JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleige:

Byggebransjen i Trondheim er einig om felles krav til bemanningsbyrå

Bemanningsbyråa må drive seriøst for å få leige ut til dei ti største entreprenørane i Trondheim.
EINIGE OM KRAV: Ti store entreprenørar i byggebransjen i Trondheim har signert ei avtale om felles krav til bemanningsbyrå. Blant krava er at tilsette i bemanningsbyrået skal ha minst 80 prosent stillingsdel og føreseieleg arbeidstid.

EINIGE OM KRAV: Ti store entreprenørar i byggebransjen i Trondheim har signert ei avtale om felles krav til bemanningsbyrå. Blant krava er at tilsette i bemanningsbyrået skal ha minst 80 prosent stillingsdel og føreseieleg arbeidstid.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Ti store entreprenørar i byggebransjen i Trondheim signerte i starten av januar ei avtale om felles krav til innleige frå bemanningsbyrå.

Dette er den første regionale avtala av denne typen, og forpliktar bedriftene til å følge ei rekke tilrådingar frå Fellesforbundet (LO) og Byggenæringens Landsforening (NHO).

Bedriftene som leiger inn skal «være bevisst sin bestillermakt og gå foran som rollemodeller for å sikre et seriøst arbeidsliv», heiter det.

Nye regler skal begrense bruken av innleide arbeidere. Foreløpig er det ikke noe tilsyn som kontrollerer at reglene følges

Større stilling

Blant krava er at tilsette i bemanningsbyrået skal ha minst 80 prosent stilling og føreseieleg arbeidstid.

Bakgrunnen var at dei nye innleigereglane vedtekne av Stortinget og innført for eitt år sidan, slo fast at tilsette i bemanningsbyrå skulle ha fast stillingsprosent og dermed lønn mellom oppdrag.

Seinare vart det avdekt at fleire bemanningsbedrifter prøvde å omgå regelverket ved å opprette stillingsdelar ned i fem prosent.

Avtala mellom dei trønderske entreprenørane har allereie fått konsekvensar. Ein bemanningstilsett leigd ut til entreprenøren Hent, har fått stillingsdelen sin oppjustert frå 60 til 80 prosent, fortel hovudtillitsvald Johan Henry Eide til Magasinet for fagorganiserte.

Fleire fast tilsette

Målet er fleire fast tilsette, i likskap med formålet med dei nye innleigereglane i arbeidsmiljølova.

I tilrådingane frå Fellesforbundet og BNL, står det at innleigebedriftene og tillitsvalde skal vurdere om ein kan tilsette fast eller leige inn frå andre produksjonsbedrifter, før ein bruker bemanningsbyrå.

I Trondheim har dei ti entreprenørane allereie ei avtale om at dei skal leige inn frå kvarandre. Denne avtala har eksistert i over ti år. Det har ført til at innleigde frå bemanningsbyrå i fjor utgjorde under ti prosent av arbeidskrafta i desse bedriftene. Når dei først bruker bemanningsbyrå, må dei no følge dei nye krava.

– Jo strengare krav det er til å bruke bemanningsbyråa, jo enklare blir det å få fleire eigne tilsette, poengterer tillitsvald Eide i Hent.

Det er over ett år siden nye innleieregler trådte i kraft. Fortsatt er det ikke klart hvem som skal se til at reglene følges

Ryddar opp

Steinar Krogstad, nestleiar i Fellesforbundet, fortel at den regionale avtala om krav til bemanningsbyråa er den første av sitt slag. Og forhåpentlegvis ikkje den siste.

– Dette er ei vidareføring av Fellesforbundet og BNL sitt standpunkt om at bransjen må rydde opp. Vi håpar haldninga spreier seg og at fleire blir einige om å legge same standardar til grunn, seier Krogstad til Magasinet.

Også administrerande direktør i BNL, Jon Sandnes, ønsker avtala velkommen som ei oppfølging av tilrådingane Fellesforbundet og BNL vart einige om i mai i fjor.

– Vi ser at veldig mange enkeltbedrifter har innført krava kvar for seg, men ei felles avtale synleggjer ei breidde og er eit eksempel til etterfølging særleg for byane. Dette er nettopp det vi håpa på, seier Sandnes.

Entreprenørane

Dette er dei ti entreprenørane i Trondheim som har inngått avtale om krav til innleige frå bemanningsbyrå:

• Veidekke
• NCC
• Hent
• Skanska
• Betonmast
• Backe
• Trym
• Horneberg Bygg
• Block Watne
• Consto

Warning
Annonse
Annonse

Entreprenørane

Dette er dei ti entreprenørane i Trondheim som har inngått avtale om krav til innleige frå bemanningsbyrå:

• Veidekke
• NCC
• Hent
• Skanska
• Betonmast
• Backe
• Trym
• Horneberg Bygg
• Block Watne
• Consto