JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønsforhandlingar

Jobbar du i kommunen? Sjekk når du får meir i løn

Om ikkje lenge startar forhandlingar om løna til alle dei 167.000 medlemmene i Fagforbundet som jobbar i kommunane.
– Det blir barskt i år, seier leiaren for LO Kommune. Det store spørsmålet er kor mykje meir dei som jobbar i kommunane vil få i år. Les meir om kva prognosene seier i denne saka.

– Det blir barskt i år, seier leiaren for LO Kommune. Det store spørsmålet er kor mykje meir dei som jobbar i kommunane vil få i år. Les meir om kva prognosene seier i denne saka.

Brian Cliff Olguin

oystein.windstad@fagbladet.no

Dei aller fleste har fått dårlegare råd det siste året. Til våren startar forhandlingane mellom KS og LO kommune. Det er snakk om 167.000 av medlemmene til Fagforbundet.

I år er det eit mellomoppgjer. Det betyr at partane berre skal forhandle om kor mykje meir det blir i løn på dei som jobbar i kommunane:

– Det blir barskt i år, seier Pål Skarsbak, leiar for LO kommune.

Pål Skarsbak, daglig leder av LO Kommune står i spissen for forhandlingar om løna til fleire tusen som jobbar i kommunane. Til våren vil det tikke inn litt meir pengar på konto etter forhandlingane er over.

Pål Skarsbak, daglig leder av LO Kommune står i spissen for forhandlingar om løna til fleire tusen som jobbar i kommunane. Til våren vil det tikke inn litt meir pengar på konto etter forhandlingane er over.

Bjørn Grimstad

Dårlegare råd

Pål Skarsbak viser til at dei aller fleste har fått mindre å rutte med, og det er eit vanskeleg bakteppe for forhandlingane som skal starte 20. april:

– Det blir krevjande på grunn av den økonomiske situasjonen vi står oppe i. Det er aukande prisar og stigande rente som fører til reallønsnedgang.

Priskrisa og straumsjokk: Ekteparet Pedersen har halvert straumforbruket, men rekninga er like stor

Så mykje meir kan du få

Det er mindre vanleg med streik når det er mellomoppgjer som i år. Det er som alltid uvisst kor mykje meir dei som jobbar i kommunane vil få. Skarsbak viser til fleire prognosar:

– Eg konstaterer at prognosane for lønsvekst for 2023 varierer frå 4,7 prosent til 4,2, avhengig av kven du spør. Det skal forhandlast, seier leiaren av LO kommune.

Om oppgjeret ender på 4,5 prosent meir i løn og du har ei årsløn på 500.000 kroner, betyr det rundt 2063 kroner meir på konto i månaden. Ei årsløn på 600.000 vil gje rundt 2465 kroner meir i månaden. Dette er medrekna overheng og gliding.

Synes du lønnsoppgjeret er vanskeleg å forstå? Her er ein enkel forklaring

Sjekk ut reknestykket som viser kor mykje meir du kan få i løn i mai.

Sjekk ut reknestykket som viser kor mykje meir du kan få i løn i mai.

Øystein Windstad

Meir pengar i mai

Fristen for at forhandlingane skal vere landa og ferdig er 1. mai. Om partane blir einige og det ikkje blir streik, betyr det at dei som jobbar i kommunane vil få den auka løna inn på konto den 12. mai.

Det er LOs representantskap som vedtek krava i årets lønnsoppgjer. Det skjer 21. februar. Det er dei såkalla frontfaga som forhandlar først og som legg ramma for kva dei andre kan forvente å oppnå i forhandlingane.

Fattigdom i Norge: «Mona» er både Nav-tilsett og Nav-klient

Warning
Annonse
Annonse