JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

I desse hovudoppgjera gjekk flest arbeidsdagar med i konflikt

Det er i hovudoppgjera det går med flest arbeidsdagar til streik og lockout. Aller flest gjekk med i 1996, 2000 og 2010.

tormod@lomedia.no

I år er det hovudoppgjer, som blir gjennomført i partalsår. Før påske braut partane – LO, YS og NHO – forhandlingane om lønnsoppgjeret for NHO-området i privat sektor. Partane er no i gang med tvungen mekling hos Riksmeklaren. Om dei ikkje kjem fram til ei løysing før midnatt laurdag, eller på overtid søndag, blir det storstreik.

Slik forbereder grasrota i LO en mulig storstreik

Og om det blir storstreik er det mange arbeidsdagar som går med når arbeidstakarane og arbeidsgivarane skal vise musklar. For det er, ikkje overraskande, i år med hovudoppgjer det er flest konfliktar, viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå.

I hovudoppgjeret er alle delar av tariffavtala oppe til forhandling: Løn, arbeidstid, pensjon, velferdspermisjonar og overtidsbetaling er nokre av desse.

Disse streiker fra søndag, hvis ikke LO, YS og NHO blir enige. Se hele lista her.

Tre av LO sine viktigaste krav – tetting av hola i avtalefesta pensjon, forbetring av obligatorisk tenestepensjon og dekning av reise, kost og losji – er altså alle spørsmål som ein må ta i hovudoppgjeret. Og med fleire spørsmål å forhandle om, aukar også sjansen for konflikt.

Talet arbeidsdagar som går med er avhengig av lengda på konflikten, i form av streik eller lockout, og talet arbeidstakarar konflikten gjeld.

Streiken i 2016

Sist hovudoppgjer var det 14 arbeidskonfliktar, med i underkant av 166 000 tapte arbeidsdagar og 8900 involverte arbeidstakarar.

Over halvparten av arbeidsdagane gjekk med i streiken innanfor hotell- og restaurant mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv. I denne konflikten var 6172 arbeidstakarar involvert, som førte til bortfall av 92 000 arbeidsdagar.

Streiken enda med auke av tillegg og timesats, samt retten til lokale forhandlingar (som så langt ikkje har resultert i eitt øre hos dei store hotellkjedene).

Dette skjer hvis det blir streik i privat sektor

Flest i 1996, 2000 og 2010

I hovudoppgjera 1996, 2000 og 2010 var det ein halv million eller fleire arbeidsdagar som gjekk med i konflikt.

I 2012 gjekk «berre» 360 000 arbeidsdagar bort, og i hovudoppgjera etter den tid har under halvparten av dette gått med, viser statistikken frå SSB, som har tal tilbake til 1992.

Her er forslagene som kan løse AFP-floken – og gi deg ny pensjon

1996: Elektrikarstreik og AFP

I 1996 var det forbundsvise forhandlingar i NHO-området – til skilnad frå samordna forhandlingar, som blir gjennomført i årets lønnsoppgjer i privat sektor.

Dei enda i streikar, både i hotell- og restaurantbransjen, verkstadindustrien og blant elektrikarane. Elektrikarane streika i omkring to månader for kravet om rett til etter- og vidareutdanning, utan å få stort gjennomslag.

• Lurer du på noe under tariffoppgjøret? Sjekk tariffleksikonet vårt her

I dette oppgjeret vart også ordninga med avtalefesta pensjon (AFP) sluttført, og aldersgrensa var senka frå 64 til 62 år i løpet av dei to påfølgande åra.

(Artikkelen held fram under grafen.)

2000: Den femte ferieveka

Men det var i 2000 det var flest arbeidstakarar som var involvert og talet konfliktar var høgst. Lønsoppgjeret var samordna, slik det er i år.

Meklingsforslaget, som blant anna var ei gradvis gjennomføring av den femte ferieveka over ei treårig tariffperiode, vart nedstemt i uravstemminga, og vi fekk den mest omfattande streiken i etterkrigstida. I ny mekling vart avtaleperioden toårig.

I kommunesektoren var Fellesorganisasjonen så lite nøgd med resultatet at dei gjekk til streik. Elles kom offentleg sektor i hamn med meklingsforslag.

(Artikkelen held fram under grafane.)

    

2010: Likeløn

I hovudoppgjeret i 2010 vart likeløn eit sentralt tema. I privat sektor var forhandlingane forbundsvise. I frontfaga sette ein av lokale pottar til likelønsformål.

I staten vart det gitt sterke føringar om å prioritere kvinner i dei sentrale justeringsforhandlingane og dei lokale forhandlingane. I ei rekke tariffområde vart det einigheit om til dels kraftig heving av minstelønssatsane, som del av låg- og likelønsprofilen på oppgjeret.

I ei rekke bransjar vart det meir eller mindre langvarige streikar før lønsoppgjeret kom i hamn: Byggebransjen, godstransporten, blant vektarane, kommunane, reinhaldsbransjen, helseforetaka og Operaen er alle stadar det vart streik. Streiken i kommunen var mest omfattande, der LO, Unio, YS og Akademikerne streika i to veker.

Dette får du i streikestøtte hvis det blir storstreik

Mellomoppgjera

Det er færre konfliktar i mellomoppgjera, som skjer i oddetalsår. Då forhandlar ein berre om den delen av tariffavtalene som handlar om løn. I dei tolv mellomoppgjera sidan 1992 har det i snitt gått med 12 500 arbeidsdagar, fordelt på 1800 arbeidstakarar.

2015 var likevel året med høgast snitt per arbeidstakar i konflikt, der 30,5 arbeidsdagar gjekk med.

Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Annonse
Annonse