Tatt av tilsyn
Blei milliardærar på barnehage. No kan dei få kjempekrav
Eigarane selde barnehagebygg for 4,25 milliardar og flytta formuen til Sveits. Etter kontroll meiner staten at pengar som skulle ha gått til barn har hamna på avvege.
Læringsverkstedet er eigd av ekteparet Randi og Hans Jacob Sundby.
Foto: Anders Wiklund/ / TT / kod 10040
oystein.windstad@fagbladet.no
Læringsverkstedet driv 260 barnehagar og er den største kjeda i landet. Læringsverkstedet er eigd av ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby.
Dei selde barnehagebygga til det svenske selskapet SBB for 4,25 milliardar kroner i 2020. Etter salet sat ekteparet igjen med ein formue på 1,25 milliardar kroner. I 2022 flytta dei til Sveits.
Barnehagebygga vart seinare selt igjen: Det kanadiske oppkjøpsfondet Brookfield eig no bygga 300 norske barnehagar.
Tilsyn etter varsling
No meiner Utdanningsdirektoratet og deira barnehagetilsyn at det har skjedd feil i prosessen då dei over 200 barnehagebygga gjekk frå å vere eigd av Sundby-ekteparet til det svenske selskapet.
Tilsynet starta ein kontroll med tre Læringsverkstedet-barnehagar etter eit varsel om at prisen på bygga hadde blitt sett kunstig høg og at leia også var for høg.
Læringsverkstedet avviste dette og meinte handelen var innanfor.
HEIT POTET: Eigedomane som barnehageselskapet Læringsverkstedet driv i, har vorte eit investeringsobjekt for storkapitalen.
Leif Martin Kirknes
Krev millionar betalt tilbake
No er den førebelse tilsynsrapporten klar. Tilsynet varslar 12. januar at dei vurderer å krevje at Læringsverkstedet betalar tilbake over 37 millionar kroner.
Dei har sett på Læringsverkstedet Forus barnehage i Stavanger. For denne barnehagen krev tilsynet betalt tilbake 16.326.157 kroner. Tilsynet såg på Læringsverkstedet Kristiansund idrettsbarnehage. Her krev dei tilbake 15.323.874 kr. Tilsynet kontrollerte også Læringsverkstedet Hellemyr Solkollen barnehage i Kristiansand. Her kom kravet på kr 5.935.940 kr.
Bakgrunnen for dei ulike krava er ei vurdering av verdien av eigedomane barnehagane ligg på, opp mot den bokførte verdien som vart lagt til grunn i salet. Den endelege kravsummen kan bli justert basert på tilbakemeldinga Læringsverkstedet kjem med før 12. februar.
– Ville utgjort betydeleg forskjell for barna
Håkon Holmen er leiar for Utdanningsdirektoratet sitt tilsyn med barnehagar.
Han skriv i ein epost til Fagbladet at tilsynet er førebels og at Læringsverkstedet skal svare på varsla om tilbakebetaling.
Slik det ser ut for tilsynet no, meiner dei at pengar som skulle ha gått til barnehagebarn, har gått andre stadar:
– Vår førebelse vurdering er at barnehagen har inngått avtalar med nærståande som ikkje ville ha vore inngått med ein uavhengig part. Vi meiner at om desse midla hadde blitt brukt på godkjent barnehagedrift, hadde det utgjort ein betydeleg forskjell for barna i barnehagen, skriv Holmen på epost.
Han skriv vidare at tilsynet ikkje har sett på lån eller leigenivå spesifikt, noko som låg til grunn for varselet frå investeringsselskapet Viceroy. Det tilsynet har sett på, er «korleis barnehagane økonomisk kom ut av ei utfisjonering av barnehageeigedommar».
Utfisjonering av eigedom er regna som ein effektiv måte å overføre bygg frå eit selskap til eit anna. Utfisjonering kan også gje mindre skatt ved sal eller overføring av eigedom.
