JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnstjuveri

Emil har meldt arbeidsgivaren til politiet og bytta bransje: – Eg har fått nok

Da Emil Paulsen Stenkløv skulle melde den tidlegare arbeidsgivaren til politiet, vart han forsøkt avvist. – Bekymringsverdig, seier fagforeiningsleiar.
GIR SEG IKKJE: – For pengane skal eg ha, seier Stenkløv om lønna han hevdar arbeidsgivaren har stole.

GIR SEG IKKJE: – For pengane skal eg ha, seier Stenkløv om lønna han hevdar arbeidsgivaren har stole.

Ole Martin Wold

tormod@lomedia.no

magasinet@lomedia.no

Emil Paulsen Stenkløv fekk ikkje utbetalt lønn og overtidsbetaling for juni etter at han slutta i jobben i juli, hevdar han.

Med hjelp frå fagforeininga, sende han i juli lønnskrav til arbeidsgivaren Total Teknisk AS som han ikkje fekk svar på. Stenkløv har foreløpig berekna kravet til i underkant av 60.000 kroner.

– Det har vore tidkrevjande og tar mykje fokus bort frå alt anna. Det ligg i bakhovudet heile tida og har vore litt utmattande. Men eg klarer fint å stå i det, for pengane skal eg ha, seier Stenkløv – som har fått seg ny jobb i psykiatrien samtidig som han tar deltidsstudie for å bli sjukepleiar.

– Eg har fått nok eigentleg, seier 30-åringen om tida som røyrleggar i byggebransjen.

I august klaga han så inn saka til forliksrådet i Trondheim der partane skal møtest i slutten av november. Forliksrådet er den lågaste domstolen i Norge. Den behandlar berre sivile saker som ikkje er straffbare.

I september meldte Stenkløv også arbeidsgivaren til politiet for lønnstjuveri, etter ei splitter ny lovparagraf i straffelova. Den slår fast at arbeidsgivarar kan få bøter og fengselsstraff for lønnstjuveri.

POLITIMELDING: I september meldte Emil arbeidsgivaren til politiet for lønnstjuveri, etter ei splitter ny lovparagraf i straffelova.

POLITIMELDING: I september meldte Emil arbeidsgivaren til politiet for lønnstjuveri, etter ei splitter ny lovparagraf i straffelova.

Ole Martin Wold

Magasinet har sett lønnskravet, forliksklaga, svaret på forliksklaga og politimeldinga. Vi har lagt fram påstandane frå Stenkløv for dagleg leiar og hovudeigar Sigmund Haavi i Total Teknisk AS.

– Det er uklart for meg kva den manglande lønna er for noko. Vi skal betale lønna han har krav på, men vi kan ikkje betale når vi ikkje veit at lønna er riktig, er det han vil seie om saka.

Mye lest: 150 asfaltarbeidere mister jobben: – Voksne menn blir som barn. Vi er fortvilte og redde

Forsøkt avvist av politiet

På Trondheim sentrum politistasjon vart politimeldinga først avvist. Politiet bad Stenkløv ta saka gjennom forliksrådet. Det fortel Stenkløv og fagforeiningsleiar Ørjan Antonsen som var med for å levere meldinga.

Til slutt fekk han likevel levert politimeldinga etter at Stenkløv og Antonsen hadde forklart den nye lovparagrafen om lønnstjuveri.

– Bekymringsverdig, seier Antonsen i Fellesforbundet avdeling 762 Rørleggernes forening.

– Det er problematisk når vi skal melde om lønnstjuveri og får beskjed om å snu i døra. Det kan vere andre saker der folk ikkje har fått lov til å levere politimelding, seier Antonsen.

Også to andre personar prøvde i september å politimelde ein tidlegare arbeidsgivar for lønnstjuveri, hevdar Vidar Sagmyr i Byggebransjens Uropatrulje – eit samarbeid mot arbeidslivskriminalitet i bransjen.

Men Heimdal politistasjon i Trondheim ville ikkje ta imot meldinga. Politiet påstod at forholdet ikkje var straffbart og viste til forliksrådet.

Også Lars Mamen i Fair Play Bygg i Oslo fortel overfor Nettverk, medlemsbladet til EL og IT Forbundet, at han har opplevd at politiet avviste ei melding om lønnstjuveri.

– Eg trur politiet må ta nokre interne rundar på kva lova handlar om, seier Sagmyr.

Sjå svaret frå Trøndelag politidistrikt nedst i saka.

SNU I DØRA: Politiet bad Stenkløv gå til forliksrådet da han skulle politimelde arbeidsgivaren. Det fortel fagforeiningsleiar Antonsen og Fellesforbundet-medlemmen.

SNU I DØRA: Politiet bad Stenkløv gå til forliksrådet da han skulle politimelde arbeidsgivaren. Det fortel fagforeiningsleiar Antonsen og Fellesforbundet-medlemmen.

Ole Martin Wold

Ny lov mot lønnstjuveri

Dei nye lovparagrafane om lønnstjuveri vart innført 1. januar i år. Lønnstjuveri er no tatt inn i straffelova og kan etter paragraf 395 straffast med bot eller fengsel inntil to år. Grovt lønnstjuveri kan etter paragraf 396 straffast med bot eller fengsel inntil seks år.

