Smittetala aukar igjen:

Arbeidsfolk treng ei ny korona-krisepakke, meiner Raudt. Desse 4 tiltaka vil partiet ha på plass

Bedriftene får korona-milliardar gjennom nye krisepakker frå regjeringa, men pakka til arbeidstakarar uteblir.

Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen saknar ein heilskapleg diskusjon om kva krisetiltak som trengst i arbeidslivet.
Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen saknar ein heilskapleg diskusjon om kva krisetiltak som trengst i arbeidslivet.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Raudt krev at regjeringa leverer ei krisepakke for arbeidsfolk til Stortinget, i likskap med pakka dei laga frå 20. mars etter dei strenge koronatiltaka 12. mars.

– No er dei høge smittetala tilbake, og antibac-en og munnbinda går varme. Dei siste krisepakkene for reiseliv og kultur er retta mot næringar. No treng vi ei krisepakke for arbeidsfolk, meiner Raudt-nestleiar Marie Sneve Martinussen.

Ved utgangen av oktober var 187.000 personar arbeidssøkarar, 87.000 fleire enn same månad i fjor. Samtidig aukar smittetala og regjeringa innfører nye koronatiltak.

Dagpenge-kutt

Tysdag varsla Erna Solberg at regjeringa utset dagpenge-kuttet som ville ramma lågtlønte hardt frå 1. januar. Den mellombelse regelen om dagpengar på 80 prosent av inntekta under omtrent 300.000 kroner, blir forlenga ut mars 2021.

– Dette viser at vi treng ei heilskapleg krisepakke på bordet i Stortinget som kan sjå heile krisa i arbeidslivet i samanheng. Her gjer regjeringa noko som berre skulle mangle, men når dei snik det inn som ein tilleggsproposisjon til statsbudsjettet får vi ikkje nokon heilskapleg diskusjon om kva tiltak som trengst i arbeidslivet, meiner Martinussen.

Jubler over regjeringens snuoperasjon: – Dette betyr mye for meg og min familie, sier permitterte Magne (55)

Fire viktige tiltak

Raudt-nestleiaren trekker fram fire tiltak som bør vere med i ei krisepakke:

• Ein større del av inntekta i dagpengar også for dei som var ledige før 20. mars.

• Forlenge dagpengeperioden (frå 1. november 104 veker for ledige og 52 veker for permitterte).

• Moglegheit for å jobbe meir ved sidan av dagpengane (frå 20. mars 60 prosent og frå 1. januar 50 prosent).

• Lågare inntektskrav sånn at fleire deltidstilsette får dagpengar (frå 1. november omtrent 150.000 kroner dei siste tolv månadene eller 300.000 dei siste 36).

Mye delt: Nav anklager lege for å legge til rette for trygdemisbruk

Langtidsledige

Partiet løftar fram situasjonen for dei langtidsledige som slit ekstra mykje med å finne seg jobb under koronaen. Dei får ikkje meir i dagpengar frå 20. mars sånn som andre ledige.

– Det blir eit A- og B-lag mellom arbeidsledige. Jo lenger ein forlenger ordninga, jo meir ulogisk blir skillet. Dette unngår regjeringa å diskutere, meiner Martinussen.

Sjømannen Geir (59) blir pensjonist: – Bedre at yngre ansatte får mulighet til å beholde jobbene

Mistar dagpengane

Frå 1. november vart dessutan forlenginga av dagpengeperioden avvikla. 9.000 langtidsledige kan bli kasta ut av dagpengeordninga i år, ifølge tal frå Arbeidsdepartementet. Neste år er talet 18.500 personar.

– Folk blir dytta ut frå sikkerheitsnettet. Då er det over til å tigge frå vennar og familie, eller selje alt du eig for å kunne få sosialstønad, seier Martinussen.

– Det er direkte stygt spel å rykke sikkerheitsnettet bort under beina på folk når arbeidsløysa framleis er høg og framtida er uføreseieleg for så mange.

Innleide Øyvind vant i Høyesterett: Dommen kan bety mye for alle som ikke er fast ansatt

Tvangavlyser krisa

Martinussen understrekar at krisa langt frå er over.

– Regjeringa prøver å tvangsavlyse ei krise gjennom å gjere djupare hogg i privatøkonomien til folk, samtidig som dei ber oss bruke munnbind og halde avstand, meiner Raudt-nestleiaren.

– Vi begynner å frustrere oss veldig over verkelegheitsforståinga til regjeringa som lukkar auga for dei alvorlege konsekvensane krisa har for arbeidsfolk.

Powered by Labrador CMS