Lønnsoppgjeret 2020
Jordbærplukkarar får tre kroner meir i timen
Fellesforbundet og NHO Mat og Drikke er einige om at det trengst ein plan for å heve lønnsnivået i jordbruk og gartneri.
Fleire tilfelle av ulovleg lønns- og arbeidsvilkår blant jordbærplukkarar har blitt avdekka av Arbeidstilsynet i sommar.
Sissel M. Rasmussen
tormod@lomedia.no
Onsdag vart Fellesforbundet og NHO Mat og Drikke einige i tariffoppgjeret for tilsette i jordbruk og gartneri.
Forhandlingsresultatet er blant anna 3 kroner auke i minstelønnssatsen for ferie- og innhaustingshjelp og satsen for fast tilsette frå 1. november.
Denne minstelønna er såkalla allmenngjort, altså lovfesta minstelønn i bransjen. Den gjeld dermed langt fleire enn dei som jobbar i ei bedrift med tariffavtale.
Norske bønder: Her er fem tiltak mot lønnsdumping i åkeren
Få er fagorganiserte
Då forhandlingane starta, gjekk forbundet hardt ut og kravde at den omdiskuterte minstelønna på 123,15 kroner for ferie- og innhaustingshjelp, vart fjerna. Sesongarbeidarar ville fått eit lønnshopp på 20 kroner timen med same minstelønn som fast tilsette.
– Vi har fått forbetra vilkåra for sesongarbeidarane, men ikkje så mykje som vi håpa på, konstaterer forhandlingsleiar Arvid Eikeland i Fellesforbundet til Magasinet for fagorganiserte.
Få er fagorganiserte i jordbruk og gartneri, og forbundet har under 200 medlemmer dei kunne tatt ut i ein eventuell streik.
– Vi fekk ikkje fjerna jordbærplukkarsatsen, men vi sende eit tydeleg signal til arbeidsgivarane, meiner Eikeland.
Avsløring: Polske jordbærplukkarar hevdar dei vart bedd om å ljuge om lønna
Plan for å auke lønna
Fellesforbundet og motparten er derimot einige om behovet for ein plan som blant anna skal bidra til å auke lønnsnivået i næringa, som var eit anna krav frå forbundet.
Formålet er å sikre rekrutteringa.
Minstelønna vart løfta fram i mediebildet då næringa sleit med våronna etter at koronakrisa hindra utanlandske arbeidarar frå å komme til Norge.
Det viste seg at permitterte nordmenn ville tape inntekt på å ta seg jobb i landbruket framfor å få dagpengar frå Nav.
Stortinget bad regjeringa sørge for nok arbeidskraft, saman med partane i arbeidslivet, av omsyn til matforsyninga og beredskapen.
«Det forutsettes at man sikrer ordnede lønns- og arbeidsforhold», heiter det i vedtaket frå 31. mars som Fellesforbundet tok med seg inn i forhandlingane.
Denne skapte debatt: Paulina og vennane kom til Norge for å plukke jordbær. Etter tre dagar reiste dei fortvila heim
… og lønnsemda
Forbundet og NHO Mat og Drikke skal no invitere regjeringa, aktørar og organisasjonar i landbruket for å diskutere tiltak dei kan sette i verk så snart som mogleg.
Partane understrekar at lønns- og arbeidsvilkår skal fastsettast i tariffoppgjer, men peikar på at viktige rammevilkår blir fastsette andre stadar.
Lønnsemda i næringa blir i stor grad påverka gjennom jordbruksoppgjeret mellom bondeorganisasjonane og staten. I tillegg er dei store grossistane og daglegvarkjedene mektige aktørar.
– Med betre rammevilkår, trur vi også lønns- og arbeidsvilkåra vil styrkast. Dette er eit veldig viktig politisk arbeid, understrekar Eikeland i Fellesforbundet.
Samarbeid mot useriøsitet
Forbundet og NHO Mat og Drikke er dessutan einige om legge til rette for eit bransjeprogram mot useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i næringa. Dette var også eit krav frå Fellesforbundet.
Fleire tilfelle av ulovleg lønns- og arbeidsvilkår blant jordbærplukkarar har blitt avdekka av Arbeidstilsynet i sommar, omtalt blant anna i Magasinet for fagorganiserte.
Mye lest: Konrad og Klaudia jobba 50 timars veke i jordbæråkeren. Då lønnsslippen kom, fekk dei hakeslepp
Innan mars 2021 skal partane invitere myndigheitene og bondeorganisasjonane til å starte det nye samarbeidet.
Nøgde arbeidsgivarar
– Vi er nøgd med å ha komme til einigheit med Fellesforbundet i dette oppgjeret innanfor ei ramme som bedriftene kan bere, skriv kommunikasjonsdirektør Indunn Storetvedt Eriksen i NHO Mat og Drikke i ein epost til Magasinet.
– Samtidig er vi glade for at vi også har komme fram til ein plan for korleis vi i fellesskap skal jobbe for å betre rekrutteringa og ikkje minst korleis vi kan arbeide for å sikre auka grad av seriøsitet i den delen av bransjen som har utfordringar.
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.