JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-krisa:

I denne fagforeininga er ni av ti medlemmer permittert

I Trøndelag har Fellesforbundet oppbemanna for å handtere alle spørsmål frå permitterte hotell- og restaurant-arbeidarar.
INNMELDINGAR: Nesten alle medlemmene i Fellesforbundet avdeling 250 er permittert. Samtidig har rekordmange meldt seg inn, fortel leiar Børge Ånesen.

INNMELDINGAR: Nesten alle medlemmene i Fellesforbundet avdeling 250 er permittert. Samtidig har rekordmange meldt seg inn, fortel leiar Børge Ånesen.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

9. mars kom dei første varsla om permittering. Over natta var alle kurs og konferansar avlyst, ingen ville lenger bu på hotell.

– Eg har aldri opplevd ei liknande omvelting i arbeidslivet. 500 fekk permitteringsvarsel i løpet av eitt døgn. Eg hadde aldri trudd at korthuset skulle ramle saman i løpet av ei veke, seier Børge Ånesen.

p

Han er leiar for fagforeininga til hotell- og restaurant-arbeidarane i Trøndelag. I dag, fire veker etter første permitteringsvarsel, er 1400 av dei 1600 medlemmene hans permitterte.

Magasinet for fagorganiserte møter Ånesen på heimekontoret, mellom telefonmøte med dei tilsette i Fellesforbundet-avdelinga, og eit drøftingsmøte på telefon.

Bemannar opp

Avdelinga jobbar døgnet rundt. Sjølv om kontingentinntektene nærmar seg null, har dei vald å oppbemanne frå halvanna til tre årsverk.

– Vi har blitt ein sørvis-einskap som svarer på spørsmål, vel så mykje som Nav, fortel Ånesen.

Han listar opp nokre av dei vanlegaste spørsmåla frå medlemmene: Har eg rett på dagpengar? Kan sjefen permittere meg 20 prosent, når eg har jobba 80 prosent i snitt? Kor mykje skal permitterte betale i kontingent?

p

Vareta medlemmene

Folk vil halde på medlemskapet, fortel Ånesen. Mange som ikkje har vore medlemmer, skjøner no verdien av å vere fagorganisert.

Avdelinga har fått rekordmange innmeldingar i mars, nesten 100 nye medlemmer.

– Bedrifter kan gå konkurs og kan komme til å seie opp folk. Vi må vareta medlemmene gjennom krisa, og når tariffoppgjeret startar, seier han.

Både bransjen og fagforeiningsarbeidet er prega av uvisse. Tariffoppgjeret er utsette til august. Dette var oppgjeret der tilsette i hotell og restaurant skulle få betalt for manglande lønnstillegg i lokale forhandlingar.

– Mjølka må ikkje bli dyrare, slår Ånesen no fast.

Han trur kravet om at lønna ikkje skal ned, i tillegg til at arbeidsgivar skal forskottere sjukepengar, blir sentrale overfor arbeidsgivarane.

p

Lønnskrav

Då permitteringane først kom, var det heftig krangel mellom klubbar og arbeidsgivarar. Hovudavtala mellom LO og NHO slår fast at i hovudsak skal vere 14 dagar varslingsfrist, men arbeidsgivarar brukte eit 2 dagars varsel.

Dei tilsette taper dermed 12 dagar med full lønn.

I avdelinga i Trøndelag, har klubbane teikna over ti såkalla tvisteprotokollar. Dermed kan ei rekke krav om etterbetaling av lønn hamne i retten når pandemien er over.

– Arbeidsgivarane har elles stort sett oppført seg eksemplarisk, og ikkje utnytta situasjonen, understrekar Ånesen.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse