Utsleppskutt:
Vil du redde klimaet? Her er 10 små og store endringar du kan gjere i kvardagen
Å reise mindre med bil og fly, er noko av det som gir størst utsleppskutt.
NORGESFERIE: Å bytte ut ei flyreise til andre sida av jorda med ein kortreist norgesferie, er eit av dei største utsleppskutta på lista vår.
Colourbox
tormod@lomedia.no
Vi startar med dei små endringane i kvardagen.
1. Kjeldesortere: Dersom du sorterer alt avfall, utgjer ikkje det eit kjempestort utsleppskutt. Men kjeldesortering fører blant anna til gjenbruk, som fører til kutt i utslepp gjennom produksjon av nye ting.
2. Redusere innetemperaturen: Senkar du innetemperaturen med éin grad, kan du redusere energiforbruket ditt til oppvarming med heile fem prosent. Det kan jo vere koseleg å ta på seg ullgenseren bestemor har strikka sjølv om du er innandørs.
p
3. Droppe ei kort flyreise: Å droppe ei kort flyreise, tilsvarande Oslo til Bergen og tilbake, er eit av dei beste klimatiltaka du kan gjere i kvardagen. Kanskje kan du ta Bergensbanen i staden. Fordelen er at du slepp tryggleikskontrollen.
4. Ete mindre kjøtt: Å kutte éin dag med kjøttmiddag i veka, er eit enkelt tiltak i kvardagen. Å ete meir grønt, kan dessutan føre til betre kosthald og helse. Dersom du halverer kjøttforbruket ditt, begynner det verkeleg å monne.
5. Køyre mindre bil: Dette er tiltaket som gjer størst forskjell i kvardagen. I gjennomsnitt køyrer vi 13.000 kilometer i året. Kuttar vi éin av sju bilturar med dieselbilen, som utgjer 2000 kilometer i året, fører det til eit ordentleg kutt.
Utsleppskutt for små klimatiltak
Dersom du verkeleg vil gjere ein forskjell, kan du vurdere desse fem tiltaka:
1. Installere solcellepanel: Dersom du bur i einebustad, har du kanskje moglegheit til å installere solcellepanel på taket. Mindre straumforbruk frå fossile energikjelder, fører også til mindre klimagassutslepp. Og så kan du spare litt pengar.
2. Flytte til leilegheit: Leilegheiter krev mindre straum til oppvarming, og eit flytte frå hus til leilegheit er eit tiltak som verkeleg monnar. Kanskje er det uansett på tide å flytte til noko mindre og meir praktisk etter at ungane har flytta ut?
3. Skifte ut oljefyr: Fyringsolje fører til store klima-gassutslepp. Dersom du i staden fyrar med pellets, held du deg framleis varm og bidrar samtidig til eit stort utsleppskutt.
p
4. Bytte til elbil: Sjølv om elbilen sitt straumforbruk også fører med seg utslepp, vil eit bytte frå dieselbil til elbil verkeleg bidra til å redusere klimagassutslepp. Her treng vi vel knapt å nemne at avgiftspolitikken også gir nokre fordelar.
5. Droppe ei lang flyreise: Droppar du ein flytur frå for eksempel Norge til ein amerikansk storby, kan du spare klimaet for verkeleg store utslepp. Det er mykje vakkert å sjå også her heime.
Utsleppskutt, store klimatiltak
Hva gjør vi for å berge kloden?
Møt klimaengasjerte arbeidsfolk i åtte ulike bransjer:
• Mekaniker Remi (27) har laga verdens første oppladbare gravemaskin
• Visste du at trær kan erstatte olje og gass? Her lager de gull av grønne skoger
• Chris og kollegaene bygger nytt kontorbygg med gamle materialer
• Her kjører avisbudene elektrisk: – Vi har varme i håndtak og frontrute, men jeg frøs på føttene
• På dette trykkeriet forurenser de minst mulig: – Det gjør noe med selvfølelsen
• Hotellkokk Anja gleder seg over at kjøkkenet bytter farlige kjemikalier med ozonvann
• Roger og Per-Kristian lager slam av fiskeavfall. Det er gull verd for bønder og busser
• Ingen industriarbeidere skal føle klimaskam, mener Jørn Eggum: – Vær stolt over arbeidsplassen din
• Derfor skriver vi om klimaløserne i arbeidslivet