Bemanningsbransjen
SAS kopierer billegselskapa sine metodar – venstrepartia vil endre kursen
Sjølv om det står «SAS» på selskapet sine London-fly, er det eit irsk datterselskap som står for drifta og eit irsk bemanningbyrå som leverer personellet. – Sosial dumping, seier skandinavisk venstreside.
Frå venstre: Pernille Skipper, leiar i danske Enhedslisten; Jonas Sjöstedt, leiar i svenske Vänsterpartiet; og Audun Lysbakken, leiar for norske Sosialistisk venstreparti.
Sjølvie, Jonas Sjöstedt
tormod@lomedia.no
I november starta SAS flygingar frå London med personell leigd inn gjennom det irske bemanningsbyrået Parc Aviation. Basen i London og ein komande base i Spania skal driftast av eit irsk datterselskap.
– Vi ser med uro på at SAS går utanom nasjonale kollektive avtaler ved å opprette basar for kabinpersonale i Spania og Storbritannia. Selskap med statlege eigarar skal ikkje bidra til sosial dumping, heiter det i ei fråsegn norske Sosialistisk venstreparti, svenske Vänsterpartiet og danske Enhedslisten.
• SAS-piloter kjemper mot utflagging
Bruke eigarmakt
Dei tre skandinaviske venstrepartia, som var samla på ein konferanse i Bergen i førre veke, går no hardt ut mot flyselskapet si innleige av personell frå eit irsk bemanningsbyrå.
– Vi krev at våre regjeringer tydeleg formidlar at dei som eigarar forventar at SAS-tilsette skal omfattast av våre nasjonale kollektivavtaler og gode arbeidsvilkår, heiter det i fråsegna.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Frå venstre: Pernille Skipper, leiar i danske Enhedslisten; Jonas Sjöstedt, leiar i svenske Vänsterpartiet; og Audun Lysbakken, leiar for norske Sosialistisk venstreparti.
Sjølvie, Jonas Sjöstedt
– Vi har fått urovekkande signal, ikkje minst frå svensk fagrørsle, om kva som er i ferd med å skje i SAS. Dei fryktar større grad av kopiering av andre flyselskap sine forretningsmodellar, som baserer seg på innleige, å flytte tilsette over i andre selskap og dårlege arbeidsvilkår. Vi meiner dei statleg eigde flyselskapa bør vere bastionar mot det som skjer i luftfarten, seier SV-leiar Audun Lysbakken.
Til saman har dei skandinaviske landa under 40 prosent av aksjene i SAS. Norge har den minste eigardelen.
– Vi har likevel eigarmakt. Vi veit at fagrørsla er opptatt av at politikarane skal sjå på betre regulering av luftfarten. Dette kan vere ei god anledning til å gjere det, seier Lysbakken.
Støtte frå forbunda
Lysbakken får støtte frå forbundsleiarane i forbunda som organiserer pilotar og kabintilsette i SAS.
«SAS har alltid vært et fyrtårn for anstendighet, og har vernet om den nordiske modellen, med skandinaviske ansatte. [...] Norsk Flygerforbund vet at SAS bryr seg om sine ansatte, og ber om at SAS fortsatt ser verdien av å ha flygende personell fast ansatt fremfor å sette ut arbeidsplasser til bemanningsbyrå,» skriv forbundsleiar Yngve Carlsen i Norsk flygerforbund i ein e-post til FriFagbevegelse.
«Baser blir opprettet i land med dårligere arbeidsvilkår og lønninger enn i Skandinavia,» skriv forbundsleiar Elin Roverudseter i Kabinansattes forbund i ein e-post til FriFagbevegelse.
Ho meiner det er særleg oppsiktsvekkande når dei skandinaviske landa har oppunder 40 prosent av eigarskapet og at regjeringane i dei tre landa har «ein jobb å gjere».
Forbundsleiaren peikar på fleire problem ved at selskapet opprettar basar i utlandet og driv innleige gjennom bemanningsbyrå:
• «Sikkerheten omkring operasjonen fordeles på luftfartsmyndigheter i flere land.»
• «Det blir utydelig hvem som har reelt arbeidsgiveransvar ved at personalet er ansatt via bemanningsbyråer.»
• «Flere luftfartsmyndigheter involvert gjør det også vanskelig å føre tilsyn med hva slags ansettelsesforhold, kontrakter og stillingsvern de ansatte har, og den ansatte kan vegre seg for å rapportere inn hendelser av frykt for å miste arbeidskontrakten.»
• Piloter og kabinansatte tapte ankesaken mot Norwegian
• Ap vil vurdere lovendring hvis Norwegian-dommen blir stående
SAS: – Ikkje sosial dumping
Selskapet opplyser om at dei har gjennomført åtte hundre flygingar frå basen i London. I dag betener basen fire fly og det skal totalt opprettast ni fly. Basane skal vere «komplementerande til kjerneverksemda», opplyser informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.
– På London-ruta, har vi stått overfor eit val mellom å slutte å fly til London og opprette eit selskap i Irland. Ved å opprette eit meir spissa og langt meir effektivt selskap, kan vi operere tilsvarande dei konkurrentane vi flyr mot. Det er veldig lite betalingsvilligheit i marknaden og marginane er bittesmå. Vi kan ikkje ligge på eit kostnadsnivå som er 20 til 25 prosent høgare enn dei andre, seier Johansen.
