Likestillingspott på 17 millionar skal utjamne lønsforskjellar i DNB
Kvinner i DNB tapar løn når dei får barn. Det vil ho ha slutt på
Av ein eller annan grunn tener kvinnene i DNB 80 prosent av mennene. Dette vil LO Finans gjere noko med og har fått satt av ein eigen kvinnepott på 17 millionar.
VIL UTJAMNE: Det er meir kultur blant menn å snakke opp sine resultat og for kvinner å underkommunisere eigne resultat, seier Jannicke Skaanes, tillitsvalgt i LO Finans. Ho trur både haldningar, kultur og fødselspermisjon er årsakar til at kvinnene i DNB tener 20 prosent mindre enn mennene.
Ole Palmstrøm
oystein.windstad@lomedia.no
morten.hansen@lomedia.no
may.berg@lomedia.no
– Du kan sjå på lønsstatistikken når ei kvinne har fått barn, seier ein tilitsvalgt.
LO Finans har lenge jobba for å minske lønsforskjellane mellom menn og kvinner, og etter fleire år har dei fått gjennomslag for eit tiltak.
I finansnæringa er forskjellane tydelege og grunnene samansette. Men, at kvinner får barn og dermed går glipp av blant anna bonusar blir peika på som ei forklaring:
– Ein av toppleiarane våre seier at ein kan sjå på ei kvinne sin lønshistorikk når ho har fått barn. Då har hun stått heilt stille lønnsmessig, seier Jannicke Skaanes som er tillitsvald i LO Finans i DNB.
• Ser lett på løna når ei kvinne har fått barn
Fikk satt av pott på 17 millionar
Skaanes har over ti års erfaring i DNB og er prosjektleiar på forretningsområde konsern og internasjonale kundar. Ein gjennomgang av DN viser at kvinnene tener 20 prosent mindre enn mennene i banken:
– System og prosessar som favoriserar menn er ikkje spesielt for vår bank, men eit generelt problem i finansbransjen og beslekta næringer, som det er umulig å unngå å legge merke til eller bli påvirka av når du er kvinne, seier Skaanes. Viktor Sæther er leiar av LO Finans Postkom og oppfattar at leiinga i DNB er opptekne av behovet for utjamning:
– Potten på 17 millionar kroner er ein del av det vi blei einige om lønsoppgjøret i år. Kva utslag dette vil gje blir klart i løpet av den komande tida, når forhandlingane rundt i dei forskjellige forretningsområda finner stad, seier Sæther.
• LO Finans og DNB einige om kvinnepott
Fekk likestillingspris
DNB fekk i oktober YS` likestillingspris for deira arbeid med å rekruttere fleire kvinner i leiande stillinger og for å vektlegge rekruttering av minoritetar. Potten på 17 millionar som blei framforhandla etter initiativ av LO Finans er ein del av det som gjer at DNB har utmerka seg på likestillingsarbeid:
– I årets oppgjer blei vi einige om å innføre ein spesiell pott for skeivheiter. Pengane skal brukast i tilfelle der skeivheitene berre kan forklarast med kjønn, sa Solveig Hellebust, DNBs konserndirektør HR til Dagens Næringsliv, etter at forhandlingane med LO Finans var over.
Les også:
• I går gikk kvinner på Island hjem fra jobb klokken 14.38
• Fire av disse fem lederne vil gjøre som kvinnene på Island