Snart er hovudoppgjeret i gang. Her frå førre gong i 2020, da forhandlingsleiarane Jørn Eggum i Fellesforbundet (til høgre) og Stein Lier-Hansen i Norsk Industri ovverrekte krava sine i frontfagsoppgjeret.
Håvard Sæbø
Lønnsoppgjeret 2022:
Desse 17 tillitsvalde skal forhandle om lønna di
Det viktige frontfagsoppgjeret legg føringar for alle andre lønnsoppgjer. Her er Fellesforbundet-delegasjonen som skal sørge for at du får meir å rutte med i år.
tormod@lomedia.no
Forbundsstyret i Fellesforbundet vedtok måndag delegasjonane i alle dei store tariffoppgjera.
Eitt tariffoppgjer er ekstra viktig, og har alles auge på seg. 9. mars startar frontfagsoppgjeret, med frist 1. april. Frontfaget er Industriovereinskomsten mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. Etter at dei har blitt einige, anslår LO og NHO ei ramme for lønnsveksten i heile industrien. Denne ramma bruker å legge føringar for alle andre lønnsoppgjer, og er der den samla lønnsveksten i Norge bruker å ligge.
Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di
Industriovereinskomsten er også den største tariffavtala i privat sektor. Nesten 30.000 Fellesforbundet-medlemmer er omfatta av avtala og kan bli tatt ut i ein eventuell streik for å sette makt bak krava.
I år er krav nummer éin at kjøpekrafta skal auke, altså at lønna skal auke meir enn prisane. 17 tillitsvalde i Fellesforbundet har fått ansvar for at det også blir resultatet i forhandlingane med Norsk Industri.
Oversikt: Vet du når lønna di skal forhandles? Her kan du se når de ulike oppgjørene starter
Dette er delegasjonen
Eit viktig prinsipp i Fellesforbundet er at minst halvparten av forhandlingsdelegasjonane skal vere omfatta av overeinskomsten dei forhandlar om, altså jobbe i bedrifter som har inngått tariffavtale med Fellesforbundet. Dermed vil resultatet av oppgjeret få direkte konsekvensar for fleirtalet av forhandlarane.
Vidare skal delegasjonane leiast av nokon frå forbundsleiinga eller administrasjonen i Fellesforbundet.
Innsikt: Fem punkter som gjør årets lønnsoppgjør ekstra vanskelig
Her er dei 17 tillitsvalde som utgjer årets frontfagsdelegasjon:
• Jørn Eggum, forbundsleiinga, forhandlingsleiar
• Kine Asper Vistnes, forbundsleiinga
• Bernhard Brunes, forbundsstyret
• Bjørn Sigurd Svingen, representantskapet
• Kristine Søilen, Bergen Engines, avdeling 5
• Mariann Rustad, Interfil AS, avdeling 670
• Hans-Petter Anker Bærem, Nexans Norway AS Halden, avdeling 75
• Morten Lage Jacobsen, Evry Card Services AS, avdeling 143
• Rune Eriksson, Aibel AS Avd Haugesund, avdeling 57
• Kai-Runar Svarstad, Linjebygg AS avd Molde, avdeling 65
• Jens Hermansson, Kaefer Energy AS Avd Stavanger, avdeling 25
• Stian Sagvold, Kværner AS Lokasjon Verdal, avdeling 108
• Tor Ivar Karlsen, Plasman AS, avdeling 23
• Johan Hovind, Rana Gruber, avd 143
• Jørn Inge Hestnes, Vard Group AS Avd Langsten, avd 31
• Rune Sundt Larsen, Kongsberg Defence & Aerospace AS, avdeling 6
• Richard Storevik, avdelingsleiar, avdeling 5
I tillegg deltar folk frå administrasjonen til forbundet, som ikkje har stemmerett, men hjelper til med praktiske oppgåver under forhandlingane.
Ordkrig mellom LO og Unio før lønnsoppgjøret: «Splittelse i fagbevegelsen fører til en alles kamp mot alle»
Brei representasjon
– Det er eit ærefullt oppdrag å sitte i ein forhandlingsdelegasjon, du har eit stort ansvar og blir vist stor tillit, seier forbundssekretær Kine Asper Vistnes til Magasinet for fagorganiserte.
