«Uverdig» lønn og ingen overtidsbetaling: 15 Olivia-tilsette i Hegdehaugsveien i Oslo har streika i fire veker, og har varsla at dei ikkje gir seg før tariffavtala til Fellesforbundet er i boks.
Håvard Sæbø
Streik for tariff
Dette vil ein tariffavtale bety for streikande Olivia-tilsette
Vi har sjekka forskjellen på husavtala dei tilsette har i dag, og tariffavtala til Fellesforbundet som dei streikande krev.
tormod@lomedia.no
I over fire veker har 15 Fellesforbundet-medlemmar hos Olivia Hegdehaugsveien streika for tariffavtale på restauranten.
Konflikten har hatt høg temperatur med påstandar om press og truslar frå begge sider, men partane har no avtalt å møtest igjen hos Riksmeklaren i løpet av kort tid.
Dei streikande seier at dei krev ei verdig lønn og medbestemming på arbeidsplassen.
Olivia hevdar på si side at fleirtalet blant dei tilsette vil ha den eksisterande husavtala, og at husavtala er betre enn tariffavtala til Fellesforbundet.
Olivia vil ikkje dele husavtala
Tariffavtala til Fellesforbundet, Riksavtala, er forhandla fram med arbeidsgivarane i NHO Reiseliv.
Forbundet har også ei lik avtale for bedriftene som er organisert i Virke. Fellesforbundet er det største fagforbundet i privat sektor.
Ifølge husavtala er den ein «lokal tariffavtale» inngått mellom Olivia og «Husforeningen» i restaurantgruppa.
Ut frå svara på spørsmål til Olivia-leiinga og tilsette på ulike avdelingar, forstår vi det som at husforeininga er dei tilsettevalde verneomboda frå dei ulike avdelingane i Norge.
Dei seier også at Olivia arrangerer informasjonsmøte om husavtala på alle avdelingane før dei sender den ut på digital avstemming til alle dei over 900 tilsette.
Olivia ville ikkje sende husavtala til oss, men vi har fått tak i den på anna vis.
Dette er forskjellen som vi har funne på dei to avtalene:
Høgare lønn for dei fleste med tariffavtale
Riksavtala har høgare lønn for tilsette flest.
• Ifølge husavtala skal ein kokk med eitt års kokkeerfaring ha 190 kroner per time (185 utan eitt års kokkeerfaring), mens ein vanleg servitør skal ha 180 kroner. Sistnemnde er lik den allmenngjorde lønna, altså den minstelønnssatsen i Riksavtala som er lovfesta i heile bransjen.
I Riksavtala er minstelønna høgare og aukande etter to, fire, seks, åtte og ti års praksis i bransjen.
Da har vi samanlikna med minstelønna i Riksavtala for 35,5 timars veke sånn restaurantarbeidarar skal ha på grunn av skift-/turnusarbeid.
• Minstelønna for kokkar er omtrent 195, 196, 207, 209, 211 og 214 kroner per time. Med fagbrev er minstelønna 203, 205, 217, 218, 221 og 223 kroner.
• Minstelønna for servitørar (og andre tilsette over 20 år eller over 18 år med fire månader praksis) er omtrent 190, 193, 204, 209, 211 og 214 kroner per time. Med fagbrev er minstelønna 199, 201, 214, 218, 221 og 223 kroner.
For 16, 17 og 18-åringar er elles minstelønna cirka 125, 134 og 150 kroner per time. Husavtala har ei minstelønn på 151 kroner for servitørar mellom 18 og 20 år, og 130 kroner for ryddehjelp under 18 år.
For tilsette i oppvasken verkar minstelønna å vere 180 kroner.
Ekstra lønn for ansvar med husavtale
Husavtala har riktig nok eigne minstelønnssatsar for stillingar med meir ansvar.
Det er vaktansvarleg og serviceansvarleg (206 kroner per time), hovmeister, bar manager og skiftleiar (191 kroner), sous chef (210 kroner) og chef de partie (200 kroner).
Olivia-sjef i Norge, Fredrik Remmen, seier til Klassekampen at Olivia vil prioritere høgare lønn for kompetanse og ansvar.
Han meiner det blir for dyrt i tillegg å betale høgare lønn til vanlege tilsette.
Klassekampen har tidlegare samanlikna husavtala og tariffavtala til Fellesforbundet.
Litt høgare tillegg på kveld, helg og natt med husavtale
Husavtala har også kveldstillegg (15 kroner per time), nattillegg (50 kroner) og helgetillegg (30 kroner) som er cirka 1, 3 og 4 kroner høgare enn minstekravet i Riksavtala.
Desse tillegga vart innført av Olivia-leiinga frå 1. februar, som eit vedlegg signert Olivia-sjefen.
Før den tid fekk ikkje tilsette tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
Olivia-sjefen fortel til Klassekampen at desse tillegga vart innført som eit mottilbod til tariffkravet i Hegdehaugsveien, og etter ønske frå tilsette.
