Lønnsoppgjeret 2022
Over 6000 byggeindustri-arbeidarar kan gå ut i streik fredag
Fellesforbundet har brote den frivillige meklinga i lønnsoppgjeret for byggeindustrien.
KRAVA: Betre reglar for likestilling og høgare minstelønn er blant krava til Fellesforbundet i årets tariffoppgjer i byggeindustrien.
Håvard Sæbø
tormod@lomedia.no
Søndag føremiddag braut Fellesforbundet meklinga med NHO-foreininga Byggenæringens Landsforening (BNL), melder forbundet.
Forbundet varslar at omtrent 6.100 medlemmer i 340 bedrifter kjem til å legge ned arbeidet fredag 8. april, om ikkje partane kjem til einigheit før den tid. Dermed vil nesten alle medlemmene omfatta av tariffavtala for byggeindustrien bli tatt ut i første streikeuttak.
Byggeindustrien er industrien som produserer for eksempel trelast-, trehus-, gipsplate- og betongelement. I tillegg omfattar tariffavtala trelastutsal og byggevarehus.
Les også: Dette bør du vite om streik: 16 spørsmål og svar
Les også: Når må kollegaene mine melde seg inn i et forbund for å få streikestøtte?
Her kan det bli streik
Forhandlingane i tariffoppgjeret starta 22. mars, men etter ein dag måtte Fellesforbundet og BNL be om hjelp frå Riksmeklaren og såkalla frivillig mekling. Det har altså heller ikkje ført fram.
No har Riksmeklaren kalla partane inn til tvungen mekling, og fristen for å bli einige er midnatt natt til fredag.
I desse bedriftene kan det bli streik fredag 8. april:
Streikevarsel samla byggindustrien 2022
Dermed har dei tre første tariffoppgjera til Fellesforbundet alle gått til såkalla tvungen mekling. I industrien, det viktige frontfagsoppgjeret, vart forbundet einige med Norsk Industri på overtid fredag. Midnatt, natt til tysdag, er fristen for byggfaga og den andre meklinga med BNL.
Lønnsoppgjøret: Her er resultatet i frontfagsoppgjeret
Les også: Over 16.000 bygningsarbeidarar kan legge ned arbeidet tysdag. I desse bedriftene kan det bli streik
Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di
Dette er krava
Byggeindustrien følger den økonomiske ramma for lønnsvekst frå frontfagsoppgjeret. Fredag var det klart at den blir 3,7 prosent, altså høgare enn den forventa prisstiginga på 3,3 prosent i 2022. Auka kjøpekraft var Fellesforbundets viktigaste krav i år.
Årets tariffoppgjer er eit hovudoppgjer, noko som gjer at heile overeinskomsten kan forhandlast om, ikkje berre lønn.
Forhandlingsleiar og forbundssekretær Hege Espe har sagt til Magasinet at likestilling blir viktig i byggeindustrien. Eit av krava er reglar for korleis lønnsforskjellar mellom kvinner og menn skal handterast.
Høgare minstelønn er også viktig for forbundet, sidan det er store forskjellar mellom bedriftene i bransjen.
Forhandlingsleiar Siri Bergh i BNL har sagt at det blir eit krevjande oppgjer i år.
Måndag startar også tariffoppgjera i hotell- og restaurant-bransjen og bussbransjen:
Bussjåførene frykter å bli et lavtlønt yrke: – Sliter med å få lønna vi fortjener, sier tillitsvalgt
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.