JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kronikk

Når alle ikkje skal med likevel

Frivillige ved Fattighuset i Oslo deler ut poser med mat til de som trenger det.

Frivillige ved Fattighuset i Oslo deler ut poser med mat til de som trenger det.

Emilie Holtet / NTB

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no

Saken oppsummert

Forslaget om låge særordningar for innvandrarar og flyktningar vil kunne gi oss ei god bunke med nye problem.

Regjeringa har føreslått ei heilt ny ordning for innvandrarar og flyktningar.

Dei skal ikkje lenger få tilgang på vanlege velferdsordningar, som bustønad og sosialhjelp, men ha sine eigne og lågare ordningar, for å bli motiverte til å jobbe.

Dette er eit steg i retning av ein annan velferdsstat enn den vi er vant med – færre universelle ordningar, meir særordningar for enkeltgrupper.

Det er ingen tvil om at det også vil gjere det vanskelegare, og sikkert mindre attraktivt, å kome til Noreg. Men det vil også gjere samfunnet mindre hyggeleg for alle som allereie bur her.

Dette forslaget vil kunne fungere som ein boomerang – i forsøk på å løyse eitt problem vil kunne få ei rekke andre dyre utfordringar i retur. Kvart tiande barn i landet er allereie fattige, i følgje dei siste tala frå SSB. No vil nok det talet gå opp framover.

Flyktningar som kjem til Noreg har allereie ei rekke utfordringar – tunge og traumatiske erfaringar frå krig, brot med heimstad og nettverk og bratt læringskurve med nytt språk og ny kultur.

Fattigdom vil legge stein til den byrden, og det vil kunne gjere vegen inn i arbeidslivet lenger. I alle fall vegen til den seriøse delen av arbeidslivet.

For når store grupper er i eit kvalifiseringsløp for språk og arbeid som har så lite pengar at det er vanskeleg å dekke grunnleggande utgifter, kan det fort friste å hoppe av det kvalifiseringsløpet.

Dei som rekrutterer til useriøse delar av arbeidslivet vil få ei langt større gruppe menneske å plukke frå, som vil kunne vere sårbare for utnytting.

Eit anna poeng er at fattigdom er dårleg for folks helse. Når vi manglar pengar til å dekke heilt grunnleggande behov påverkar det både hjernen og resten av kroppen. Og det finst forsking som viser kor skadeleg økonomisk stress er for oss.

I samfunnsfag er det sjeldan ein klarer å identifisere kausalitet, men forskarar har altså funne kausalitet her – økonomisk stress hos foreldre går ut over kapasiteten til å gi god omsorg.

Når politikarar vel å føre ein politikk som gir vaksne stram økonomi, må dei altså ha med seg at dette ikkje berre har negative konsekvensar for dei det gjeld, men også for barna deira, som ikkje har valt kva familie dei skulle bli fødd inn i.

Vi veit at barn som veks opp i fattige familiar er mindre med på fritidsaktivitetar enn andre barn, har større sjanse for psykiske og fysiske helseplagar, har større sjanse for å henge etter på skulen og stiller med eit vanskelegare utgangspunkt for å kome inn i arbeidslivet som vaksne.

Så sjølv om ein skulle tenkje i eit reint samfunnsøkonomisk perspektiv, er dette uklok politikk, for det vil kunne gi høge rekningar til fellesskapet på lengre sikt.

Matkøane hos friviljuge utdelingssentralar, som vi ikkje hadde mykje av før pandemien, men som FAFO no seier har etablert seg som ein fast del av velferdsstaten Noreg, vil nok også bli lengre. 

Veksten i sosialhjelp vil ikkje fortsetje, fordi store grupper mistar retten til denne ordninga, men i staden vil kommunane ha ein haug med fattige innbyggarar, og få verktøy å hjelpe dei med.

Det vil nok gjere det vanskelegare å få kommunar til å seie ja til å busette flyktningar, når verktøykassa for å legge til rette for god integrering er tommare.

Innvandrarar og flyktningar som til no har fått bustønad og sosialhjelp, har så langt fått dette etter å ha sendt inn søknader og dokumentert behovet for ekstra hjelp. Dei behova, anten det er til husleige, vintersko eller bursdagskake til 4-åringen, vil ikkje bli mindre no.

Men då vil det måtte vere andre enn velferdsstaten som må stiller opp. Men det vil også bli meir sårbare busituasjonar og fleire barn som ikkje får dekka sine heilt grunnleggande behov.

Vi vil også kunne få meir ghetto-tendensar, fordi folk med lite pengar samlar seg der dei har råd til å bu, mens dei som har råd flyttar bort.

Vibeke Ottesen, drapsforskar ved Universitetet i Oslo, sa uttalte 4. februar kva ho meiner dette kan føre til:

«Får ein større grupper av sosiale minoritetar som har slike opplevingar knytt til barnefattigdom, vil det kunne på sikt auka kriminaliteten, også drap», sa ho.

Hadde denne spalta vore lenger, kunne eg ha lagt til fleire bekymringar. Men i det lange løp er dette eit spørsmål om kva slags samfunnsmodell vi vil ha.

Skal vi ha ein velferdsstat for nokon, og langt dårlegare ordningar for andre?

Eg trur at vi alle vil måtte betale prisen for at det for enkelte no blir kutta hol i tryggingsnettet som eigentleg skulle vere der for oss alle saman. For vi lever alle i det same samfunnet.

Warning