Delegasjonen er sett saman med lokale tillitsvalde frå ulike industribedrifter, med så brei representasjon som mogleg, forklarer ho.
– Delegasjonen har kunnskap vi nyttar oss av i forhandlingane, om kva som skjer ute på arbeidsplassane og korleis endringar i tariffavtala vil verke. Vi er heilt avhengig av kompetansen dei har og å forankre forhandlingane på ein skikkeleg måte. Dei lokale tillitsvalde er forhandlingsstyrka vår, seier Vistnes.
Alle 17 har stemmerett under forhandlingane. Dei bestemmer om forhandlingane skal brytast eller vidareførast, anbefaler eit eventuelt resultat før det går til uravstemming eller bestemmer at medlemmene skal bli tatt ut i streik.
Forbundssekretær Kine Asper Vistnes skal saman med forbundsleiar Jørn Eggum leie Fellesforbundet-delegasjonen sine forhandlingar i det viktige frontfagsoppgjeret. Her frå kravoverrekkinga i frontfagsoppgjeret i 2020.
Håvard Sæbø
Mindre grupper
Frontfagsforhandlingane bruker også å ha eit såkalla engere utval, som er ei mindre gruppe med folk frå begge sider av bordet. Dei styrer forhandlingsprosessen og har avklarande møte under vegs. Frå Fellesforbundet bruker utvalet å bestå av forhandlingsleiaren, forbundssekretæren med politisk ansvar for området og eit anna medlem av delegasjonen. Altså: Jørn Eggum, Kine Asper Vistnes og éin av dei andre 15 tillitsvalde.
Frontfagsoppgjeret har dei siste oppgjera også hatt ulike arbeidsgrupper med folk frå begge delegasjonane, som diskuterer enkelttema.
Med stor sannsynlegheit kjem partane til å bryte forhandlingane på eit tidspunkt og be om hjelp frå Riksmeklaren. Det er vanleg i frontfagsoppgjera. Dei avgjerande forhandlingane vil sannsynlegvis skje rundt fristen 1. april, og partane bruker å forhandle også etter fristen. I 2020 vart dei einige 22 rekordlange timar på overtid.
– Det er viktig å halde humøret oppe og god stemning i delegasjonen under vegs, seier Vistnes.
Etter forhandlingane
Det er altså ikkje tradisjon for streik i frontfagsoppgjeret, men medlemmene har alltid siste ord. Etter at forbundet har fått informert om konsekvensane av eit resultat, skal alle Fellesforbundet-medlemmene som er omfatta av tariffavtala, stemme. Så blir stemmene talde opp i avdelingane og melde vidare til forbundet.
– Fellesforbundet har høg valdeltaking, noko som viser at medlemmene bryr seg. Å stemme er både ei plikt og ein rett. Det er viktig å delta uansett om du er einig eller ueinig, og ein må vere villig til å streike dersom ein stemmer nei, seier forbundssekretær Kine Asper Vistnes.
Tariffoppgjer er ein stor demokratisk prosess. Frå i fjor haust har klubbar, fagforeiningar og bransjar debattert årets tariffoppgjer, og forbundsstyret vedtok felles krav i slutten av januar. Det er viktig å vite kor skoen trykker, seier Vistnes.
– Det har stor betydning for forhandlingsstyrken at vi veit kva medlemmene stiller seg bak og kva som er dei reelle problemstillingane. Vi kan ikkje sitte på Lilletorget (forbundskontoret i Oslo, journ.mrk.) og konstruere krav. Da hadde vi fått trøbbel i uravstemminga og ein eventuell konflikt. Så enkelt er det.
Mest lest
Ole Martin Kolberg, FOs hovedtillitsvalgt i Fredrikstad kommune, og Kine Kvamme Andersen er bekymret for hvordan kommunen skal klare å rekruttere nye vernepleiere.