Andre fordelar med tariffavtale
Riksavtala har ei rekke andre reglar som ikkje er ein del av husavtala.
Fellesforbundet-tillitsvalt på Olivia Hegdehaugsveien og fagforeininga i Fellesforbundet har tidlegare trekt fram at:
• Vaktlistene skal avtalast mellom leiar og tillitsvalt for ein periode på minst fire veker.
• Tillitsvalte og bedrifta skal gjennomføre lokale lønnsforhandlingar kvart år, i tillegg til dei som forbundet og LO gjennomfører for heile bransjen.
• Tilsette skal ha ei veke meir ferie med lønn enn det som står i lova.
• Tilsette har dessutan rett til velferdspermisjon med lønn blant anna for å gå til lege, eller for eksempel når ein blir sjuk i løpet av arbeidsdagen eller sendt heim frå jobb.
Debatt: «Dette er faktisk uhørt i verdens rikeste land i 2023»
Ingen overtidsbetaling med husavtale
Overtidsbetaling er det dessutan vanskeleg å få som Olivia-tilsett, viser husavtala.
Overtidstillegg skal vere 40 prosent, ifølge arbeidsmiljølova. Ifølge Riksavtala skal tillegget vere 50 eller 100 prosent, avhengig av kva tid og dag overtida er.
Men som del av husavtala har Olivia innført gjennomsnittsberekning av arbeidstida, noko som betyr at tilsette ikkje får overtidsbetalt – med mindre dei jobbar over 10 timar i løpet av 24 timar eller 54 timar i løpet av sju dagar.
Olivia-sjefen seier både restaurantgruppa og tilsette ønsker denne fleksibiliteten som gjer at tilsette kan jobbe mykje i periodar, noko han meiner er mogleg fordi Olivia slepp å betale overtid.
Det er også mogleg å avtale gjennomsnittsberekning med tariffavtala til Fellesforbundet.
Det er faktisk eit krav i arbeidsmiljølova at bedrifta må vere bunde av tariffavtale og ha avtale med tillitsvalt for å gjennomsnittsberekne arbeidstida for alle tilsette.
Men Merethe Solberg, fagforeiningsleiar for Fellesforbundet-medlemmar på Oslo-restaurantar, anbefaler ikkje å avtale seg bort frå overtidsbetaling.
Spelereglar for samarbeid med tariffavtale
Noko anna Riksavtala har som husavtala ikkje har, er mange reglar for korleis bedriftsleiinga og tillitsvalde for dei tilsette skal samarbeide på arbeidsplassen.
Den såkalla Hovudavtala som er ein del av tariffavtala, inneheld mange av spelereglane og er lik i alle tariffavtalene til LO i privat sektor.
Om klubben og bedriftsleiinga er ueinige om tolkinga av tariffavtala, kan dei be om hjelp frå Fellesforbundet, LO og eventuelle arbeidsgivarorganisasjonar. I yttarste konsekvens kan dei ta saka til Arbeidsretten for ei avgjerd.
Pizzakokk slår alarm om Olivia-restaurantar: – Du blir straffa for å seie kva du meiner
Meir likeverdig maktforhold med tariffavtale
Med Riksavtala som skal fungere som eit golv for heile bransjen, forhandlar Fellesforbundet og LO regelmessig fram betre lønns- og arbeidsvilkår i avtala.
Dei kan med lova i hand ta ut medlemmar i streik under forhandlingane, noko som er eit viktig maktmiddel.
Dei tilsette på kvar enkelt bedrift har altså nesten 8.000 Fellesforbundet-medlemmar i hotell- og restaurantbransjen, 160.000 Fellesforbundet-medlemmar i privat sektor og ein million LO-medlemmar i ryggen.
Den enkelte Fellesforbundet-klubben og bedrifta skal også gjennomføre lokale lønnsforhandlingar og kan inngå lokale avtaler – så lenge dei ikkje er i strid med tariffavtala.
PS. Tariffavtale er vanleg i norsk arbeidsliv
Reglane i Riksavtala er heilt vanlege i norske tariffavtaler, som alle i offentleg sektor og over halvparten i privat sektor er omfatta av.
Rundt 20.000 arbeidstakarar jobbar i NHO-bedrifter med Riksavtala, ifølge Teknisk berekningsutval.
Riksavtala er heller ikkje kjent for å vere særleg dyr for arbeidsgivarane.
Årslønna for hotell- og restaurantarbeidarar i NHO-bedrifter var i fjor i overkant av 80 prosent av ei industriarbeidarlønn.
På den andre sida er det færre bedrifter som har tariffavtale i restaurant- og utelivsbransjen enn i mange andre bransjar.
Kommentar: «Dette er en kamp fagbevegelsen ikke kan tillate seg å tape»
Mest lest
Hugo Lorentsen, som har jobbet i Drytech i 17 år, anbefaler mest husets kylling i karri. Maten pakkes for hånd og alt er nøye sjekket.
Erlend Angelo
«Magisk» norsk mat har mettet soldater og turgåere i tre tiår
Gravemaskinfører Jørgen Reinskås vil sette lys på saken sin så andre slipper å oppleve det samme.
Tone Tveit
Jørgen (70) ble filleristet i gravemaskinen, men får småpenger i erstatning
Eivind Senneset
Veien fram til i dag har vært lang og full av skam for Martine. Nå føler hun at hun kan puste
IKKE SETT PÅ MAKEN: Distriktssekretær i EL og IT Nordland, Ulf Iversen, sier han ikke har sett maken på sine 40 år som tillitsvalgt og ansatt i distriktet. – Hadde ikke trodd det var mulig, sier han.
Knut Viggen
Hovedtillitsvalgt utestengt og oppsagt: – Hadde ikke trodd at dette var mulig
I fjor streika ansatte i mange private barnehager for å bli med i tidligpensjonsordninga Fellesordninga for avtalefestet pensjon.
Bjørn A. Grimstad
Flere skal få tidligpensjon – men ny AFP kommer heller ikke i år
– Årets lønnsforhandlinger blir vanskelige, tror LO-lederen.
Leif Martin Kirknes
LO forbereder storstreik: Dette kravet må innfris
Arbeidsmiljøloven sier at nattarbeid, som defineres som arbeid mellom klokka 21 og 06, ikke er tillatt med mindre «arbeidets art gjør det nødvendig». Men det gjelder ikke ansatte i varehandelen. (Illustrasjonsfoto)
André Kjernsli
Skal vurdere om butikkansatte kan jobbe etter klokka 21 om kvelden
Klubbleder Mohammed Malik ved Tine i Oslo mener det er oppsiktsvekkende at noen må streike for tariffravtale i 2023. Derfor er klubben klar for sympatistreik.
Erlend Angelo
Stanser varelevering til Oslo-restaurant: – Ønsker å vise vår støtte til de streikende
Håvard Sæbø
Her skrur de ansatte av lysene i lunsjpausen for å spare strøm
Selv om det er mørke tall for befolkningen i Nord-Norge, tror fylkesdirektør Kristin Røymo i Nav troms og Finnmark at det finnes løsninger for bedre framtidsutsikter.
Guro Gulstuen Nordhagen
Unge arbeidstakere forlater Nord-Norge: – Åpenbart at det krever endring
Brian Cliff Olguin
LO-lederen angriper Wolt: – Hører ikke hjemme i norsk arbeidsliv
Det kan bli streik ved et av fartøyene som er tilknyttet Ekofisk-feltet i Nordsjøen. Industri Energi mener det foregår sosial dumping og krever tariffavtale.
ConocoPhillips Company
Det kan bli streik i Nordsjøen: – Dette er sosial dumping
En kampklar Christopher Beckham er villig til å streike for at lønna skal øke mer enn prisene.
Leif Martin Kirknes
Beckham provosert etter lønnsfest-utspill. Nå varsles det streik
Raudt-politikarane Mímir Kristjánsson på Stortinget og Siavash Mobasheri i bystyret i Oslo.
Tormod Ytrehus
Raudt vil undersøke arbeidsforholda i Olivia – truar med å ta frå restaurantane skjenkebevillinga
Randi Knutli (t.h) anbefaler andre som står i omstillingsprosesser å undersøke jobbmulighetene utenfor Posten. Posten har støtteordninger for de som tar ny jobb andre steder eller vil omskolere seg. – Det er et knallgodt råd, og ordningene er gode, sier leder Judith Olafsen i Fagforbundet Post Nord-Norge.
Alf Ragnar Olsen
Da jobben sto i fare, startet Randi på et helt nytt eventyr
De ansatte krever at klinikkleder Bjørn Bendz og avdelingsleder Arnt Fiane fratrer sine stillinger umiddelbart.
Lise Åserud / NTB
Ansatte ved Oslo-sykehus krever at ledelsen går av
Å smelte glassfiber krever mye varme. Energiforbruket til 3B Fibreglass Norway på Birkeland tilsvarer det 8.000 husstander bruker i året. Strømprisene gjør det billigere å bruke propan enn ren elektrisk strøm.
Tormod Ytrehus
Femdobling av strømutgiften kan knekke sørlandsbedrift
Et passasjertog kolliderte med et møtende godstog i Hellas natt til 1. mars. 57 ble drept og flere titalls passasjerer ble skadet.
Vaggelis Kousioras / AP / NTB
Det greske raseriet: Jernbaneulykken var en ventet katastrofe
SKURRER: – Det høres ikke veldig miljøvennlig ut å sende reklamen til Oslo for klarlegging og deretter tilbake hit for omdeling, sier Irene Kvammen på postreklamesenteret i Stavanger.
Alf Ragnar Olsen
Irene sin jobb i Posten flyttes til Oslo: – Ikke særlig miljøvennlig
Berit Roald / NTB