JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbyrå

Polske Seweryn tar norskkurs og fagbrev etter ti år i Noreg: – Aukar verdien min

No håpar Seweryn Dumanski (50) på høgare lønn, fast jobb utanfor bemanningsbransjen og å føle seg som ein del av det norske samfunnet.
Fellesforbundet-medlem Seweryn Dumanski slo til på tilbodet frå fagforeininga om norsk- og fagteorikurs.

Fellesforbundet-medlem Seweryn Dumanski slo til på tilbodet frå fagforeininga om norsk- og fagteorikurs.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

OSLO: Dei siste ti åra har han jobba som forskalingssnikkar for bemanningsbyrået Workshop Bemanning.

I vår slo Fellesforbundet-medlemmen til på fagforeininga sitt tilbod om norskkurs og teorikurs i betongfaget, sånn at han kan ta teorieksamen og fagprøva som såkalla praksiskandidat. Men det er ikkje berre på grunn av det norske fagbrevet han vil lære språket.

– Eg har lært litt norsk, men vil snakke meir med folk. Det blir einsamt utan vennar og djupare samtaler. Norsk språk gir deg moglegheiter i Noreg, forklarer 50-åringen – som vil finne ut om han kan bli ein del av det norske samfunnet.

Fagbrevet vil han ta for å få høgare lønn og fast jobb hos ein av entreprenørane han har vore utleigd til.

14 kroner meir per time er forskjellen på minstelønna i tariffavtala for byggfaga, med fagbrev eller svennebrev i faget. Fagbrevet handlar om verdigheit, fortel Dumanski som har fem års yrkesskole frå Polen.

– Eg vil at sjefane på byggeplassen skal respektere meg, dei ser meg berre som innleigd. Fagbrevet aukar verdien min og gjer at eg står sterkare på arbeidsmarknaden.

Å kunne norsk er ikkje berre ein fordel når ein skal lese fagteori, men også ein døropnar for å bli ein del av samfunnet. Det meiner polske Seweryn Dumanski.

Å kunne norsk er ikkje berre ein fordel når ein skal lese fagteori, men også ein døropnar for å bli ein del av samfunnet. Det meiner polske Seweryn Dumanski.

Tormod Ytrehus

Norsk og fagbrev er nøkkelen

Neste år kan ikkje Dumanski jobbe som innleigd i hovudstaden lenger. Støre-regjeringa har nemleg varsla eit innleige-forbod på byggeplassar i Oslo-området.

Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo har lenge kjempa for lovendringa, og fagforeininga jobbar no med å hjelpe medlemmane i bemanningsbyråa til å få ny jobb hos entreprenørar.

Norskkurs og fagteorikurs er ein nøkkel, forklarer fagforeiningsleiar Joachim Espe.

– Det styrkar posisjonen til medlemmane i arbeidsmarknaden. Ein må lære norsk for å ta fagbrev eller svennebrev, men også for å styrke posisjonen sin som samfunnsborgar. Og vi ser at bedrifter som tilset folk, spør etter norsk språk og fagkompetanse.

Rundt 130 av medlemmane i fagforeininga jobbar i bemanningsbyrå. Fagforeininga anslår at over 20 prosent av dei 2.500 yrkesaktive medlemmane er arbeidsinnvandrarar og har behov for norskkurs.

Norsk språk og fagkompetanse gjer at du står sterkare rusta både i arbeidslivet og samfunnet generelt, og gjer det enklare å få jobb utanfor bemanningsbransjen. Det meiner leiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo.

Håvard Sæbø

Fagforeininga arrangerer kurs

Fagforeininga arrangerer norskkurs og fagteorikurs for tømmer, betong og røyr i samarbeid med private tilbydarar. Kursa starta i fjor haust, med nye kurs kvart semester. Og kursa er delvis finansiert av studiestipendet som deltakarane får frå LO om dei har vore medlemmar i Fellesforbundet i over eitt år. Resten dekker fagforeininga.

– Det er lang venteliste. Det er mykje arbeid med pensum etter arbeidstid, så medlemmane er motiverte, seier Espe.

Teorieksamen og fagprøva må medlemmane betale sjølv, men Espe minner om at arbeidsgivar skal ta rekninga dersom bedrifta har tariffavtale.

– Mykje av det vi gjer er eigentleg bedriftene sitt ansvar, meiner fagforeiningsleiaren.

Han seier fagforeininga no jobbar for at norsk- og fagteori-kursa skal bli ein del av bransjeprogrammet for byggebransjen – eit samarbeid mellom arbeidsgivarane, Fellesforbundet og myndigheitene. Og ein del av etter- og vidareutdannings-programmet i tariffavtala.

Annonse frå bemanningsbyrå skaper reaksjonar: – Kreativt påfunn for å sno seg rundt innleieforbudet

Fire spørsmål og svar om fagbrev

Korleis tar eg fagbrev?

Du kan ta fagbrev eller svennebrev som vaksen, altså sjølv om du ikkje har tatt det gjennom opplæring i vidaregåande skole og som lærling i ei bedrift: Om du har lang nok praksis i faget, kan du ta teorieksamen og fagprøve eller sveineprøve som privatist. Ordninga blir kalla «praksiskandidat». For dei fleste er fem år lang nok praksis. Du kan også ta fagbrev eller svennebrev etter berre eitt års praksis i faget. Men da må jobben og fylkeskommunen din ha ei ordning for opplæring. Den ordninga blir kalla «fagbrev på jobb». Ein god start er å kontakte fagopplæringskontoret i fylket ditt.

Kan eg få støtte til å ta fagbrev?

Jepp, som praksiskandidat kan du få inntil 10.500 kroner i stipend frå LOs utdanningsfond. Du kan også få 4.000 kroner til kortare kurs og kurs innanfor «yrkesnorsk», altså norskkurs retta mot bruk i jobben din. Kravet er at du har vore medlem i Fellesforbundet i over eitt år (eller medlem i ni andre LO-forbund som er med i ordninga, da).

Funkar utanlandsk fagbrev i Noreg?

Ja, du kan få ei utanlandsk fagopplæring sidestilt med eit norsk fagbrev eller svennebrev. Men først må du sende ein søknad til Nokut om å få opplæringa godkjent. Det nasjonale kontrollorganet vurderer deretter om fagopplæringa di er bra nok oppimot med den norske.

Får eg høgare lønn med fagbrev?

Ja. Tariffavtalene til Fellesforbundet har høgare minstelønn for fagarbeidarar enn ufaglærte, og dei fleste bedriftene har avtalt enda høgare lønn med Fellesforbundet-klubbane lokalt. Spør tillitsvalt på jobben kva forskjellen er på din arbeidsplass!

Minstelønna for fagarbeidarar på byggeplassar og verft er faktisk lovfesta i Noreg. Det betyr at minstelønna i tariffavtala også gjeld dei som ikkje har tariffavtale på jobben. Lovene om minstelønn er ikkje oppdaterte etter siste lønnsoppgjer, men skal bli det i haust.

Dessutan er likebehandling av innleigde frå bemanningsbyrå lovfesta i Noreg. Det betyr at du har rett på minst like gode lønns- og arbeidsvilkår som fast tilsette i bedrifta du er utleigd til.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse