Lønnsoppgjeret i hotell- og restaurantbransjen:
Hotelltilsette er lei av luselønn: – Blodig urettferdig
Tilsette har fått småpengar frå dei store hotellkjedene etter at dei streika for retten til lokale forhandlingar. No er dei klare til å bruke streikevåpenet på nytt.
TØFFARE: – Fellesforbundet må vere tøffare i forhandlingar med motparten, sånn at vi ikkje sit igjen som taparar, seier servitør og klubbleiar Helena Bozicevic (til høgre). Her saman med reinhaldar og tillitsvald Hilde Bakken.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
OSLO: – Etter rekningar og mat, må eg vri og vrenge på kvar einaste krone. Det er ikkje mykje igjen til for eksempel å reise på ferie. Sånn sett er det ikkje eit liv, samanlikna med det andre har.
For reinhaldar på Scandic Helsfyr, Hilde Bakken, er ikkje lønna mykje å skryte av. Den ligg meir enn 100.000 kroner under årslønna til ein industriarbeidar. Tilsette i hotell- og restaurantbransjen er også taparane når ein samanliknar lønnsveksten i ulike yrke.
– Eg kjenner det som om yrket mitt er mindre verd, seier Bakken når Magasinet møter ho på klubbkontoret til konferansehotellet der ho har jobba i 35 år.
p
Småpengar
Blant reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar og kokkar, er frustrasjonen no stor. Etter tre år med lokale lønnsforhandlingar i bransjen, har resultatet vore null eller småpengar i lokale lønnstillegg.
Choice-tilsette fekk 15 øre i lokalt lønnstillegg i fjor. Året før fekk Scandic-tilsette 15 øre, og Thon-tilsette 10 øre. Elles har det vore null. Fellesforbundet-leiinga har omtalt forhandlingane som sabotasje frå arbeidsgivarane si side, og resultata som lommerusk.
– Det kjennest blodig urettferdig. Det er rett og slett ei fornærming mot arbeidsfolk, seier servitør og hovudtillitsvald Helena Bozicevic på hotellet på Helsfyr.
Streikeklare
Fellesforbundet-medlemmene på hotell, i restaurantar og kantiner, har store forventingar til det sentrale lønnsoppgjeret som startar i mars. Forbundsleiaren har allereie varsla ein storstilt streik dersom dei store kjedene ikkje pungar ut i det sentrale lønnsoppgjeret.
– Eg vil helse han og seie at vi forventar at teorien blir gjennomført i praksis. Stå på krava, så er vi klare til å streike! Vi er møkk lei av å ikkje få noko av kaka som vi har skapt, seier Bozicevic.
Saka held fram under bildet.
URETTFERD: – Den kjensla av urettferd som vi i hotell- og restaurantbransjen har kjent i mange år, må snart ta slutt, seier servitør og tillitsvald Helena Bozicevic (til venstre). Her prøver ho på seg streikevesten saman med reinhaldar og tillitsvald Hilde Bakken.
Tormod Ytrehus
For fire år sidan gjennomførte Fellesforbundet-medlemmene ein langvarig og konfliktfylt streik for retten til lokale forhandlingar. Dei tilsette i lågtlønnsbransjen håpa dei skulle få ein større del av overskotet i dei store konserna.
To skritt tilbake
På Helsfyr og fleire andre stadar, var resultatet av streiken eitt skritt fram og to tilbake. Der hadde servitørane nemleg prosentlønn, ein viss prosent av omsetninga, og dermed ei lønn langt over minstelønn. Ordninga vart bytta bort mot lokale forhandlingar.
– Meininga var at alle skulle få høgare og jamnare lønn, men no er det stikk motsett. No tener alle like dårleg, seier Bozicevic som sjølv hadde prosentlønn.
Ho forventar no lønnstillegg som gjer at hotelltilsette nærmar seg industriarbeidarlønna. Bozicevic forsikrar forbundsleiaren og dei som skal forhandle, om at dei har streikeklare medlemmer i ryggen.
p
Går så det susar
Magasinet har tidlegare skrive at hotellkonserna går så det susar, og om milliardresultat og utbytte i hundremillionarsklassen i løpet av dei siste tre åra. Hotellsjefane har også fått store lønnsaukar.
NHO Reiseliv seier at dei store utbytta kjem frå eigedomsdrifta i konserna, og at driftsmarginane for hotelldrifta er ned mot null. Arbeidsgivarane meiner dei sentrale lønnstillegga har vore så høge at dei ikkje har meir å gi lokalt.
– Dei finn alltid på noko. Kor kjem pengane til å kjøpe eigedom frå? Kvifor bygger og opnar dei mange nye hotell, dersom framtidsutsiktene er så mørke? spør tillitsvald Helena Bozicevic.
Lønna til hotelltilsette
• Ei vanleg årslønn i bransjen er på 388.000 kroner, opp med 3,7 prosent frå året før. Det utgjer 78 prosent av industriarbeidarlønna på 496.400 kroner.
• Tilsette i hotell- og restaurantbransjen har hatt lågast lønnsvekst i privat sektor dei siste to tiåra. Mellom 2001 og 2016, auka lønna deira med 60 kroner, opp til 169 i timen. For industriarbeidarane var auken 89 kroner, opp til 220 i timen.
• Fellesforbundet har omtrent 7500 medlemmer i hotell- og restaurantbransjen, men resultatet av tariffoppgjeret omfattar rundt 30.000 tilsette.
Kjelder: Teknisk beregningsutvalg, Fafo/UiO og Fellesforbundet
Flere saker
Lønna til hotelltilsette
• Ei vanleg årslønn i bransjen er på 388.000 kroner, opp med 3,7 prosent frå året før. Det utgjer 78 prosent av industriarbeidarlønna på 496.400 kroner.
• Tilsette i hotell- og restaurantbransjen har hatt lågast lønnsvekst i privat sektor dei siste to tiåra. Mellom 2001 og 2016, auka lønna deira med 60 kroner, opp til 169 i timen. For industriarbeidarane var auken 89 kroner, opp til 220 i timen.
• Fellesforbundet har omtrent 7500 medlemmer i hotell- og restaurantbransjen, men resultatet av tariffoppgjeret omfattar rundt 30.000 tilsette.
Kjelder: Teknisk beregningsutvalg, Fafo/UiO og Fellesforbundet