JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innboforsikring for LO-medlemmer:

Snart skiftar LOfavør Kollektiv hjemforsikring namn

LO-medlemmenes forsikringsordning skiftar snart namn til LOfavør Innboforsikring.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Tri Nguyen Dinh

tormod@lomedia.no

Innbuforsikringa er inkludert i medlemskapet til LO-medlemmene, med mindre du har reservert deg, er elevmedlem, medlem av Norsk Jernbaneforbund eller Norsk Lokomotivmannsforbund.

– Sjekk forsikringane dine

Forsikringsordninga som snart heitar LOfavør Innboforsikring dekkar alt du har i heimen din, og enkeltgjenstandar eller samlingar opp til ein verdi av 300.000 kroner.

Forsikringa dekkar også blant anna tjuveri, sykkelen din, uhell, flytting, rettshjel og ID-tyveri.

Eigenandelen er på 3.000 kroner ved skade, men 0 kroner om fleire i husstanden har same forsikring.

Då FriFagbevegelse i fjor snakka med Kjersti Andresen, som reisar rundt og held foredrag om LOs forsikringsordningar, råda ho folk til å sjekke forsikringane sine.

– Sjekk om du har individuell innbuforsikring ved sida av LO-forsikringa. Isåfall bør du seie opp denne, for då slepp du å betale dobbelt, sa Andresen.

Konfliktfyllt historie

Du kan du berre reservere deg på tidspunktet forbundet ditt melder seg inn i forsikringsordninga. Den «reservasjonsretten» kom ikkje av seg sjølv.

Då Norsk Kjemisk Industriarbeiderforening i 1966 inngjekk avtale om kollektiv forsikring med Samvirke forsikring, førte det til rabalder. Tre medlemmer i forbundet tok landsmøtevedtaket til retten. Dei meinte forsikringar er eit individuelt spørsmål og tilhøyrer privatlivets sfære.

Det heile enda i Høgsterett, der retten kravde at medlemmene fekk reservasjonsrett mot forsikringa. Dommen var eit sjokk for fagrørsla. Men stemninga snudde etter kvart og fleire forbund innførte ordninga – med reservasjonsrett.

Lokale komitear

I LOfavør-ordninga finst det eit lokalt ledd som har ansvar for ordninga. Noko slikt finst ikkje i andre norske eller skandinaviske hovudorganisasjonar, påpeikar Fafo gjennom ei undersøking.

Dei fylkesvise LOfavør-komiteane består av representantar frå distriktskontoret til LO, lokale forbund og tilsette frå Sparebank1.

Komiteane informerer tillitsvalte om ordninga, slik at dei kan bruke fordelane i vervearbeid. I tillegg innhentar fleire komitear meiningar og erfaringar med medlemsfordelane.

Fafo fann at fellesskapstankegangen står sentralt i komiteane, gjennom prinsippet om at ordningane skal vere kollektive og gjelde alle medlemmer. I tillegg fann dei at komiteane er eit møtepunkt for debatt.

«LOfavør kan betraktes som møtepunktet mellom ulike modeller for fagorganisering. Det viktige er kollektiv styrke og samhold på arbeidsplassen, men det skal også være individuelle fordeler. Disse fordelene skal kontinuerlig vurderes opp mot LOs ideologiske grunnsyn om rettferdighet og fellesskap. Denne vurderingen skal forankres i aktivitet og debatt på grasrota», skriv forskarane Jørgen Svalund og Inger Marie Hagen.

Nytt forsikringsselskap

LOfavør er heileigd av LO og forbunda, men det er Sparebank1 som leverer forsikringstenestene.

I september inngjekk Sparbank1 og DNB ei avtale om å slå saman forsikringsavdelingane sine og danna eit felles forsikringsselskap.

Det blir landets tredje største forsikringsselskap, med nesten éin million LO-medlemmer som ein stor del av kundemassen.

Det nye selskapet er eigd 65 prosent av Sparebank1 og 35 prosent av DNB. LO eig 9,6 prosent av aksjene i Sparebank1-gruppa.

LO har tidlegare sagt at dei ser på samanslåinga som ein fordel og gjer det mogleg å forhandle fram betre avtaler. Utad vil ikkje medlemmen merke stort, har LOfavør forsikra om.

Annonse
Annonse