JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2022

Over 16.000 bygningsarbeidarar kan legge ned arbeidet tysdag. I desse bedriftene kan det bli streik

Fellesforbundet har brote den frivillige meklinga med Byggenæringens Landsforening, og tar medlemmene ut i streik om partane ikkje blir einige innan tysdag.
KRAVA: Minstelønn og auka bruk av akkord er viktige krav for Fellesforbundt i årets lønnsoppgjer.

KRAVA: Minstelønn og auka bruk av akkord er viktige krav for Fellesforbundt i årets lønnsoppgjer.

Erlend Angelo

tormod@lomedia.no

Det melder forbundet torsdag føremiddag.

Riksmeklaren har kalla inn Fellesforbundet og arbeidsgivarane i NHO-foreininga Byggenæringens Landsforening (BNL) til såkalla frivillig mekling før Fellesforbundet kan sette i verk ein streik.

Årets tariffoppgjer i byggebransjen er omtalt som spesielt vanskeleg, og striden står blant anna om høgare minstelønn og meir bruk av lønnssystemet akkord.

Fristen for å bli einige er klokka 24 måndag 4. april.

Siste: Det blir ikke streik i byggebransjen: Minstelønna øker med 10 kroner

Sjå lista over bedriftene der Fellesforbundet-medlemmene kan bli tatt ut i streik, lengre ned i saka!

Oversikt: Her kan 28.000 industriarbeidarar gå ut i streik fredag

Her kan det bli streik

Om dei ikkje klarer å bli einige, legg 16.200 Fellesforbundet-medlemmer i byggebransjen ned arbeidet frå 5. april. Forbundet kjem altså til å ta ut nesten alle medlemmene omfatta av overeinskomsten i første uttak.

Innsikt: Dette bør du vite om streik. 16 spørsmål og svar

Streikevarselet gjeld rundt 960 bedrifter, der omtrent 820 er organisert i NHO. Resten er bedrifter Fellesforbundet har såkalla direkteavtale med.

Sjå dei viktigaste krava i tariffoppgjeret i byggebransjen, lengre ned i saka!

Streikevarsel samla byggfag 2022

Stor streikevilje

Mens alles auge framleis er på det viktige frontfagsoppgjeret i industrien med frist natt til fredag, er også tariffoppgjeret i byggebransjen på veg inn i siste fase før eit eventuelt resultat eller streik.

Oppgjeret innanfor byggfaga starta 17. mars, men partane måtte be om hjelp frå Riksmeklaren allereie etter to dagar.

– Vi stiller rettferdige og gode krav som vil bidra til å trekke heile bransjen i riktig retning. Derfor er det sjølvsagt skuffande å oppleve at vi ikkje kjem vidare med forhandlingane, sa forbundssekretær og forhandlingsleiar Per Skau da.

Bakgrunn: Uenighet om minstelønn og bruk av akkord førte til brudd i byggebransjen

RIKTIG RETNING: Krava til Fellesforbundet drar byggebransjen i riktig retning, meiner forbundssekretær Per Skau. Her frå kravoverleveringa 17. mars saman med forhandlingsleiar Siri Bergh i BNL.

RIKTIG RETNING: Krava til Fellesforbundet drar byggebransjen i riktig retning, meiner forbundssekretær Per Skau. Her frå kravoverleveringa 17. mars saman med forhandlingsleiar Siri Bergh i BNL.

Håvard Sæbø

Årets tariffoppgjer i byggfaga vart spådd til å bli blant dei to aller vanskelegaste av forbundsleiar Jørn Eggum. Forutan krava frå frontfaget om blant anna meir å rutte med, altså at lønnsveksten blir større enn prisstiginga i år, har byggebransjen også eigne viktige krav.

– Vi opplever stor streikevilje ute i klubbane. Mange seier at byggebransjen står ved eit vendepunkt, sa fagforeiningsleiar Joachim Espe til Magasinet tidlegare denne veka om eit opprop underskrive av tillitsvalde frå Kirkenes til Lindesnes.

Streikeviljen er stor: Tillitsvalgte i byggebransjen i opprop mot lavlønnskonkurransen

Dette er krava

Årets lønnsoppgjer er eit hovudoppgjer, som gjer at heile overeinskomsten kan forhandlast om, ikkje berre lønna. Høgare minstelønn og meir bruk av lønnssystemet akkord er viktige krav frå Fellesforbundet i år:

• Høgare minstelønn, for å motverke sosial dumping og låglønnskonkurranse gjennom den spesielle lovfestinga av minstelønna i overeinskomsten.

• Betre ordningar for meir bruk av akkord, altså eit lønnssystem der tilsette får meir betalt etter kor produktive dei er.

• Reglar som hindrar bruk av smotthol når lovene om innleige frå bemanningsbyrå blir stramma inn og bruk av bemanningsbyrå blir forbode på byggeplassar i Oslofjordområdet.

• Få på plass gode system for å hindre trakassering på byggeplassane, for sikre likestilling og rekruttering av kvinner til bransjen.

Krav: Minstelønna i byggebransjen må kraftig opp

Fellesovereinskomsten for byggfag er den nest største tariffavtala i forbundet, omfattar omtrent 38.000 tilsette der over 17.000 er Fellesforbundet-medlemmer.

Førre streik i byggebransjen var ein fire døgn lang storstreik i 2010, der resultatet blant anna vart høgare minstelønn og satsar i akkordtariffen.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse