Lønnsoppgjeret:
Brot i lønnsforhandlingane i byggebransjen: Dette er dei ueinige om
Striden står om underentreprenørar, akkord og kvinnegarderobar.
FORHANDLINGSSTART: Forhandlingsleiar Per Skau i Fellesforbundet og Siri Bergh i BNL starta lønnsforhandlingane torsdag. Fredag braut Fellesforbundet forhandlingane.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Forhandlingane starta med kravoverrekking torsdag, men allereie fredag klokka halv ti begjærte Fellesforbundet brot i forhandlingane om den såkalla Fellesovereinskomsten for byggfag.
Dermed må forbundet møte NHO-foreininga Byggenæringens Landsforening (BNL) hos Riksmeklaren til frivillig mekling.
– Vi er veldig skuffa over at det i forhandlingane ikkje var mogleg å diskutere konkrete saker, seier forhandlingsleiar og forbundssekretær Per Skau til Magasinet for fagorganiserte.
Les også: Byggebransjen frykter mer kriminalitet i arbeidslivet på grunn av koronasituasjonen
Reelle forhandlingar
Han seier Fellesforbundet fremma ei rekke krav som er viktig for heile bransjen.
– Vi ønska å styrke tiltaka for eit seriøst arbeidsliv, vi ønska å styrke lønnssystemet akkord i byggebransjen og vi ønska å legge til rette for å rekruttere fleire jenter til byggfaga, seier Skau.
– Ingen av desse områda fekk vi innrømmingar på, og det verka nesten som at BNL ikkje hadde fullmakt til å gå inn i reelle forhandlingar.
Forbundet har sendt plassoppseiing for sine 18.000 medlemmer i BNL-bedrifter. Ifølge lovverket kan dei bli tatt ut i streik om tidlegast 14 dagar.
– Vi konstaterer at det er brot og at vi treng hjelp frå meklingsinstituttet, seier forhandlingsleiar Siri Bergh i BNL til Magasinet.
Les også: Nå skal fagorganiseringen i byggebransjen styrkes. Det gjøres med et helt nytt grep
Dette er krava
Fellesforbundet har fremma ei rekke krav gjennom eit kravdokument overlevert torsdag. Dette er krava forbundet trekker fram:
• Bedriftene skal ha ansvar for at tilsette hos underentreprenørar har like gode lønns- og arbeidsvilkår som i overeinskomsten.
• Alle tilsette skal ha rett på å jobbe akkord, å få betalt for eit stykke arbeid, mot ein rett på å avtale akkord i dagens overeinskomst.
• Alle byggeplassar skal ha eigen garderobe og toalett for menn og kvinner.
I tillegg kjem dei økonomiske krava, som høgare minstelønnssatsar. Det er tradisjon for at ein i hovudsak lar tariffoppgjeret i industrien, frontfaget, legge rammene for desse forhandlingane. Industrien starta frivillig mekling onsdag etter at Fellesforbundet braut forhandlingane ein time etter oppstart.
Fikk du med deg denne? Lønnsoppgjøret i industrien: Dette mekler de om
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.