DÅRLEG RÅD: Ikkje alle studentar har rike foreldre, påpeikar Nathalie Mercadal.
Tormod Ytrehus
Studentar får ikkje dagpengar frå Nav:
Permitterte Nathalie får ikkje dagpengar. No blir ho heimlaus
Hotelltilsett Nathalie Mercadal bestemte seg for å ta høgare utdanning. Det straffa seg då ho vart korona-permittert.
tormod@lomedia.no
BERGEN: Nathalie Mercadal vart i august permittert frå ei 60 prosent stilling som kokk på hotellet Opus XVI i Bergen.
Samtidig gjekk ho inn i sitt første semester som student.
Dermed mista ho mellom 14.000 og 16.000 kroner utbetalt kvar månad. Ho står igjen med dei 8.265 kronene ho får i lån og stipend frå Lånekassa.
Studentar får nemleg ikkje dagpengar frå Nav.
Sidan august har ho ikkje klart å betale heile husleiga på 8.200 kroner i månaden, og i slutten av november må ho flytte ut.
– Det blir nok å flytte rundt på sofaar til vennar. Eg har ein tøff familiesituasjon og vil ikkje legge meir belastning på mora mi, forklarer 23-åringen.
• Hva tjener folk med ditt yrke? Dette er snittlønna i over 350 yrker
150 kroner i veka
Sparekontoen med 20.000 kroner er tømt. Ho har kutta hardt i alle utgifter, sjølv det mest nødvendige.
– Matbudsjettet mitt er 150 kroner i veka, så eg har vent meg til å ete lite, seier Mercadal som har gått ned i vekt etter at ho vart permittert.
Ho har tre hol i tennene som kostar 10.000 kroner å fikse.
– Eg tør ikkje gå til tannlegen. Eg rekna på det, og då får heller tennene dette ut, seier ho.
Også å halde seg tørr og varm er vanskeleg når ein ikkje lenger har pengar til å forsørge seg sjølv.
– Eg har ikkje råd til vintersko og varme klede. Eg har ikkje tort å skru på omnen enno. Eg tenker heile tida på kva ting kostar, fortel Mercadal.
Ho har fått litt pengar frå mor, mormor og oldefar sånn at rekningar ikkje skal gå til inkasso, men har dårleg samvit.
Mercadal kjem ikkje frå ein familie med mykje pengar til overs.
• Mye lest: Butikkansatte jubler for 10.000 kroner i koronabonus: – Helt fantastisk, sier tillitsvalgt Camilla
Får ikkje dagpengar
Ho er heller ikkje den einaste studenten som er avhengig av ei ekstra inntekt i tillegg til støtta frå Lånekassa.
Over halvparten av studentane jobba gjennom heile semesteret i fjor, ifølge Eurostudent-undersøkinga.
Medianinntekta deira var 10.000 kroner i månaden. Korona-permitterte studentar har dermed mista størsteparten av inntekta si.
Likevel får dei altså ikkje dagpengar.
I vår fekk studentane som har mista inntekt på grunn av koronakrisa hjelpetiltak frå staten. Dei kunne søke Lånekassa om 26.000 kroner i ekstra lån, der 8.000 vart gjort om til stipend.
Seinare har det ikkje komme meir hjelp.
– Ein del gongar har eg ikkje visst kor eg skulle gjere av meg. Eg føler meg hjelpelaus, og kjenner mange studentar som har hatt det tøft, fortel Mercadal.
– Eg kjenner folk som har måtte flytte, selje det dei har og trekke seg fullstendig tilbake sosialt, fortel ho.
• Les også: Fellesforbundet rasar mot hjelpepakka til studentane
Ingen jobbar
Ho forstår ikkje korleis ein skal klare seg på 8.200 kroner utbetalt i månaden.
– Ikkje alle studentar kjem rett frå vidaregåande skole, bur i kollektiv og kan flytte heim til mamma og pappa. Mange er vaksen, etablert og nokre har barn, seier Mercadal.
– Folk har eit feilaktig bilde av kven studentane er, meiner ho.
Omtrent 195.000 er no arbeidssøkarar. Kampen om jobbane som kan kombinerast med studia er knallhard.
– Eg ser etter jobbar på Finn kvar dag, men det er ingen. Eg hadde håpa å kunne jobbe på hotellet i julesesongen, men no trur eg ikkje det blir nokon sesong, seier Mercadal.
Velferdsstaten
Ho har betalt skatt sidan ho var 16 år, fortel ho.
Etter at ho tok fagbrevet som kokk i 2017, har Mercadal jobba fulltid på Opus XVI der ho også er Fellesforbundet-tillitsvald.
I fjor reduserte ho stillinga for å ta påbygg, sånn at ho i haust kunne starte på UiB.
– Eg har lyst til å jobbe og bidra til velferdsstaten, men no begynner eg å tvile. Eg har mista sikkerheitsnettet. Då mistar eg også trua på verdiane eg står for. Kva skal eg betale skatt for?
Saka held fram under bildet.
PERMITTERT: Mercadal er permittert frå jobben som kokk på luksushotellet Opus XVI i Bergen sentrum.
Tormod Ytrehus
Dei einaste tiltaka regjeringa har varsla i haust, er for å betre den psykiske helsa til korona-einsame studentar.
– Eg trur ikkje regjeringa forstår korleis økonomi påverkar mental helse. Eg kan snakke med ein psykolog, men det betaler ikkje rekningane, seier Mercadal.
– Eg skulle gjerne hatt ein personleg samtale med statsministeren. Korleis forventar Erna Solberg at eg skal ha råd til studiekvardagen? Eg vil ha ei ærleg forklaring, ikkje ei bortforklaring.
Ikkje rike foreldre
– Hadde dette vore like rettferdig om det ramma barna til Erna Solberg og politikarane? Dette er opp til politikarane, og dei høyrer ikkje, seier ho fortvila.
Ho viser til at mange har foreldre med ei inntekt langt under dei nærmare 1 million kronene stortingspolitikarane tener, eller dei over 1,7 millionane statsministeren drar inn årleg.
– Det er ikkje alle som kjem frå ein familie med pengar. Mamma tok høgskoleutdanning i vaksen alder, og faren min fullførte ikkje vidaregåande skole ein gong, seier Mercadal.
– Eg har kutta alle utgifter, og no kuttar eg bustad. Eg skjøner ikkje at det er rimeleg.
• Lønna i hotellbransjen: Andreas har ein av Norges dårlegast betalte jobbar
Arbeidsministeren svarer
Magasinet for fagorganiserte har bedt arbeids- og sosialministeren om å forklare kvifor studentar ikkje får dagpengar og kvifor dei ikkje har fått eit unntak frå reglane under koronakrisa.
Henrik Asheim (H) viser til at ein må vere såkalla reell arbeidssøkar for å få dagpengar frå Nav. Då må ein vere arbeidsfør, villig til å ta kva som helst arbeid kor som helst landet og delta på tiltak. Ein skal også søke jobbar.
– For å få dagpengar må dei i så fall avslutte studia, uttaler Asheim i ein epost.
I april fekk permitterte og ledige inntil vidare lov til å kombinere dagpengar med opplæring, men dei må framleis vere reelle arbeidssøkarar. Unntaket gjeld derfor ikkje dei som allereie fekk støtte frå Lånekassa.
– Det kan verke lite rettferdig dersom nokon får finansiert utdanninga si med dagpengar når dei fleste må eigenfinansiere studieløpet, meiner statsråden.
LITE RETTFERDIG: Det hadde vore lite rettferdig om permitterte studentar fekk dagpengar, meiner arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H).
Jan-Erik Østlie
Krisesituasjon
Nathalie Mercadal kan forstå desse reglane i ein normalsituasjon utan korona.
– Men når så mange er arbeidsledige og bedrifter permitterer, finn eg ingen rimeleg grunn. Eg har betalt skatt og bidratt til velferdsstaten, eg utdannar meg og får gjeld for det. Dette er ein krisesituasjon, poengterer ho.
Ho meiner Lånekassa kunne gitt ekstra stipend, i staden for at Nav betaler ut pengane.
– Når alle andre får ekstraordinære krisetiltak, kvifor får ikkje vi det? Velferdsstaten bør hjelpe alle, slår Mercadal fast.
Mest lest
Ole Martin Kolberg, FOs hovedtillitsvalgt i Fredrikstad kommune, og Kine Kvamme Andersen er bekymret for hvordan kommunen skal klare å rekruttere nye vernepleiere.
Simen Aker Grimsrud
60 ansatte i kommunen må begynne i turnus: – Veldig mange søker seg bort
Roar må alltid være på vakt når han prepper løyper i Oslo-marka.
Sissel M. Rasmussen
Roar er en trygghet å ha i skogen, selv om livredning ikke står i stillingsbeskrivelsen
Martin Guttormsen Slørdal
Engelskmenn med jobb og familie trenger gratis mat for å overleve
– Jeg er trist. Det er vondt å gå rundt på min arbeidsplass nå, forteller operatør Inger Hilde Bårdsen.
Jan-Erik Østlie
Strømprisen kan koste Inger Hilde og 200 kollegaer jobben: – Har blitt noen søvnløse netter
Hjemmetjeneste (illustrasjonsfoto).
Anita Arntzen
Dette yrket har Norges høyeste sykefravær
Gerd-Liv Valla blir 75 år, men opplever en ny politisk vår som strømpolitiker. – Det er ingen strømkrise, det er en strømpriskrise, slår hun fast.
Knut Viggen
Gerd-Liv Valla skjønner ikke hvorfor arbeidslinja har blitt et skjellsord
Berit Roald / NTB
Ukjent antall Skeidar-ansatte mister jobben: – Har gått fort og brutalt
Aslak Bodahl
Nå får Hamza skattelette for å bo i brakke på jobb
Gjestearbeiderne i Ölands dyrepark jobbet seks dager i uka og fikk utbetalt mellom seks og sju tusen kroner i måneden.
Colourbox
Svensk dyrepark serverte ansatte samme mat som dyra
Tøffe tider: Olga Leach-Walters er fagforeningsrepresentant for 22 000 helsearbeidere i Royal College of Nursing. 6000 av dem jobber som sykepleiere på Birminghams største sykehus. Onsdag og torsdag denne uka streiket de. Det er andre gang på en måned.
Anita Arntzen
I England sover sykepleiere med 100 prosent stilling i bilen. Her er Olgas råd til Norge
Andrew Kelly Reuters/Ritzau Scanpix
Danskene kan miste fridag. Skammelig, mener fagbevegelsen
Matbutikken UMS Halden har holdt åpent alle dager hele uka.
Leif Martin Kirknes
Matbutikken er politianmeldt to ganger: Nå stenger UMS Halden om søndagene
BEKYMRET: – Vi er bekymra for at bedriften for raskt tar ut synergier etter en omorganisering, sier hovedtillitsvalgt for EL og IT Forbundet i Telenor Norge, Kenneth Pettersen.
Leif Martin Kirknes
200 mister jobben i Telenor: – Usaklig å sparke faste ansatte når man har så mange innleide
Naujasis minimalus darbo užmokestis devyniose ūkio šakose.
Brian Cliff Olguin
Naujasis minimalus darbo užmokestis Norvegijoje
– Nå har arbeidstakersiden helt andre rettigheter under forhandlinger, sier tillitsvalgt Arvid.
Privat
Arvid jubler for egen tariffavtale. Nå håper han på et statusløft
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte stusser over matprisene: – Lurer på hvor pengene blir av
Den amerikanske storsatsingen på fornybar industri kan ramme europeisk industri hardt på sikt, mener utenriksminister Anniken Huitfeldt.
Adam Schultz (whitehouse.gov) via Wikimedia Commons / Jan-Erik Østlie
Bidens fornybar-satsning får EU og Norge til å skjelve
Anita Arntzen
500 unødvendige dødsfall hver uke: Sykepleier Ida står midt i en helsestorm
Kine Mariana Soma har drømt om å bli frisør helt siden hun var liten. Nå håper hun at hun holder seg skadefri og kan være lenge i drømmeyrket.
Eilin Lindvoll / Dagsavisen
Kine bør jobbe i 50 år til for å få en god pensjon: – Urealistisk
– Erna bommer bevisst, skaper frykt og usikkerhet ved å spre feilinformasjon, mener Peggy Hessen Følsvik.
Jan-Erik Østlie