JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Korona-ramma studentar får ein milliard i ekstra stipend: – Eg er ikkje imponert, seier hotelltilsett Nathalie

LO kravde at studentane skulle frå dagpengar som andre permitterte og arbeidslause, men er glad for at opposisjonen har sikra ekstra stipend.
VIL IKKJE HA LÅN: – Det er fint med stipend, men det er framleis urettferdig at vi som har betalt skatt og arbeidd ikkje får støtta vi burde fått, seier student og permittert hotellkokk Nathalie Mercadal.

VIL IKKJE HA LÅN: – Det er fint med stipend, men det er framleis urettferdig at vi som har betalt skatt og arbeidd ikkje får støtta vi burde fått, seier student og permittert hotellkokk Nathalie Mercadal.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Måndag var fleirtalet på Stortinget einige om ei rekke forbetringar i korona-krisetiltaka. Blant punkta er ein milliard kroner i ekstra stipend til korona-ramma studentar. I einigheita mellom Ap, Sp, Frp og SV heiter det:

«Stortinget ber regjeringen raskest mulig opprette en krisestøtteordning for studenter som har opplevd inntektstap grunnet koronapandemien i vårsemesteret 2021. Ordningen skal være mer tilgjengelig og ha en høyere stipendandel enn ordningen våren 2020 og ta utgangspunkt fra en ramme hvor stipendene utgjør 1 mrd. kroner.»

Nathalie jublar ikkje

Magasinet for fagorganiserte skreiv i fjor om hotellkokk Nathalie Mercadal (23) i Bergen, som bestemte seg for å gå ned til ei 60 prosent stilling for å ta høgare utdanning.

Ho jublar ikkje for den såkalla studentmilliarden. Ho samanliknar den med lånet på 26.000 kroner studentane kunne ta opp i fjor vår, der 8.000 kunne bli omgjort til stipend.

– Eg er ikkje imponert. Den ordninga vi fekk i fjor var ein tredjedel stipend og resten lån. Det kan ikkje måle seg med det vi tapar, eg tapar 14 til 16 tusen i månaden. Om eg får ei eingongsutbetaling og ein større del er stipend, er det framleis lån inne i bildet og langt mindre enn eg har tapt, forklarer ho.

Etter å ha vore permittert, har ho slite med å klare seg økonomisk. Studentar får nemleg ikkje dagpengar frå Nav.

Korona knuste ingeniørdrømmen: Deni ble permittert uten dagpenger og så seg nødt til å slutte på studie: – Jeg følte på en skam

Har lån frå før

Mercadal har måtta klare seg på dei litt over 8.000 kronene i lån og stipend ho får frå Lånekassa kvar månad. Det er langt frå nok til å dekke husleige, mat og andre levekostnader.

– Vi har lån frå før av. Det er fint med stipend, men det er framleis urettferdig at vi som har betalt skatt og arbeidd ikkje får støtta vi burde fått, legg ho til.

Mercadal ville heller hatt dagpengar eller ei stipendordning gjennom Lånekassa som er like god.

– I ei spesiell tid som dette, i ein unntakstilstand der dei forlenger permitteringsperioden, burde studentar også fått dagpengar med tanke på kor mange studentar som er avhengig av deltidsjobben sin, seier ho.

Det same meiner LO.

Mye lest: Charlotte (22) får ikke fikset tennene fordi det er for dyrt: – Ekstremt frustrerende

LO vil ha dagpengar

Norges største hovudorganisasjon fremma i november krav om ei rekke krisetiltak for studentane, blant anna mellombels rett til dagpengar frå Nav og eit koronastipend frå Lånekassa for dei som slit med å betale faste kostnader.

– Vi har argumentert for at studentar skal ha rett til dagpengar sjølv om dei er tilknytt Lånekassa, men vi er veldig nøgd med at opposisjonen fekk gjennom ein milliard i stipend. Det er veldig viktig at studentane ser ei moglegheit for å halde fram studia, seier LO-sekretær Kristin Sæther til Magasinet.

– Det er opposisjonen og LO som har stått på desse krava. Det er gjennomgåande for heile pandemien at opposisjonen og LO må overstyre regjeringa, legg ho til.

Unge sliter under korona: Førsteårs-student Oda (23) var redd for å miste grepet: – I løpet av tre uker så jeg to personer

Kompetanse kan gå tapt

Ho viser til at sju av ti studentar er avhengig av ein deltidsjobb for å studere, og at ikkje alle kan få økonomisk hjelp frå foreldra sine.

– Her kjem forskjellane verkeleg fram. Studentar har kontakta oss og fortalt at dei har avslutta studia fordi tiltaka kjem for seint, og folk ikkje kan betale leige og straum, seier Sæther.

– Vi risikerer at ein heil generasjon med kompetanse går tapt. Det er tre semester som er berørt, og det er jækla mykje for ein student, avsluttar Sæther.

Kommentar: «Regjeringen snakker som om deres egen kompensasjonsordning er perfekt. Det er den ikke»

Unngjekk å hamne på gata

Hotellet der Nathalie Mercadal også er Fellesforbundet-tillitsvald, er framleis stengd og skjenkeforbodet har ikkje gjort situasjonen enklare i bransjen.

Ho har framleis ikkje klart å finne ein jobb som kan kombinerast med studia under den høge korona-arbeidsløysa. Då Magasinet prata med ho i fjor, var Mercadal nærme å bli heimlaus fordi ho ikkje klarte å betale husleiga. Det har ho unngått.

– Eg fekk støtte frå kjenningar og ikkje kjente som vippsa meg sånn at eg fekk utsette utflyttinga. Det er veldig snilt, men samtidig føler eg at det er veldig feil, for dette gjeld ikkje berre meg, forklarer ho.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse