JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Snittlønn

Steinar har ein av Norges dårlegast betalte jobbar. Her er dei 25 yrka med lågast lønn

Hotellresepsjonistar er blant lønnstaparane i Norge. Nok eit år hamnar yrka innanfor hotell- og restaurantbransjen på botnen av lønnsstatistikken.
Trass den låge lønna er hotellresepsjonist Steinar Hammer kjempeglad i jobben. Han elskar å prate med folk og yte service.

Trass den låge lønna er hotellresepsjonist Steinar Hammer kjempeglad i jobben. Han elskar å prate med folk og yte service.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

Kvart år legg Statistisk sentralbyrå fram ei oversikt over snittlønna i over 360 yrke. I februar kom oversikta for 2021.

Steinar Hammer (56) jobbar i yrket som hamnar på plass nummer 350. Han er hotellresepsjonist og har den 11. dårlegaste betalte jobben i Norge, ifølge SSB.

På botnen av lista finn vi også assistentar på kjøkken, bartenderar, servitørar og folk som jobbar på gatekjøkken og kafe.

Sjå alle dei 25 yrka med lågast lønn lenger ned i saka!

– Det er kjipt at eit yrke som eg er glad i og ser på som viktig, ikkje er så bra betalt, seier Fellesforbundet-tillitsvald Hammer når Magasinet møter han før ei nattevakt på Radisson Royal Garden i Trondheim.

Må ha ekstrajobb

Hammer jobbar som nattresepsjonist, sju dagar på og sju dagar av.

For å få økonomien til å gå rundt jobbar han som vakt på festivalar, konsertar og utestadar i frivekene. Sånn har han råda til å eige hus og bil, i motsetnad til mange andre i bransjen.

– Eg gjer dette fordi eg har lyst, ikkje fordi eg vil bli millionær. Eg synest det er gøy å prate med folk og gi dei ei god oppleving. Det gir meg mykje, understrekar Hammer.

Likevel meiner han lønna ikkje står i stil med kompetansen jobben krev.

MANGLAR FOLK: Reise- og utelivet skrik etter arbeidskraft, men lønna er lågara enn i andre yrke med fagbrev. Lønna må opp, meiner resepsjonist Steinar Hammer.

MANGLAR FOLK: Reise- og utelivet skrik etter arbeidskraft, men lønna er lågara enn i andre yrke med fagbrev. Lønna må opp, meiner resepsjonist Steinar Hammer.

Tormod Ytrehus

Kompetanse og ansvar

Sidan 2005 har han jobba som hotellresepsjonist, sidan 2015 med fagbrev. Det er slutt på tida da folk kunne komme rett inn i resepsjonen utan fagutdanning, fortel han.

– Vi er faglærte, må kunne mykje med tanke på data, førstehjelp, brann, tryggleik, matlaging, alkohol, lover og reglar. Vi skal vere service minded og kanskje litt psykolog i tillegg. Og så får vi den lønna vi får. Du skal vere veldig interessert i faget for å bli verande.

Jobben er dessutan viktig for både samfunnet og folk, meiner han. Samfunnet treng hotell når det brenn i ein bygard, beredskapshotell under kriser og karantenehotell når ein pandemi bryt ut. Folk treng ein stad å overnatte og ete – anten det er turistar på ferie, arbeidstakarar på jobbreise eller pasientar som må reise til sjukehuset.

Folk vil også ut på barar, kafear og restaurantar.

– Det er tydeleg at vi er viktige.

Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di

Lønna må opp

Reise- og utelivet har slite med å få tilbake arbeidskrafta som har forsvunne under koronapandemien.

Høgare lønn hadde gitt jobbane høgare status og gjort det enklare å rekruttere og halde på folk, meiner Hammer.

– Vi har både stort ansvar og mykje kompetanse, men likevel tener folk i andre yrke mykje meir enn oss. Alle andre med fagbrev har mykje meir betalt enn oss, påpeikar han.

Hotell og restaurantar har nettopp komme seg gjennom nok ei runde med strenge smitteverntiltak, og no ser framtida lys ut. Det er innteninga fram i tid lønna skal betalast med, påpeikar Hammer.

Årets lønnsoppgjer handlar om å få meir av kaka som skal bakast.

– Det er vi som dagleg møter opp og skaper magiske augeblink for gjestane som gjer at vi tener pengar, det er ikkje bygningane som genererer pengane. Det er vår innsats som gjer at hotellet blir fullt, at folk trivest og kjem tilbake, meiner Hammer.

Sjølv ønsker han høgare kvelds-, natt- og helgetillegg som startar tidlegare. 25 prosent bør tillegga auke i år, meiner han.

Dette er dei 25 dårlegast betalte yrka, sortert etter gjennomsnittleg månadslønn før skatt:

1. Hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon 27.780 kroner

2. Intervjuarar 28.620 kroner

3. Mannekengar og modellar 29.350 kroner

4. Gatekjøkken- og kafémedarbeidarar mv. 29.730 kroner

5. Hjelpearbeidarar i kombinasjonsbruk 30.070 kroner

6. Servitørar 31.090 kroner

7. Bartenderar 31.230 kroner

8. Kjøkkenassistentar 31.360 kroner

9. Plante- og husdyrprodusentar (kombinasjonsbruk) 31.540 kroner

10. Bingovertar, bookmakerar mv. 32.090 kroner

11. Hotellresepsjonistar 32.350 kroner

12. Mjølke- og husdyrprodusentar 32.510 kroner

13. Hjelpearbeidarar i nyttevekstproduksjon 32.520 kroner

14. Dyrepassarar og – trenarar mv. 33.220 kroner

15. Andre hjelpearbeidarar 33.250 kroner

16 Reinseri- og vaskerimaskinoperatørar 33.360 kroner

17. Skoleassistentar 33.370 kroner

18. Servicemedarbeidarar (bensinstasjon) 33.390 kroner

19. Varepåfyllarar 33.490 kroner

20. Korn- og grønsakprodusentar 33.660 kroner

21. Reinhaldarar i private heimar 33.760 kroner

22. Hjelpearbeidarar i gartneri mv. 33.990 kroner

23. Andre handverkarar 34.250 kroner

24. Sykkelreparatørar mv. 34.250 kroner

25. Barnehage- og skolefritidsassistentar mv. 34.260 kroner

Om tala

Tala er samla inn gjennom a-meldinga arbeidsgivarane sender inn til myndigheitene.

Lønna er rekna om til månadslønn for heiltidsstilling.

Med i reknestykket er avtalt lønn, inkludert faste personlege tillegg, uregelmessige tillegg og bonusar. Overtidsbetaling, naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjeringar og liknande er ikkje medrekna.

Oversikta viser gjennomsnittleg brutto lønn.

Kilde: SSB

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Om tala

Tala er samla inn gjennom a-meldinga arbeidsgivarane sender inn til myndigheitene.

Lønna er rekna om til månadslønn for heiltidsstilling.

Med i reknestykket er avtalt lønn, inkludert faste personlege tillegg, uregelmessige tillegg og bonusar. Overtidsbetaling, naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjeringar og liknande er ikkje medrekna.

Oversikta viser gjennomsnittleg brutto lønn.

Kilde: SSB