Simen Aker Grimsrud
60 ansatte i kommunen må begynne i turnus: – Veldig mange søker seg bort
Roar må alltid være på vakt når han prepper løyper i Oslo-marka.
Sissel M. Rasmussen
Roar er en trygghet å ha i skogen, selv om livredning ikke står i stillingsbeskrivelsen
Martin Guttormsen Slørdal
Engelskmenn med jobb og familie trenger gratis mat for å overleve
Hjemmetjeneste (illustrasjonsfoto).
Anita Arntzen
Dette yrket har Norges høyest sykefravær
Gerd-Liv Valla blir 75 år, men opplever en ny politisk vår som strømpolitiker. – Det er ingen strømkrise, det er en strømpriskrise, slår hun fast.
Knut Viggen
Gerd-Liv Valla skjønner ikke hvorfor arbeidslinja har blitt et skjellsord
Victoria synes det var sårt da hun ble innkalt til en samtale om hvordan hun kler seg.
Werner Juvik
Victoria sluttet nesten i jobben etter reaksjoner på klesstilen
Aslak Bodahl
Nå får Hamza skattelette for å bo i brakke på jobb
Gjestearbeiderne i Ölands dyrepark jobbet seks dager i uka og fikk utbetalt mellom seks og sju tusen kroner i måneden.
Colourbox
Svensk dyrepark serverte ansatte samme mat som dyra
Tøffe tider: Olga Leach-Walters er fagforeningsrepresentant for 22 000 helsearbeidere i Royal College of Nursing. 6000 av dem jobber som sykepleiere på Birminghams største sykehus. Onsdag og torsdag denne uka streiket de. Det er andre gang på en måned.
Anita Arntzen
I England sover sykepleiere med 100 prosent stilling i bilen. Her er Olgas råd til Norge
BEKYMRET: – Vi er bekymra for at bedriften for raskt tar ut synergier etter en omorganisering, sier hovedtillitsvalgt for EL og IT Forbundet i Telenor Norge, Kenneth Pettersen.
Leif Martin Kirknes
200 mister jobben i Telenor: – Usaklig å sparke faste ansatte når man har så mange innleide
Matbutikken UMS Halden har holdt åpent alle dager hele uka.
Leif Martin Kirknes
Matbutikken er politianmeldt to ganger: Nå stenger UMS Halden om søndagene
Andrew Kelly Reuters/Ritzau Scanpix
Danskene kan miste fridag. Skammelig, mener fagbevegelsen
Martin Guttormsen Slørdal
Ny strømpolitikk for Ap: Ba om innspill på Giskes rekordmøte
Trikkesjåfør Sebastian Haugland i Sporveien Trikken måtte gripe inn da en passasjer gikk berserk. Etter hendelsen i 2022 ble han selv hovedverneombud for å hjelpe andre.
Mats Johannesen. Innfelt: Nina Hanssen
Voldsepisoden endret livet for trikkesjåfør: – I ettertid var jeg redd jeg hadde gjort noe feil
– Nå har arbeidstakersiden helt andre rettigheter under forhandlinger, sier tillitsvalgt Arvid.
Privat
Arvid jubler for egen tariffavtale. Nå håper han på et statusløft
Brian Cliff Olguin
Butikkansatte stusser over matprisene: – Lurer på hvor pengene blir av
Naujasis minimalus darbo užmokestis devyniose ūkio šakose.
Brian Cliff Olguin
Naujasis minimalus darbo užmokestis Norvegijoje
Den amerikanske storsatsingen på fornybar industri kan ramme europeisk industri hardt på sikt, mener utenriksminister Anniken Huitfeldt.
Adam Schultz (whitehouse.gov) via Wikimedia Commons / Jan-Erik Østlie
Bidens fornybar-satsning får EU og Norge til å skjelve
– Erna bommer bevisst, skaper frykt og usikkerhet ved å spre feilinformasjon, mener Peggy Hessen Følsvik.
Jan-Erik Østlie
LO-lederen: Erna Solberg sprer bevisst feilinformasjon om innleie
Anita Arntzen