JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret for tilsette i jordbruk og gartneri:

Lønnshopp for sesongarbeidarar: Sånn vil Fellesforbundet rydde opp i landbruket

Når lønnsoppgjeret for tilsette i jordbruk og gartneri startar, har forbundet med seg ei rekke krav for å rydde opp i sosial dumping.
Arkivfoto.

Arkivfoto.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Tysdag overleverte Fellesforbundet krava sine i forhandlingane med NHO Mat og Drikke om årets tariffoppgjer for tilsette i jordbruk og gartneri.

Minstelønna i denne tariffavtala er såkalla allmenngjort, altså lovfesta for bedriftene i næringane. Resultatet av lønnsforhandlingane omfattar dermed langt fleire enn medlemmene.

Norske bønder: Her er fem tiltak mot lønnsdumping i åkeren

Lik lønn som fast tilsette

Det første kravet forbundet trekker fram, er å fjerne minstelønnssatsen for «ferie- og innhaustingshjelp» sånn at sesongarbeidarar får same minstelønn som fast tilsette.

Den omdiskuterte minstelønna er i dag 123,15 kroner, mens fast tilsette har krav på 143,05 kroner. Lønnshoppet vil med andre ord bli 20 kroner i timen, og enda meir om forbundet får gjennomslag for kravet om høgare satsar.

– Det er eit skille i dag som er heilt unaturleg, at ein som kjem utanfrå skal ha lågare lønn fordi vedkommande ikkje bur i Norge og er inne som mellombels tilsett eller sesonghjelp over ein kort periode, seier forhandlingsleiar Arvid Eikeland til Magasinet for fagorganiserte.

– Primærnæringa er avhengig av utanlandsk arbeidskraft i periodar, men dei skal ha dei same lønns- og arbeidsvilkåra som fast tilsette. Alle skal behandlast likt, slår han fast.

Les også: Polske jordbærplukkarar hevdar dei vart bedd om å ljuge om lønna til Arbeidstilsynet

Auke i minstelønna

Minstelønna i landbruket vart løfta fram i mediebildet då næringa sleit med våronna etter at koronakrisa hindra utanlandske arbeidarar frå å komme til Norge. Det viste seg at permitterte nordmenn ville tape inntekt på å ta seg jobb i landbruket framfor å få dagpengar frå Nav.

Stortinget bad regjeringa, saman med partane i arbeidslivet, å sørge for nok arbeidskraft i landbruket av omsyn til matforsyninga og beredskapen. «Det forutsettes at man sikrer ordnede lønns- og arbeidsforhold», heiter det i vedtaket frå 31. mars.

Eit av krava til Fellesforbundet i tariffoppgjeret er at dette vedtaket blir oppfylt gjennom eit arbeid fram mot lønnsoppgjeret i 2021.

– Vi håpar motparten blir med på å legge ein plan for korleis vi på sikt kan heve minstelønna. Her er det viktig å få med seg både politikarar og bondeorganisasjonar i arbeidet, for dette har også med landbrukspolitikk å gjere, seier forhandlingsleiar Eikeland.

Les også: Paulina og vennane kom til Norge for å plukke jordbær. Etter tre dagar reiste dei fortvila heim

Samarbeid mot sosial dumping

Det tredje kravet forbundet trekker fram, er eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet og regjeringa mot useriøsitet og sosial dumping.

Fleire tilfelle av ulovleg lønns- og arbeidsvilkår blant jordbærplukkarar har blitt avdekka av Arbeidstilsynet i sommar, omtalt blant anna i Magasinet for fagorganiserte.

– Næringa har store utfordringar når det gjeld å ta omsyn til gjeldande lov- og regelverk. Vi håpar å få med oss NHO Mat og Drikke i eit bransjeprogram, og regjeringa for å finansiere tiltak for å unngå sånne situasjonar med sosial dumping som vi har sett i sommar, seier Arvid Eikeland.

– Her er det også viktig at vi koplar på Arbeidstilsynet og sørger for at dei får rammevilkår og betre bestemmingar for å gjere tilsyn, poengterer han.

Les også: Arbeidstilsynet fann lovbrot i alle tilsyn med sesongbasert landbruk

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse