26 prosent av svenske LO-medlemmer stemte på Sverigedemokraterna
Sverigedemokraterna går kraftig fram blant LO-medlemmene, men Socialdemokraterna er framleis størst blant svenske fagorganiserte.
Partileiar Jimmie Åkesson i Sverigedemokraterna kan juble over kraftig framgang blant LO-medlemmer.
CC BY 2.0 News Oresund
Saken oppsummert
tormod@lomedia.no
Valdagsundersøkinga til den svenske SVT viser at 1 av 4 LO-medlemmer valde Sverigedemokraterna.
Det er ein auke med 15 prosent sidan valundersøkinga i 2014, og partiet blir dermed nest største parti blant LO-medlemmene.
Talene stemmer dermed godt med undersøkinga SCB gjennomførte i mai.
• 300.000 stemmer kan avgjøre hele det svenske valget
Aukande forskjellar og flyktningkrise
– Eg trur det folk er oppgitte misnøgde med aukande forskjellar i samfunnet. Det er noko som har vakse fram etter finanskrisa då det vart gjort store kutt i velferden, seier leiar Marie Nilsson i LO-forbundet IF Metall (tilsvarande norske Fellesforbundet) til Arbetet.
– Eg møter mange medlemmer og når ein kjenner at ressursane ikkje strekk til, då finst det også grobotn for å gå til andre parti for vise misnøya si, seier leiar Tobias Baudin i forbundet Kommunal (tilsvarande norske Fagforbundet) til avisa.
Då FriFagbevegelse før valet spurde LO kvifor partiet gjer det så godt blant medlemmene, peika rådgivar Johan Ulvenlöv på flyktningkrisa:
– Flyktningkrisa har fått mange til å lure på korleis vi skal klare velferden. Derimot betyr ikkje det at dei meiner Sverigedemokraterna sin arbeidslivspolitikk er å føretrekke. Men akkurat no har flyktningpolitikken vore viktigare.
• Sp-vekst også i Sverige – men framgangen til SD er malurt i begeret
Socialdemokraterna størst blant fagorganiserte
Tal Arbetet har henta inn frå SVT viser at Arbeidarpartiets søsterparti, Socialdemokraterna, vart størst hos alle dei tre svenske hovudorganisasjonane.
38 prosent stemte på sosialdemokratane i LO, 30 prosent i TCO og 23,5 prosent i Saco.
Tilsvarande tal for Sverigedemokraterna er høvesvis 26 prosent (nest største parti), 14 prosent (tredje største parti) og 10 prosent (femte største parti).
Les også:
• Lysbakken vender tommelen opp for svenske SV og beste resultat på tjue år
• Valget i Sverige: Små marginer mellom blokkene
• AUF rocker over hele Stockholm
• Forbundsleder møtte sitt store forbilde i den svenske valgkampinnspurten
• Löfven fikk kompishjelp av Jonas i den svenske valgkampinnspurten


Nå: 0 stillingsannonser