Læringsverkstedet: – Har ikkje brote lover
Læringsverkstedet har frist til 12. februar for å kome med svar til tilsynet.
Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet, avviser på epost at det har skjedd noko ulovleg.
– Korleis stiller Læringsverkstedet seg til tilsyna og krava om tilbakebetaling?
– Tilsyna det blir referert til er eit pågåande tilsyn og rapporten frå Utdanningsdirektoratet er førebels. Ein endeleg konklusjon er ikkje fatta i saka. Tilsynet gjeld ei selskapsmessig omorganisering gjennomført i 2020. Omorganiseringa er i gjennomført i tråd med aksjelova, skattelova og regnskapslova. Men Utdanningsdirektoratet meiner at barnehagelova også regulerer slike omorganiseringar. Læringsverkstedet er heilt ueinige i at barnehagelova har eigne reglar for selskapsmessige omorganiseringer og meiner den førebelse konklusjonen i rapporten er feil, skriv Sydtangen.
Avviser at eigedomane er prisa feil
Den daglege leiaren avviser at det er brukt feil verdiar:
– Læringsverkstedet har gjennomført fisjonen i tråd med alle relevante reglar for fisjon. Det er innhenta ekstern verdsetting og bytteforholdet i fisjonen er basert på verkeleg verdi. Det er inga underprising av eigedommane og eigenkapitalen i barnehagane er i behald. Læringsverkstedet vil kome med sine kommentarar til den førebelse tilsynsrapporten frå Utdanningsdirektoratet for å kaste vidare lys på saka, skriv Sydtangen i Læringsverkstedet.
Tilsynet har sett på tre av til saman 260 barnehagar kor bygga dei driv i blei kjøpt opp av svenske SBB (SBB selde som tidlegare nemnt hausten 2023 eigedomane til kanadiske Brookfield).
Tilsynet skriv at det kan bli aktuelt å sjå på fleire av barnehagane. Fleire kjeder har gjort som Læringsverkstedet og selt bygga til utanlandske eigarar.
Dette er kjedene som har selt barnehagebygg til utanlandske eigarar:
Læringsverkstedet:
• Eigd og etablert av ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby i 2003.
• Omfattar over 240 barnehagar. Mange av dei har komme til gjennom oppkjøp av små kjeder og enkeltståande barnehagar.
• Omset for rundt tre milliardar i året.
• Har drive med mellom åtte og tolv prosent driftsmargin 2014–2018.
• Hadde resultat på over 100 millionar kroner i 2017.
• Selde 138 barnehageeigedomar til SBB sommaren 2020, for 4,25 milliardar kroner. Hausten 2023 vart eigedomane kjøpt opp av kanadiske Brookfield.
• Årleg husleige frå barnehagane til eigaren av eigedomane vil vere 251,4 millionar kroner.
• Konsernet hadde sommaren 2020 fem milliardar kroner i gjeld, blant anna i form av eit obligasjonslån på 1,5 milliardar kroner.
Fus/Trygge Barnehager:
• Ekteparet Eli Sævareid og Sigurd Aase eig barnehagekjeda Fus gjennom selskapet Trygge Barnehager AS, som også har bygget barnehagar for andre aktørar. Fus blei etablert i 2001.
• Fus-kjeda omfattar rundt 180 barnehagar. Mange har komme til gjennom oppkjøp av små kjeder og enkeltståande barnehagar.
• Har drevet med driftsmarginer på mellom åtte og elleve prosent i perioden 2014–2018.
• Over fleire år er over 900 millionar kroner ført ut av barnehageverksemda og oppover i konsernet, der pengane er investert i næringsverksemd. Blant anna er det gjort betydelege investeringar i oljeverksemd.
• Selde 142 barnehageeiendommer til SBB i desember 2021 for 4,6 milliardar kroner. Hausten 2023 vart eigedomane kjøpt opp av kanadiske Brookfield.