– Bidrar de til sosial dumping?
– Så absolutt ikkje. Men vi kan ikkje eksportere skandinaviske kollektivavtaler utanlands – det har aldri vore målet vårt. SAS er motstandar av såkalla sosial dumping og har den haldning at alle skal ha arbeidsavtaler med tilfredsstillande vilkår. Dette kan sjølvsagt ha lokale variasjonar, men SAS ønsker at alle partnarar som flyr regulært for SAS skal ha overenskomstar, eller tilsvarande ordningar, med sitt flygande personale.
Selskapet svarer at dei ikkje veit om det irske bemanningsbyrået har tariffavtale. Fleksibilitet er den største fordelen med å bruke bemanningsbyrå, meiner informasjonssjefen. Selskapet kan leige inn bemanning når dei har behov og på den måten kutte kostnadar.
– Bemanningsbyrå finst overalt elles i arbeidslivet, så dei skal ikkje vere spedalske innanfor luftfarten heller. Vi snakkar om godt utdanna og godt motiverte medarbeidarar som blir behandla på skikkeleg vis, seier Johansen om selskapets innleige frå det irske bemanningsbyrået.
Tøff konkurranse
Dei tre venstrepartia oppfordrar til eit nordisk og europeisk samarbeid for å sikre arbeidstakarane sine rettar.
– Vi oppmuntrar også til eit sterkare nordisk og europeisk samarbeid for å motarbeide sosial dumping og misbruk av bemanningsbyrå innan luftfarten. Fleire lågprisselskap pressar ned kostnadane gjennom usikre og dårlege arbeidsvilkår for dei som arbeider ombord på flya. Dei må møtast med felles tiltak for å sikre dei tilsette sine rettar, heiter det i fråsegna til dei skandinaviske venstrepartia.
Informasjonssjef Johansen i SAS viser til at selskapet, saman med sine tilsette, lenge har etterlyst ei klargjering av kva reglar som skal gjelde i luftfarten, både overfor nasjonale og europeiske myndigheiter.
– Konkurransen er tøff og SAS konkurerer mot selskap som har organisert seg annleis og ligg på kostnadsnivå som er langt lågare. Vi skulle gjerne valt oss bort frå denne verda om det hadde vore eit alternativ, seier Johansen.
Denne veka kom nyheita om at SAS halverte underskotet sitt frå november 2017 til januar 2018, samanlikna med same periode året før. Dette er lågsesongen for flyselskap, der dei fleste selskap går i minus.
– Vi har ein intensjon om eit godt samarbeid med våre tilsette, som vi opplever ser dei same konkurransemessige utfordringane. Om vi ikkje klarer å gå med overskot og finansiere nye fly som skal inn i flåta, blir SAS stadig mindre. Eit meir effektivt SAS sikrar dei tilsette også i Skandinavia, seier Johansen.
Usunt konkurranseklima
Også den norske arbeidstakarsida peikar på at endringane i SAS si organisering er pressa fram av konkurransen i luftfarten, som resultat av deregulering og framveksten av lågprisselskap.
Forbundsleiar Yngve Carlsen i Norsk flygerforbund nemner oppsplitta selskapsstrukturar, unormale tilsettingsformer, kortvarige kontraktar, «betal-for-å-fly»-ordningar og kreative forretningsmodellar.
«Dette usunne konkurranseklimaet har svekket arbeidstakernes rettigheter og det utfordrer flysikkerheten. For flyselskaper som ønsker å drive anstendig blir det i et slikt konkurranseklima umulig å konkurrere på like vilkår. Selskaper som SAS presses derfor til å se etter nye måter å organisere virksomheten på for å kunne møte denne usunne konkurransen,» forklarer Carlsen.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Yngve Carlsen, forbundsleiar i Norsk flygerforbund.
Yngvil Mortensen (arkivfoto)
– I ferd med å snu
Likevel meiner dei altså utflagging ikkje er vegen å gå. Carlsen viser til at den negative utviklinga i luftfarten er i ferd med å snu og at SAS ikkje heng med i tida.
«Dette tydeliggjøres ved at Ryanair nå vil tegne tariffavtaler med sine ansatte. Dette vil sikre faste ansettelser og gode vilkår hos Europas største lavprisaktør, samt bidra til like konkurransevilkår ved at flygendes lønns og arbeidsvilkår ikke lenger blir det avgjørende konkurranseelement,» skriv forbundsleiar Yngve Carlsen i Norsk flygerforbund.
Mange meiner lågprisselskap som Ryanair og Norwegian no teiknar tariffavtaler, fordi det er spådd auka konkurranse om pilotane i framtida. Ifølge Boeing sine prognoser, kjem europeisk luftfart til å trenge 106.000 nye pilotar dei neste tjue åra.
• Ryanair har for første gang i sin historie åpnet for å anerkjenne fagforeninger
• Ryanair vil inngå kollektive avtaler
• Norwegian har inngått tariffavtale med dei spanske pilotane sine
• Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside