Éin million amerikanarar jobbar i utskjelte Amazon. No skal USAs største fagforbund organisere dei
Det mektige forbundet Teamsters legg alle kreftene sine inn i å fagorganisere Amazon-tilsette. Mykje tyder på at fagrørsla i USA kan lykkast denne gongen.
Teamsters-medlemmer i Los Angeles, California, markerte i mars støtte til kravet om tariffavtale på eit Amazon-varehus i Alabama.
Reuters / NTB
tormod@lomedia.no
På kongressen til Teamsters (IBT) i slutten av juni, vedtok delegatane nærmast einstemmig ei landsdekkande mobiliserings- og organiserings-kampanje i Amazon. Netthandel-selskapet som har hatt eksplosiv vekst under koronapandemien, er utskjelt for fagforeiningsknusing og dårlege arbeidsvilkår.
– For Teamsters og fagrørsla som heilskap, utgjer Amazon ein eksistensiell trussel mot rettane og standarden medlemmene våre har kjempa for og vunne fram, sa Randy Korgan i forbundet.
Amazon er den nest største arbeidsgivaren i privat sektor i USA, og nye tal viser at heile éin million amerikanarar jobbar i selskapet. Hovudeigaren er verdas rikaste mann, Jeff Bezos.
Les også: Amazon-ansatte i USA kan juble: Får etterbetalt millionbeløp
Topp prioritert
Å bygge arbeidarmakt og hjelpe til med å få på plass tariffavtaler i Amazon er prioritert på toppen av lista, heiter det i resolusjonen til Teamsters. Forbundet skal fullfinansiere og hjelpe til med nødvendige ressursar for å nå målet. Ei eiga avdeling skal jobbe med «Amazon-prosjektet».
Ein del av strategien skal vere streikar på enkelte arbeidsplassar, i heile byar og aksjonar i gatene. Teamsters er kjent for gjennomslagskrafta si. I 1997 lamma dei transportselskapet UPS, då dei streika seg frå 20.000 lågtlønte deltidsjobbar til 10.000 høgare lønte fulltidsjobbar.
Forbundet er også det største i amerikansk privat sektor, med sine 1,4 millionar medlemmer. Dei sentrale yrkesgruppene i forbundet er nettopp sjåførar, varehus- og andre logistikk-arbeidarar.
– På skuldrene av stolte arbeidsfolk som har bygd forbundet vårt i over hundre år, skal Teamsters bygge arbeidar- og samfunnsmakta som er nødvendig for å utfordre eit av dei mektigaste selskapa i verda, og vinne, sa Korgan.
Ingen forsøk på fagorganisering og tariffavtale har vore vellukka i den 26 år lange levetida til Amazon. Forsøka har derimot blitt mykje omtalt det siste året.
Les også: Amazon har drevet et skittent spill, mener amerikansk LO etter tap i historisk avstemning
Etterfølger nederlag
Fagrørsla gjekk på eit nederlag då forbundet RWDSU i april prøvde å krevje tariffavtale på eit varehus i delstaten Alabama. Etter ei kampanje frå arbeidsgivaren, stemte eit fleirtal av dei Amazon-tilsette ned kravet. Ein føderal etat vurderer no å beordre ny avstemming fordi selskapet kan ha påverka resultatet på ulovleg vis.
I New York prøver Chris Smalls – som vart sagt opp etter å ha leia tilsette-protestar mot dårleg smittevern under koronaen – å organisere tilsette gjennom den nystarta fagforeininga Amazon Labour Union.
Teamsters har likevel noko desse initiativa ikkje har, påpeikar amerikansk presse: store ressursar, i form av medlemmer og pengar; langvarige erfaringar når det gjeld å organisere sjåførar og tilsette i varehus; og ein plan om å organisere på tvers av landet, i staden for på eitt enkelt varehus.
Eit sånt press har ikkje Amazon opplevd før.
Les mer om Amazon:
Nå kommer verdensgiganten Amazon til Norden
Europeisk fagbevegelse krever at EU gransker Amazon etter anklager om spionering på fagorganiserte
Amazon-ansatte saksøker nettgiganten for manglende smitteverntiltak
Han er verdens rikeste mann. Selskapet hans betalte null i skatt
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.