JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Debatt

Politikk er ikkje berre pengar, men også ord

Det er rart at ikkje Tonje Brenna har vore meir ute for å korrigere inntrykket ho har skapt. Moralisme fjernar ikkje fattigdom. Men det kan gi skam, skriv Trine Østereng.

Det er rart at ikkje Tonje Brenna har vore meir ute for å korrigere inntrykket ho har skapt. Moralisme fjernar ikkje fattigdom. Men det kan gi skam, skriv Trine Østereng.

Håvard Sæbø

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Folk i matkø fortener betre enn at det blir stilt spørsmål ved om dei eigentleg treng å stå i den køen.

Dette tenkte eg på då eg las Tonje Brennas sitat førre veke.

Ho spurde om dei som står i matkø verkeleg treng maten, eller om dei eigentleg har hatt pengar og brukt dei på andre ting.

Eg trur vi er mange som synst det er eit rart spørsmål å stille, når du er arbeids- og sosialminister i dyrtid.

Det er ikkje berre mat som skal betalast for. Husleige, renter, bensin, barnesko, turnkontingent og straum har også blitt dyrare for dei aller fleste det siste året. Alt dette burde vere heilt legitime ting å bruke pengar på.

Eg veit ikkje kva Brenna tenkte då ho sa dette, men oppfatninga der ute blir fort at ho ikkje har empati med dei som slit mest akkurat no.

Talet på dei som slit økonomisk er større enn på lenge. Langt inn på høgresida i norsk politikk er det no ei etablert sanning at det er tøffare tider for mange, og at dette treng politiske svar.

Då er det rart å så tvil om dei som står i matkø eigentleg «må» stå der, eller om dei gjer det fordi dei «kan».

Å stille seg opp i matkø er allereie vanskeleg for mange, ved at ein må stille seg fysisk opp og vise i eit gatebilete at ein treng hjelp for å dekke heilt grunnleggande behov.

Aktuelt: Thorbjørn Berntsen blir fysisk syk av å se matkøene vokse

Ein av grunnane til at fattigdom er skadeleg, utover at det openbart er eit stort problem å mangle det mest vesentlege, er at det gir skam og stress. Dette gir også direkte fysiske utslag i kroppen, i form av auka langvarig stressnivå.

Det finst ei rekke forsøk utført av psykologar som viser korleis kroppen reagerer på det å ha mindre enn det som er vanleg i ei gruppe. Då pumpar kroppen ut stresshormon, og det er ikkje bra å gå rundt med i lengda. Langvarig negativt stress gir dårleg helse.

Skam og stress som følger med å ha lite pengar er ein dimensjon ved fattigdom vi snakkar lite om, men som politikarar bør kjenne til.

Den offentlege samtalen om kven som har lite, og kvifor dei har det, er med på å forme korleis det er å vere i den situasjonen.

Denne runden blir nok verre fordi den kjem etter at Brenna også var ute og understreka at folk på stønader må stå opp morgonen.

Debatt: Brenna liker slagordet om at det skal lønne seg å jobbe. Hun er i dårlig selskap

Det er ikkje tilfeldig at det i etterkant har blitt sterke reaksjonar. Folk har delt bilete og historier i alle slags kanalar om sine kvardagar på uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar.

Dei fortel om at dei har stått opp tidleg for å dra på medisinsk behandling eller vore oppe heile natta fordi sjukdom gjer det vanskeleg for dei å sove.

Mange føler seg snakka ned. Desse reaksjonane kjem ikkje ut av det blå, men fordi folk blir urolege av retorikken.

Debatt: Jeg skulle ønske politikerne brukte litt mer tid på å tenke over hvordan de prater om trygdesøkere

Om dette ikkje var meininga, er det rart at ikkje Brenna har vore meir ute for å korrigere inntrykket ho har skapt.

Men verken når det gjaldt så stå opp om morgonen, eller når det gjeld matkøar, har ho i etterkant klart å skape ro og tryggleik hos mange av dei det gjeld.

I helga kom ein budsjettavtale med SV som ga meir til mange med lite. Det vil hjelpe på situasjonen for dei som slit mest med rekningar no.

Å flytte pengar er det viktigaste politikarar gjer, og her var budsjettforliket eit stort skritt i riktig retning.

Men når ein ser på kva Ap deler på Facebook som «10 gode saker fra statsbudsjettet 2024», er det litt pussig at nesten alle punkta på lista kom som initiativ frå SV, og ikkje låg inne i Aps opphavelege budsjett.

Alt dette skjer dessutan samtidig som det framstår som eit parallelt retorisk skifte i Ap.

No skal dei «vise at Arbeiderpartiet er på lag med bedriftseierne, næringslivet – de som skaper det som senere skal fordeles» og heie på gründerar «på samme måte som vi heier på våre nasjonale idrettshelter».

Spørsmålet eg veit mange stiller seg er kva slags politiske konsekvensar dette har framover?

For dette laget som Ap no har erklært at dei skal vere ein del av består også av mange av dei som jobbar mest aktivt mot omfordelande skattar her i landet.

Og samtidig aukar forskjellane i Noreg. I 2023 har vi over 400 milliardærar her i landet. For tjue år sidan var det same talet 48. I same periode har talet på barn i fattige familiar tredobla seg.

Då er det rart at Arbeiderpartiet no har klart å lage eit etterlatt inntrykk av at dei skal «snakke fint om dei rike og stygt om dei fattige», som Jens Kihl, kulturredaktør i BT, spissformulerte det på Twitter.

Om Brennas mål med desse sakene er å legge meir til rette for arbeid for dei som vil og kan jobbe, og å vite meir om kven som står i matkø for å kunne hjelpe dei bedre, er det intensjonar mange vil kunne dele.

Men då er det mykje å tene på å ordlegge seg annleis og rydde opp raskare dersom det viser seg at ho trår feil i avisintervju.

Vi treng alle velferdsstaten i ulike fasar av livet, enten vi går i barnehage, får foreldrepengar, er i eldreomsorga eller treng økonomisk støtte frå Nav i ein vanskeleg periode.

Vi er mange som kjenner folk rundt oss som lever av stønader frå Nav. Det rare i denne debatten er at det aller meste av velferdsstaten vår ikkje er knytt til sosiale tabu eller skam.

Det er ingen som rynker på nasen over at mange har rause foreldrepermisjonsordningar og har månad etter månad med budsjett til kafé og kanelbollar, på statens rekning.

Men når det gjeld gruppa med minst, som sosialhjelpsmottakarar, er det krav om at dei må dokumentere alle sine utgifter og kan få etterbetalingskrav frå Nav om dei får pengegåver til jul.

Aukande matkøar er eit kollektivt problem på samfunnsnivå. Då må køen bli kortare ved at vi finn løysingar i fellesskap, ikkje ved at vi hever peikefingeren og spørje om kvar einaste ein i køen eigentleg er verdig ein plass der.

For det spørsmålet blir oppfatta av mange av oss som moralisme mot dei som har minst.

Og moralisme fjernar ikkje fattigdom. Men det kan gi skam.

Dette innlegget ble først publisert hos Agenda Magasin

Warning
Annonse
Annonse