JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleigde i SAS varslar om at arbeidsforholda går på sikkerheita laus

SAS leiger pilotar og kabinbesetning frå irsk bemanningsbyrå for å halde lønskostnadane nede. No gjer lågprismodellen det vanskeleg å halde flya i lufta.
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Ole Palmstrøm

tormod@lomedia.no

SAS sine datterselskap Scandinavian Arlines Ireland Limited (SAIL) og City Jet slit med å levere personell til flygningane, skriv ABC Nyheter. Ifølge avisa er mange hundre avgangar kansellert i sommar.

Konsekvensen er at SAS sitt ordinære mannskap må dekke inn mangelen på personell ved å fly på fridagar.

26 pilotar i irske SAIL sendte før sommaren eit bekymringsbrev til SAS-leiinga, skriv avisa.

Der varslar dei om at bemanningsbyrået datterselskapet kjøper tenester frå, CAE Parc Aviation, pressar dei til å gå på akkord med sikkerheita.

Dei varslar også om at pilotane sluttar eller søker seg vekk og at bekymringar retta mot arbeidsgivaren ikkje blir vidareformidla.

Pilotane hevdar dei må jobbe på fridagar og at kontraktane deira ikkje er konkurransedyktige. I tillegg meiner dei SAS sin irske treningsavdeling er i ferd med å kollapse.

SAIL driftar basar i England og Spania. Dei starta flygningar frå basen i London i november, men har enno ikkje kome i gang i Malaga.

Ryanair kansellerer 600 flygninger når kabinansatte går ut i streik neste uke

Åtvara om flysikkerheit

Kabinansattes forbund gjekk i februar ut med åtvaringar om SAS si oppretting av datterselskap og bruk av bemanningsbyrå.

Dei åtvara om at det kom til å bli usikkert kven som har arbeidsgivaransvar, i tillegg til at fleire luftfartsmyndigheiter innvolvert kom til å gjere det vanskelegare å føre tilsyn med sikkerheit og arbeidsforhold.

– Dette usunne konkurranseklimaet har svekka arbeidstakarane sine rettar og det utfordrar flysikkerheita, sa leiar Yngve Carlsen i Norsk Flygerforbund, som også åtvara mot dei nye metodane.

SAS kopierer billegselskapa sine metodar

Tøff konkurranse

– Bemanningsbyrå finst overalt elles i arbeidslivet, så dei skal ikkje vere spedalske innanfor luftfarten heller. Vi snakkar om godt utdanna og godt motiverte medarbeidarar som blir behandla på skikkeleg vis, sa informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS til FriFagbevegelse.no i februar.

SAS svarte at dei stod «overfor eit val mellom å slutte å fly til London og opprette eit selskap i Irland». Grunnen var låg betalingsvillegheit blant kundane og at dei ikkje kunne ligge på «eit kostnadsnivå som er 20 til 25 prosent høgare enn dei andre».

– Vi skulle gjerne valt oss bort frå denne verda om det hadde vore eit alternativ, sa Johansen.

Sosial dumping

Også dei skandinaviske venstrepartia rykka ut mot det dei meinte er sosial dumping.

– Vi ser med uro på at SAS går utanom nasjonale kollektive avtaler ved å opprette basar for kabinpersonale i Spania og Storbritannia. Selskap med statlege eigarar skal ikkje bidra til sosial dumping, heiter det i ei fråsegn norske Sosialistisk venstreparti, svenske Vänsterpartiet og danske Enhedslisten.

Dette var før den norske staten solgte seg ut av selskapet.

– Vi kan ikkje eksportere skandinaviske kollektivavtaler utanlands – det har aldri vore målet vårt. SAS er motstandar av såkalla sosial dumping og har den haldning at alle skal ha arbeidsavtaler med tilfredsstillande vilkår, svarte informasjonssjef Johansen den gongen.

Flygerforbundets Carlsen meinte selskapet ikkje heng med i tida. Han peika på at Ryanair no vil inngå tariffavtaler med dei tilsette. Mange meiner dette er fordi det er spådd pilotmangel og auka konkurranse om pilotane i framtida.

Politisk turbulens etter SAS-salg: – Det virker som regjeringen selger bare for å selge

Warning
Annonse
Annonse