• Årleg husleige til eigedomsselskapet vil vere 262 millionar kroner.
Espira:
• Omfatter i dag over 100 barnehagar.
• Etablert under namnet Barnebygg-gruppa av Einar Magne Jansen.
• Jansen selde deler av konsernet til oppkjøpsfondet CapMan i 2009.
• Jansen beheldt 46 barnehagebygg som han leide ut til Espira gjennom selskapet Service Property AS. Husleigene var for fleire barnehagar så høge at de drev barnehagane til konkursens rand.
• Jansen selde de 46 barnehagebyggene til Adolfsen-brørnes Pioneer Public Properties i 2014.
• Omtrent på same tid selde CapMan selskapet til det svenske selskapet Academedia, eid av oppkjøpsfondet EQT.
• Academedia skilte ut ti barnehagebygg som følgde med, og selde dei til det svenske selskapet Hemfosa Fastigheter, som igjen blei kjøpt av SBB i 2019. Hausten 2023 vart SBBs skule- og barnehageeigedomar kjøpt opp av kanadiske Brookfield.
Norlandia:
• Omfatter i dag rundt 50 barnehagar.
• Etablert av Kristian og Roger Adolfsen, Benn Eidissen og Helge Carlsen.
• Benn Eidissen og Helge Carlsen selde seg ut av konsernet i 2016 for 500 millionar kroner.
• I 2019 selde Adolfsen-brørne 170 barnehage-eigedommar i Norge, Sverige og Finland til det australske pensjonsfondet Whitehelm Capital for 2,7 milliardar kroner.
Kidsa:
• Omfatter i dag 27 barnehagar i Bergen.
• Kidsa-barnehagane blei etablert av Stiftelsen husmødrenes barnehagar i Bergen, som seinare fekk namnet Vappus.
• Eigedomsutviklar Tore Andersen tok over Vappus-barnehagane og slo kjeda saman med sin egen, Regnbuen barnehagar, under namnet Kidsa barnehagar.
• I 2015 kjøpte Adolfsen-brørne, Benn Eidissen og Helge Carlsen Kidsa-barnehagane gjennom selskapet sitt Kidprop AS.
Gneiste:
• Omfatter 17 barnehagar i Møre og Romsdal, Trøndelag og Hordaland.
• Etablert av ekteparet Grønmyr, som i 2018 selde 80 prosent av aksjane til det svenske oppkjøpsfondet Altor for 382 millionar kroner. Ifølge DN blei 356 millionar kroner bokført som gevinst.
• I perioden 2007 til 2017 tok ekteparet Grønmyr ut utbytter på til saman 54,2 millionar kroner frå konsernet.
• Drev med ein driftsmargin på mellom 11 og 14 prosent i perioden 2014–2018.
• I 2019 vedtok Trondheim kommune varig stenging av Gnist Trøa, fordi kommunen meinte drifta av barnehagen var uforsvarleg og at det hadde gått føre seg pedagogisk svikt over tid.
• I juni 2021 vedtok Trondheim kommune å kjøpe Gnist Trøa for 46,13 millionar kroner.
• I september 2021 blei det kjent at Norlandia har inngått avtale med Altor og ekteparet Grønmyr om å kjøpe Gnist-barnehagane.
Ulna:
• Driver rundt 20 barnehagar i Norge.
• Etablert av Trond Ingvaldsen og Geir Hartmann som eigde 50 prosent kvar gjennom selskapet Fem T.
• I 2018 selde Fem T Ulna-kjeda til det svenske selskapet Atvexa AB for 225,9 millionar kroner. Barnehageigedomene inngjekk ikkje i salet.
Barnehagenett:
• Paraply for 14 barnehagar med PBLs styreleiar Eirik Husby på eigarsida.
• 11 av barnehagane eigast av Borg barnehagar AS og to av dei av Økernly barnehagedrift AS.