JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret i hotell og restaurant:

Servitørane Sidsel og Andreas stemte forskjellig i uravstemminga. Den eine er letta og den andre er skuffa

Fredag vart det klart at fleirtalet av Fellesforbundet-medlemmene stemte ja i lønnsoppgjeret for tilsette i hotell og restaurant.
Sidsel Brantsæter frykta ein streik kunne føre til eit større tap enn siger, mens Andreas Tharaldsen ville sende ei klar melding til arbeidsgivarane.

Sidsel Brantsæter frykta ein streik kunne føre til eit større tap enn siger, mens Andreas Tharaldsen ville sende ei klar melding til arbeidsgivarane.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Det var knytt stor spenning til uravstemminga i tariffoppgjeret for tilsette innanfor overnatting, servering og catering. Forhandlarane gjekk nemleg til det uvanlege skrittet å ikkje anbefale medlemmene å stemme ja til forslaget frå meklinga med arbeidsgivarane i NHO Reiseliv.

Resultatet i uravstemminga vart likevel dobbelt så mange ja- som nei-stemmer blant dei 4.500 medlemmene som deltok. Dermed blir det ikkje streik i bransjen som er hardt ramma av koronakrisa.

Les meir om resultatet: Fleirtalet seier ja til lønnsoppgjeret i hotell og restaurant

Sidsel er letta

Servitør og hovudtillitsvald Sidsel Brantsæter på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo, stemte ja i uravstemminga. Ho er glad ho slepp å stå streikevakt utanfor eit hotell utan gjestar.

– Eg er veldig letta. Ein streik på hotellet vårt hadde vore eit slag rett ut i lufta. Det er så lite gjestar og så annleis situasjon at vi ikkje hadde oppnådd tilsvarande trøkk som førre streik i 2016, seier Brantsæter som sjølv er permittert.

Saka held fram under bildet.

Sidsel Brandsæter.

Sidsel Brandsæter.

Erlend Angelo

Ho viser dessutan til kravet frå NHO Reiseliv om å fjerne forhandlingsretten tillitsvalde har når vaktlista skal settast opp. Brantsæter meiner det var ein stor siger at forhandlarane klarte å stoppe dette angrepet.

– Tilsette i bransjen vår fortener ei lønn å leve av, men eg var redd for streik denne gongen. Hadde vi gått ut i streik, kunne vi tapt meir enn vi hadde vunne, seier ho.

Les denne frå mars: Ekstrahjelp Nana er bekymra for om ho klarer å forsørge sin fem år gamle son under krisa

Noko forhandlarane derimot ikkje fekk gjennomslag for, var kravet om ei opprydding i den utstrekte bruken av ekstrahjelper utan garanti for arbeid eller inntekt. Heller ikkje fast månadslønn etter stillingsprosent er ein del av resultatet.

Andreas er skuffa

Servitør Andreas Tharaldsen, inntil nyleg konserntillitsvald på Hotel Continental i Oslo, ville sende ein klar beskjed til NHO Reiseliv om at dei ikkje godtar kva som helst. Derfor stemte han nei i uravstemminga.

– Eg er skuffa. Det er ikkje til å legge skjul på at det er ei veldig dårleg avtale som var på uravstemming. Vi har ikkje fått gjennomslag for nokre av krava som er viktige for oss.

Saka held fram under bildet.

Andreas Tharaldsen.

Andreas Tharaldsen.

Håvard Sæbø

– Vi hadde ei historisk moglegheit til å gjere noko med bruken av ekstrahjelper no som bruken er låg og oppseiingsprosessar er i gang. Vi fryktar at bedrifter vil nedbemanne og erstatte fast tilsette med lausarbeidarar, seier Tharaldsen.

Han meiner også lønnstillegget er altfor lite og langt dårlegare enn andre låglønnsbransjar. Auken i minstelønna burde vore nærmare 3 enn 1,72 kroner i timen, meiner han.

– Når prosentsatsen vi betaler i kontingent er høgare enn prosenten vi får i lønnsauke, kan vi seie at det er eit dårleg økonomisk oppgjer. Dette oppgjeret gjer at vi stabiliserer oss som eit låglønnsfag heilt på botnen av lønnsstatistikken.

Fekk du med deg denne? Andreas har ein av Norges dårlegast betalte jobbar

– Eg er organisert for å få betre lønns- og arbeidsvilkår, ikkje for å få billegare innbuforsikring. No har vi to år på ei ganske dårleg tariffavtale til å prøve igjen, legg han til og viser til neste houvdoppgjer.

Tharaldsen trur arbeidsgivarane i oppgjeret spekulerte i låg streikevilje på grunn av koronakrisa.

Ikkje streikevilje

Han har forståing for at det er krevjande å gå ut i streik når mange av medlemmene er permittert, og delar av bransjen er stengd ned; Streikeviljen er låg, og det er vanskelegare å ramme arbeidsgivarane økonomisk.

Uravstemminga kom dessutan midt i nye koronarestriksjonar og påfølgande massepermitteringar.

– Frykta for å miste jobben speler nok inn på korleis oppgjeret vart som det vart, seier Tharaldsen som også er permittert.

Les også: Hotell-toppen tener 15 gongar så mykje som ein tilsett

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse