arbeidsgiver

Oppdragsgjevaren har eit ansvar!

Somme hevdar at dette må vera eit ansvar for Politiet og Arbeidstilsynet. Vi er samd i at desse etatane bør prioritere akrim høgare og få fleire midlar og effektive heimlar til å kontrollere, etterforske og straffe akrim-profitørane.

Kundane har likevel eit ansvar fordi akrim er profittmotivert. Pengane kjem frå kundane. Entreprenørar, offentlege og private byggherrar er med på å finansiere kriminaliteten.

Stansar vi pengestraumen, stansar vi kriminaliteten.

Mye lest: Olatz (51) jobbet 700 timer uten å få ekstra betaling

Svindel i telekom

Fair Play Bygg Oslo og omegn fekk i oktober 2021 varsel om mogleg lønstjuveri i Telekom-bransjen frå EL & IT forbundet. Serbiske underentreprenørar har store kontraktar med utbygging av 5G-nettet i Noreg.

Arbeidstakarane på oppdrag i Noreg fekk ferdigutfylte timelister som dei laut underskrive på, 162 timar kvar månad. Men dei arbeidde langt meir enn dette! Både helgar og kveldar. I tillegg var det nokon frå arbeidsgivaren som forsynte seg av lønskontoen. Cirka 30 prosent av løna vart borte. Lønstrekket vart ikkje innbetalt som forskotsskatt ettersom arbeidstakarane fekk store krav frå Skatteetaten. I tillegg betalte dei skatt til Serbia.

Korleis kunne dette skje rett under nesa på oppdragsgjevarar som Telenor og Telia? Grovt underbetalte serbiske arbeidstakarar har i årevis bygd ut viktig norsk infrastruktur. Vi samla inn dokumentasjon, blant anna kontoutskrifter som vise at personar frå arbeidsgivar hadde forsynt seg av lønskontoen. Deretter varsla vi Skatteetaten og Arbeidstilsynet. Vi tok også kontakt med dei norske entreprenørane og eigarane av 5G-nettet. Dei vart sjokkert, men tok varselet alvorleg og byrja på ei omfattande gransking av saka.

Som følgje av vårt varsel er lønstjuveriet stansa. Oppdragsgjevar og entreprenøren kravde digital timeregistrering og at løna vert korrekt i høve til minsteløn for elektrobransjen. Delar av skattekrava mot arbeidstakarane er tilbakebetalt frå arbeidsgjevar. Likevel har arbeidstakarane framleis store lønskrav mot arbeidsgjevaren. LO har tatt på seg å representere arbeidstakarane og bistår dei juridisk.

Som følgje av varselet frå Fair Play Bygg er kontrakten med ein av dei serbiske underentreprenørane no avslutta. Men kven skal betale lønskrava dersom desse leverandørane ikkje får fleire oppdrag i Noreg og er det sannsynleg at arbeidstakarane får løna si heime i Serbia?

Saka viser at det er stor risiko for akrim ved å kontrahere underleverandørar frå låginntektsland som er prega av korrupsjon. Desse underleverandørane vart kontrollert, utan at dagens kontrollmetoder klarte å avdekke fabrikkert dokumentasjon, falske timelister og ulovlege lønstrekk. Fair Play Bygg har få ressursar, men har oppnådd tillit hos arbeidstakarar, bedrifter, fagforeiningar og bransjeorganisasjonar. Denne tilliten gjer at vi plukkar opp informasjon som er viktig for å avdekke og stanse akrim.

Det er på tide at næringslivet taklar risikoen med akrim betre og utviklar metodar som kan avsløre svindel. Akrim-profitørane skjuler seg bak blanke fasadar, pene kontor og kvite snippar. Og dei tener store pengar på naive nordmenn.

Fått med deg denne? Kriminelle tok over Elkjøp-jobben til Marius

Warning
Annonse
Annonse