Det har også tidlegare vore straffbart for arbeidsgivarar å stele lønn frå tilsette – både etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova, straffelova og skattebetalingslova. I praksis har derimot ikkje arbeidsgivarane blitt straffa. Arbeidsdepartementet skildrar problemet i høyringsnotatet sitt:

Mange arbeidstakarar har blitt dømt for tjuveri eller underslag etter straffelova, men ingen arbeidsgivarar har dei siste 20 åra blitt dømt etter straffelova for å stele lønn frå tilsette.

Målet var å slå fast at det er like straffbart for arbeidsgivarar å stele lønn frå tilsette som det er for tilsette å stele pengar frå arbeidsgivarar.

Lovendringa vart foreslått av Fagforbundet i 2020 og lagt fram av Solberg-regjeringa i fjor. Det skjedde med støtte frå blant anna LO og nettverket Fair Play Bygg som jobbar mot arbeidslivskriminalitet i byggebransjen.

– Vi håpar det avgrensar sosial dumping, og at det legg press på arbeidsgivarane. Useriøse arbeidsgivarar skal vi ikkje ha, meiner Antonsen.

BIDRAR: Det er viktig at politiet bidrar til kampen mot arbeidslivskriminalitet, meiner fagforeiningsleiar Antonsen.

BIDRAR: Det er viktig at politiet bidrar til kampen mot arbeidslivskriminalitet, meiner fagforeiningsleiar Antonsen.

Ole Martin Wold

Ein fordel med at arbeidsgivaren blir straffedømt, er at kommunane og staten kan utestenge leverandøren i framtida.

– Om ein unngår å betale arbeidstakarar lønn, gir det useriøse aktørar eit konkurransefortrinn framfor seriøse bedrifter. I Trondheim er heldigvis dei useriøse aktørane berre eit lite mindretal. Dei få det gjeld, bidrar til å sverte røyrbransjen og byggebransjen generelt. Skal vi reinvaske bygg må vi få bukt med dei useriøse som svertar omdømmet til bransjen.

Viktig at politiet bidrar

Så langt har tre saker om lønnstjuveri blitt behandla av politiet i Norge, og to saker lagt bort før etterforsking. Det viser ei undersøking blant alle politidistrikta og Økokrim som fagbladet Nettverk har gjort.

Fair Play Bygg seier samtidig at dei mistenker lønnstjuveri i 200 av 600 saker dei har registrert så langt i år. Mens Arbeidstilsynet har registrert 90 saker om lønnstjuveri. Ingen saker har hamna i domstolane.

– Vi håpar verkeleg ikkje denne saka blir lagt bort, seier Antonsen om politimeldinga til Stenkløv.

Han håpar det kjem dommar på lønnstjuveri framover. Innlandet politidistrikt etterforskar no påstandar om lønnstjuveri frå fire tidlegare tilsette i telekom-bedrifta Fibertec AS. Det skal vere den første reelle etterforskinga etter at lønnstjuveri vart tatt inn i straffelova.

– Det skjerpar arbeidsgivarar til å tenke seg om to og tre gongar før dei stel lønna til arbeidstakarar. No er det viktig at politiet bidrar til eit seriøst arbeidsliv sånn at vi ikkje står på staden kvil, seier fagforeiningsleiar Antonsen i Trondheim.

Mye lest: Håvard ser etter jobb nummer to på grunn av de økte prisene. – Man kan ikke bare slutte å spise

Politiet beklagar og tar grep

To og ei halv veke etter at denne saka vart publisert, har politiet svart oss. Magasinet tok først kontakt med Trøndelag Politidistrikt over ei veke før saka vart publisert.

Politistasjonen på Heimdal bekreftar og beklagar at dei ikkje var kjente med dei nye paragrafane i straffelova, skriv politiadvokat Bente Lind i eit brev til Magasinet.

Politidistriktet sender no ut informasjon om lovparagrafane for å vere sikker på at dei er kjente blant folk som tar imot politimeldingar, opplyser ho.

Meldinga til Stenkløv er den einaste politidistriktet har registerert. Men lønnstjuveri kan vere del av etterforskingar registrert under andre paragrafar, legg politiadvokaten til.

Lønnstjuveri i straffelova

Desse paragrafane vart innført i straffelova 1. januar 2022:

«§ 395. Lønnstyveri

Den som utilbørlig og med forsett om en uberettiget vinning for seg selv eller andre misligholder plikt til å yte lønn, feriepenger eller annen godtgjøring som arbeidstaker har rett til etter avtale eller bestemmelse i lov eller forskrift, straffes med bot eller fengsel inntil 2 år.

§ 396. Grovt lønnstyveri

Grovt lønnstyveri straffes med bot eller fengsel inntil 6 år. Ved avgjørelsen av om tyveriet er grovt, skal det særlig legges vekt på om overtredelsen gjelder en betydelig verdi, har et systematisk eller organisert preg eller av andre grunner er særlig krenkende eller samfunnsskadelig.»

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Lønnstjuveri i straffelova

Desse paragrafane vart innført i straffelova 1. januar 2022:

«§ 395. Lønnstyveri

Den som utilbørlig og med forsett om en uberettiget vinning for seg selv eller andre misligholder plikt til å yte lønn, feriepenger eller annen godtgjøring som arbeidstaker har rett til etter avtale eller bestemmelse i lov eller forskrift, straffes med bot eller fengsel inntil 2 år.

§ 396. Grovt lønnstyveri

Grovt lønnstyveri straffes med bot eller fengsel inntil 6 år. Ved avgjørelsen av om tyveriet er grovt, skal det særlig legges vekt på om overtredelsen gjelder en betydelig verdi, har et systematisk eller organisert preg eller av andre grunner er særlig krenkende eller samfunnsskadelig.»