Illustrasjonsfoto.
Håvard Sæbø
Gåvepensjonen til flyteriggarbeidarane:
Kvifor er Industri Energi og Safe ueinig om pensjon?
Safe vann fram i offshorestreiken og stoppa ei endring i gåvepensjonen som Industri Energi aksepterte. Etterpå vart det full krangel. Kvifor er dei ueinige?
tormod@lomedia.no
Etter over ei veke i streik 10. til 19. juli, vart Safe og Rederiforbundet einig om årets lønsoppgjer. 1.550 offshorearbeidarar på 28 flyttbare installasjonar var ute i streik, og omtrent like mange permittert.
YS-forbundet fekk gjennomslag for kravet sitt om pensjon. På andre område oppnådde dei det same som LO-forbundet Industri Energi, som organiserer flest flyteriggarbeidarar.
Forskjellen er at Industri Energi aksepterte den såkalla gåvepensjonen ikkje skal gjelde for dei som blir tilsett i ein bedrift etter 1. juni.
Safe jubla for sigeren, medan Industri Energi meinte forbundet ikkje hadde fått til anna enn at rederia ikkje kjem til å tilsette folk over 50 år.
• Offshorestreiken er over: Safe fikk gjennomslag for pensjonskravet
Kva går ordninga ut på?
Gåvepensjonen er ei overgangsordning oppretta i lønsoppgjeret 2004 i påvente av ny sjømannspensjon. Den skulle eigentleg vare til 2014, men har sidan blitt forlenga med to år av gongen.
Gåvepensjonen kjem i tillegg til sjømannspensjonen og ein tariffesta tilleggspensjon, men er avgrensa opp til 66 prosent av lønstrinnet ditt når du går av.
Ein kan gå av med denne pensjonen frå ein er 60 år til ein er 67 år, men ein får ikkje meir i pensjon ved å gå av seinare.
Gåvepensjonen skal sikre at dei som går av med pensjon og manglar opptening i den statlege sjømannspensjonen skal få ein tidlegpensjon som totalt tilsvarar avtalefesta pensjon (AFP) i den landbaserte industrien, pluss ein gongar grunnbeløpet i folketrygda. I 2018 er grunnbeløpet i folketrygda ca 97.000 kroner.
Kor mykje du får i kroner og øre frå denne gåvepensjonen er avhengig av kor mykje du har opptent i sjømannspensjon og tenestepensjon.
Om du er kvalifisert til sjømannspensjon og har lang fartstid, er det altså snakk om ein liten del av den totale pensjonen du får i løpet av dei sju åra.
Kven har rett på gåvepensjonen?
Om du er medlem i Industri Energi eller DSO, må du ha blitt tilsett i bedrifta før 1. juni 2018. Om du er medlem i Safe gjeld den også for dei som er tilsett etter denne datoen.
Du må altså vere 58 år eller eldre for å rekke å gå av med pensjonen før det eventuelt blir nye forhandlingar om ordninga i 2020.
Men det er fleire atterhald for å få gåvepensjonen:
• Du må vere mellom 60 og 67 år.
• Du kan ikkje ta jobb i ein konkurrerande bedrift offshore.
• Du kan heller ikkje ha lønsinntekt over to gongar grunnbeløpet i folketrygda.
• Du kan ikkje ha vore sjuk meir enn sjukepengeperioden på eitt år det siste året før du går av med pensjon.
• Du må ha vore tilsett i ein bedrift, som er omfatta av tariffavtala, dei siste tre åra før du går av.
Du har også rett på ordninga om du har fått tilbake denne jobben i tråd med gjenintakelsesretten eller ved verksemdsoverdraging.
Og du kan også tidlegare ha vore tilsett i ein annan bedrift, omfatta av tariffavtala, i minst fem år.
• Leiarar i olje- og gass tener mest. Her er dei 25 best betalte yrka
Kvifor ventar dei på ny sjømannspensjon?
Både Industri Energi, Safe, DSO og Rederiforbundet er einige om at gåvepensjonen er ei overgangsordning fram til det kjem ein ny sjømannspensjon som er tilpassa pensjonsreformen.
Pensjonsutvalet til partane vil blant anna erstatte tidlegpensjonen med medlemskap i fellesordninga for AFP, om pensjonsalderen i sjømannspensjonen blir endra til 62 år.
Allereie i 2014 leverte eit offentleg utval, som blant anna hadde representantar frå Industri Energi og Safe, eit forslag til ny sjømannspensjon. Dette er altså ei statleg ordning som blir vedteken av Stortinget.
Det har tatt si tid å få den behandla. Den har etter forseinkingar enno ikkje kome til behandling i Stortinget. Ifølge Safe, ligg den no til behandling hos Finansdepartementet.
Til FriFagbevegelse.no seier Arbeids- og sosialdepartementet no at dei tar sikte på å legge fram ein lovproposisjon for Stortinget før påska 2019.
Då kan den behandlast av Stortinget i vårsesjonen. Eit mogleg tidspunkt for at pensjonen trår i kraft er 1. januar 2020, opplyser departementet.
Kva blir innhaldet i ny sjømannspensjon?
– Departementets forslag til ny sjømannspensjonstrygd vil bygge på utvalets innstilling, seier statssekretær Christl Kvam i departementet i ein e-post til FriFagbevegelse.no.
I det offentlege utvalets forslag er det blant anna foreslått å kutte oppteningstida for å kvalifisere til pensjonen frå 12,5 år til 3 år. Det vil bety at det blir færre som manglar opptening i sjømannspensjonen.
Dei foreslår også å heve pensjonsalderen frå 60 til 62 år. Det betyr at dei som har rett på ordninga også kan få tilgang på den «vanlege» fellesordninga for AFP i privat sektor.
Dermed fell mykje av behovet for gåvepensjonen bort.
• Dette er de 25 dårligst betalte yrkene
Kvifor bør ikkje nytilsette få gåvepensjonen?
Om du er tilsett i ein bedrift etter 1. juni 2018 får du ikkje gåvepensjonen, med mindre du er medlem i Safe.
Det betyr at du ikkje får med deg denne pensjonen om du er 58 år eller eldre og vil gå av med pensjon før 2020.
Gro Losvik er forhandlar i Industri Energi. Ho forklarer at problemet med at eldre offshorearbeidarar vart «dyre» for arbeidgivarane har vore eit kjent tema lenge, men at problema oppstod under bransjen sin nedtur i 2014 då bedriftene vart meir kostnadsfokuserte.
– Vi har sett at bedrifter vegrar seg mot å tilsette folk som er litt eldre i tilfelle det blir dyrt, seier Losvik.
Fagforeiningane fekk sikra ein gjeninntakingsrett på to år, som gjer at du får jobben tilbake om du har blitt nedbemanna og bedrifta oppbemannar innanfor denne perioden.
IE: – Det viktigaste er å få arbeid
No er det igjen bedrifter som tilset folk. Men for ein del kan gjeninntakingsretten ha utløpt.
Dermed kan det vere vanskeleg for eldre offshorearbeidarar å få seg jobb, om bedrifta trur dei må ut med store utgifter i pensjon.
Det er derfor Industri Energi gjekk med på å ikkje gi nytilsette etter 1. juni rett til gåvepensjon, forklarer Losvik.
– Veit de kor mange som blir ramma av denne endringa?
– Det er det ingen som veit. Det er svært få 58–60-åringar som ikkje har gjeninntakingsrett, og det er jo desse dette er aktuelt for, svarer Losvik.
– Vi har prøvd å ivareta det viktigaste for våre eldre medlemmer, og det er at dei får arbeid om dei ønskar seg det, framfor denne ekstra gåvepensjonen, seier Losvik og påpeikar at alle andre pensjonsordningar er som de har vore.
Safe: – Handlar om eit rettferdig arbeidsliv
Arild Jenssen, som var ein del av Safe sin streikekomite, stadfestar at ein femtiåring som ikkje har opptening i sjømannspensjonen blir veldig «dyr» for arbeidsgivaren.
– Men vi snakkar ikkje om desse femtiåringane, men dei som har fått oppseiing i mellom 2014 og 2017 og er fylt femti år i 2018. Dei har ti–femten år opptening i sjømannspensjonen. Dei blir ikkje dyrare enn dei som allereie er tilsett, seier han.
– Dei som ikkje har opptening blir ikkje tilsett, men det er heller ikkje dei vi vil ta vare på, legg Jenssen til.
Han slår fast at fagforeiningsarbeid handlar om eit rettferdig arbeidsliv, der alle uansett alder, nasjonalitet eller kjønn skal ha like rettar.
– Om vi tar frå nokon ein rett på grunn av alder, lever vi ikkje opp til det ei fagforeining skal stå for, seier Jenssen.
– Andre fagforeiningar har sett at dei har gjort noko feil, men vil ikkje innrømme det, påstår han.
• Dette er lønna i over 300 yrker
Kan forhandle om overgangsordning seinare
Jenssen viser til at det i forslaget som departementet behandlar står at dei som er femti år eller eldre på omleggingstidspunktet skal bli verande på gammal ordning.
Han viser også til at det er uavklart kva som blir det endelege lovforslaget frå departementet. Dermed er det usikkert om avgangsalderen blir 62 år, slik at flyteriggarbeidarane får bli med i den vanlege AFP-ordninga.
Jenssen peikar på at AFP-ordninga er ein «pay as you go»-ordning, som betyr at arbeidstakarane fortløpande finansierer pensjonen til dei som er pensjonert.
– Med færre i jobb som finansierer ordninga, vil statsgarantien ta ein større del. Då er det på ingen måte sikkart at vi får nokon ny ordning. Der som dette skulle skje, hadde vi selt skinnet før bjørnen er skoten, seier han.
Gro Losvik i Industri Energi viser på si side til at fagforeiningane har rett til å forhandle om overgangsordningar når den nye sjømannspensjonen blir lagt fram. Dette vart protokollført i partane sitt pensjonsutval i 2016. Dermed er ingenting spikra i stein.
