JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kommunane kjøper helsevikarar frå bemanningsbyråa for over ein milliard kroner

1,155 milliardar kroner er den samla summen kommunane brukte på helsevikarar frå bemanningsbyrå i fjor.

Anna Granqvist

tormod@lomedia.no

Det viser tal henta inn av Norsk Sjukepleiarforbund i samarbeid med Burson Cohn & Wolfe. Det er ein auke på nesten 10 prosent, frå 1,056 milliardar kroner i 2017.

– Dette er mykje pengar som kommunane heller kunne ha brukt på faste, heile stillingar, noko vi veit gir betre pasientbehandling og sterkare fagmiljø, seier leiar Eli Gunhild By i Sjukepleiarforbundet til eigne nettsider.

p

Talet har nesten dobla seg frå 2012, då kommunane brukte 625 millionar kroner. Det er Oslo, Tromsø og Lillehammer som bruker mest pengar på denne typen innleige. I forhold til innbyggartal, er det Aurland, Moskenes og Hyllestad som bruker mest.

Sjukepleiarforbundet trekk fram Trondheim og Bergen som har klart å redusere innleige av helsevikarar frå bemanningsbyrå. Trondheim kommune bruker 19 millionar kroner mindre, medan Bergen har redusert desse utgiftene med 13 millionar kroner.

Så mykje har kommunane brukt dei siste åra:

2018: 1.156 millionar kroner
2017: 1.057 millionar kroner
2016: 879 millionar kroner
2015: 913 millionar kroner
2014: 885 millionar kroner
2013: 842 millionar kroner
2012: 625 millionar kroner

Desse kommunane bruker mest per innbyggar:

Aurland: 18.870 kroner
Moskenes: 6.796 kroner
Hyllestad: 5.517 kroner
Modalen: 5.475 kroner
Valle: 4.784 kroner
Tysnes: 3.997 kroner
Bremanger: 3.656 kroner
Hasvik: 3.525 kroner
Spydeberg: 3.133 kroner
Nore og Ulvdal: 2.893 kroner

«Uklok bruk av helsevikarer i kommunene»

Desse kommunane bruker mest pengar:

Oslo: 81 millionar kroner
Tromsø: 50 millionar kroner
Lillehammer: 41 millionar kroner
Bergen: 40 millionar kroner
Stavanger: 29 millionar kroner
Ålesund: 27 millionar kroner
Eidsvoll: 26 millionar kroner
Vindafjord: 22 millionar kroner
Narvik: 21 millionar kroner
Bodø: 21 millionar kroner

Annonse
Annonse