JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Hotell-lønna gjer Lysbakken forbanna: – Dette er Forskjells-Norge på sitt verste

SV er skuffa over at den nye korona-støtta til reiselivet ikkje har krav som kjem arbeidsfolk til gode.
LAUSARBEID: Den nye korona-støtta til reiselivet må ha krav som hindrar oppseiingar som fører til meir lausarbeid. Det meiner SV-leiar Audun Lysbakken, som også seier leiarane må gå med på lønnsmoderasjon.

LAUSARBEID: Den nye korona-støtta til reiselivet må ha krav som hindrar oppseiingar som fører til meir lausarbeid. Det meiner SV-leiar Audun Lysbakken, som også seier leiarane må gå med på lønnsmoderasjon.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

Magasinet for fagorganiserte skreiv måndag om lønna til toppleiarane i dei fire største hotellkjedene. Dei tente i snitt 3,7 millionar kroner i fjor. Ein hotelltilsett bruker nesten ti år på å tene opp like mykje i lønn.

– Dette er Forskjells-Norge på sitt verste, der dei som skaper verdiane ofte har svært låge lønningar og press på arbeidsvilkår, mens dei på toppen har fantasilønningar, seier SV-leiar Audun Lysbakken til Magasinet.

Les saka: Tilsette må jobbe i 15 år for å tene like mykje som Choice-sjefen

– Vi kan ikkje ha det sånn at det er krise for arbeidsfolk samtidig som denne festen får lov til å halde fram på toppen, seier han.

Krise for arbeidsfolk

Han meiner regjeringa no hadde moglegheit til å gjere noko med forskjellane, ved å stille krav i den nye korona-støtteordninga for reiselivet på 1,4 milliardar kroner som vart lagt fram tysdag.

– Det er skuffande at regjeringa heller ikkje denne gongen stiller krav som kunne vore med på å trygge arbeidsplassane til tilsette, men dessverre ikkje veldig overraskande, seier Lysbakken.

– Det er få i Norge som har hatt det tøffare under koronaen enn permitterte hotellarbeidarar. Mange venta så lenge på den vesle lønnskompensasjonen dei fekk, at dei ikkje hadde pengar til mat på bordet.

Les denne frå mai: Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen

Krav til bedriftene

SV trekker fram to krav som dei meiner regjeringa burde stilt:

– Når staten no skal komme med nye pengar til hotella, burde dei ha stilt sosiale krav. Det skulle vore krav om at pengane også skal komme arbeidsfolk til gode, ved at ein hindrar oppseiingar som så fører til meir lausarbeid.

SV-leiaren viser til den utstrekte bruken av ekstrahjelper i bransjen, der tilsette ikkje har ein stillingsprosent og blir kalla inn av sjefen etter behov. I tillegg peikar han på leiarlønningane:

– Eg meiner det hadde vore naturleg å stille krav til at det må strammast inn på toppen, at lønnsfesten ikkje kan halde fram når det er så høg arbeidsløyse i sektoren.

Les også: For lite koronastøtte til reiselivet neste år, meiner NHO Reiseliv

Avslag frå regjeringa

Støtteordninga inneheld ikkje sånne avgrensingar, stadfestar regjeringa, heller ikkje utbytteforbod som tidlegare har vore eit krav frå opposisjonen.

– For meg er det viktig å lage ei ordning der vi kan få betalt ut pengane så fort som mogleg innanfor dei rammene som er gitt, for å bidra til at levedyktige verksemder kan overleve denne krevjande perioden, uttaler næringsminister Iselin Nybø i ein epost til Magasinet.

– Omfattande avgrensingar for utbetalingane kan komplisere ordninga enda meir, avsluttar ho.

Les også: Her er den nye korona-støtta til reiselivet

Milliardar til reiselivet

Reiselivsbedrifter fekk utbetalt rundt 1,6 milliardar kroner i koronastøtte til faste utgifter for mars og ut august. I tillegg vil regjeringa altså sette av 1,4 milliardar til ei kompensasjonsordning ut året.

Lysbakken kritiserer regjeringa for manglande krav til bedriftene som har fått koronastøtte så langt, mens situasjonen er ein annan for arbeidstakarar som har søkt lønnskompensasjon og dagpengar frå Nav.

– Det har vore eit problem med handteringa av den økonomiske krisa heile vegen. Regjeringa stiller krav til arbeidsfolk i knipe, men veldig få til dei på toppen, seier han.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse

Flere saker

Annonse