– Vi står fritt til å forhandle om tilleggsytingane og har streikerett på forhandlingane. Med ein gong vi veit meir om sjømannspensjonen startar vi opp igjen, slår Losvik fast.
Kjelder i saka: Industri Energi og Safe sine protokollar frå lønsoppgjeret 2018, Industri Energi og Safe sine tariffavtaler med Rederiforbundet, det offentlege utvalets forslag til ny pensjonsordning, protokollen frå partane sitt pensjonsutval frå 2016 (upublisert) og samtaler med tilsette i Industri Energi og Safe.
Mest lest
Colourbox.com
Nye satser for pensjon og trygd
Polske Julia Gałczyńska ble leid ut fra bemanningsbyrået FresWork til bøndene i bærbygda Fresvik i Sogn til langt under den lønna hun hadde krav på. Nå får hun endelig etterbetalt.
Sondre Dalaker/NRK
Jordbærplukkere får hundretusener i erstatning
Hanna Skotheim
Nav-ordning tom for penger: – Kom som «lyn fra klar himmel»
Nora Berntzen synes «quiet quitting» fortjener en bedre diskusjon i Norge.
Ida Bing
Nora er en «quiet quitter»: – Det har et ufortjent dårlig rykte
Mennene vil jobbe for å minske frykt for barnevernet i det somaliske miljøet i Skien. F.v: Abdirahman Hassan Adow, Siidali Omar og Abdirahman Hasan.
Hanna Skotheim
Somaliske menn vil samarbeide med barnevernet: – Vi må få vekk frykten
Magnus Hauge under en vinterøvelse.
Privat
Magnus klarte ikke å løpe - fikk ikke bli ingeniør
Endringa kan tre i kraft fra 1. januar 2024.
Brian Cliff Olguin
Terskelen for opptjening av pensjon i staten senkes
Utgiftene til en eksempelfamilie har økt med over 32.000 kroner fra februar 2022 til februar 2023.
Sissel M. Rasmussen
Utgiftene til en vanlig familie har økt med 32.000 kroner
– Det er mye nytt jeg må sette meg inn i. Men det er moro, sier Rolf Johan Johansen.
Alf Ragnar Olsen
Rolf Johan (28) gikk fra Posten til Tesla. Han har et råd til andre på jobbjakt
Elisabeth Thoresen leder AAP-aksjonen og deltar på flere arrangementer for å snakke om saken.
Hanna Skotheim
Nav skriver vedtak det er helt umulig å forstå, mener AAP-aksjonen
Hanna Skotheim
Da Wenche fikk kreft innså hun hvor lite hun skjønte av Nav-systemet
Julia Gałczyńska ble leid ut fra bemanningsbyrået FresWork til bøndene i bærbygda Fresvik i Sogn. Lønna var langt under det hun hadde krav på. Bo- og arbeidsforhold var kritikkverdige.
Privat. Innfelt: Sondre Dalaker/NRK
Julia vant i retten, men kan gå glipp av pengene fordi hun bor i Polen
Renathe Remes Øen, hovedtillitsvalgt i Bergen kommune, skjønner godt at fast ansatte er frustrerte over sommervikarenes bonuser.
Hanna Skotheim
Her tjener sommervikarene mer enn de fast ansatte
– Heldigvis var det noen som tok initiativ til slutt, sier Hanna Breden (25).
Martin Guttormsen Slørdal
Hanna fryktet at drømmejobben skulle glippe. Så skrev hun en Facebook-post
Klubbleder for Fellesforbundet på verftet Kimek i Kirkenes, Rainer Ingebrigtsen, forteller om tøffe uker etter at det ble satt bom stopp for arbeid på russiske fartøy den 12. mai.
Håvard Sæbø
Samtlige 84 på Kirkenes-verft kan bli oppsagt
Visegeneralsekretæren i ETUC, Claes-Mikael Stahl, er inspirert av at LO lyktes med å forhandle fram reallønnsvekst.
Herman Bjørnson Hagen
Hyller den norske storstreiken: – Det LO lyktes med i Norge, har jeg ikke sett noen andre klare
USS Gerald R. Ford i Oslofjorden, drevet av to atomreaktorer.
Merete Jansen
Hva om det skjer en ulykke på et atomdrevet skip?
– Hvis Ikea vinner denne rettssaken, blir det jakt på tillitsvalgte i alle bedrifter der klubbledere hever stemmen og sier sin mening, sier HK-leder Christopher Beckham.
Leif Martin Kirknes
LO-topp: – Ikea er verst i klassen på fagforeningsknusing
Debatt
Politikere fra fjerne land har kommet til Norge for å studere modellen. Men den er en bløff, skriver Simen Tveitereid.
Brooks Rice / Unsplash
Vil seks timer på jobb gjøre hverdagen lettere? Ja, er svaret
Her vil Kaefer Energy leige inn frå bemanningsbyrå utan avtale med tillitsvalte for fagforeininga.
Equinor