JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Frontfaget:

Fellesforbundet og Norsk Industri får ikkje delta i utval før lønnsoppgjeret

Utvalet legg grunnlaget for norske lønnsoppgjer, men forhandlingspartane i det viktige frontfagsoppgjeret får ikkje plassar ved bordet.
FRONTFAG: Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum (i forgrunnen til høgre) og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen (til venstre) forhandlar alltid først. Her frå førre hovudoppgjer i fjor.

FRONTFAG: Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum (i forgrunnen til høgre) og Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen (til venstre) forhandlar alltid først. Her frå førre hovudoppgjer i fjor.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Fellesforbundet og Norsk Industri får avslag frå Arbeids- og sosialdepartementet i eit brev 17. september.

LO-forbundet og NHO-landsforeininga ba om plassar i det statlege utvalet TBU som set saman talgrunnlaget for norske lønnsoppgjer.

Fellesforbundet og Norsk Industri forhandlar i det såkalla frontfagsoppgjeret. Resultatet derfrå legg føringar for alle andre lønnsoppgjer i Norge.

Mye delt: Hva er en vanlig lønn i Norge? Dette sier tallene

For utydeleg

I eit brev sendt til TBU i starten av august krev frontfagspartane at årslønnsveksten i frontfaget kjem tydelegare fram i TBU-rapportane.

Bakgrunnen skal vere vårens kritikk mot praktiseringa av frontfagsmodellen, frå Unio og forbunda Sjukepleiarforbundet og Utdanningsforbundet. Dei peika på at lønnsveksten etter fjorårets lokale lønnsforhandlingar i industrien var større enn den økonomiske ramma frå frontfagsoppgjeret, mens lærarar og sjukepleiarar i større grad fekk lønnsvekst i tråd med ramma. Fellesforbundet og Norsk Industri trekker derimot fram at resultatet var i tråd med ramma innanfor Industriovereinskomsten, sjølve frontfaget.

«Tallene fra TBU må på en entydig måte få frem hva som ble det endelige resultatet fra frontfagsforhandlingene foregående år», heiter det i brevet signert Jørn Eggum og Stein Lier-Hansen.

«Denne utydeligheten har som kjent bidratt til at det skapes usikkerhet om modellens bærekraft.»

Se også: Dette er snittlønna i over 350 yrker

For seint

Fellesforbundet og Norsk Industri meiner også den endelege rapporten frå TBU kjem for seint.

«Slik vi har opplevd det de siste årene, har TBU foretatt nye vurderinger som endrer premissene under forhandlingene. Dette forstyrrer forhandlingene på en negativ måte», meiner dei.

Mye lest: Hva er minstelønna i Norge? Her er oversikten

Men får ikkje plass

På bakgrunn av erfaringane ønskte Fellesforbundet og Norsk Industri plassar i utvalet.

«Sammensetning av TBU må gjenspeile frontfagets sentrale posisjon for den norske lønnsdannelsen. Det er ikke tilstrekkelig at samfunnsøkonomene i hovedorganisasjonene er representert. Det må også de reelle partene være», meiner dei.

Departementet viser i svarbrevet til at berre hovudorganisasjonane er representert i utvalet, i likskap med Kontaktutvalet til regjeringa. LO og NHO har to representantar kvar som indirekte representerer forbund og landsforeiningar, påpeikar Arbeids- og sosialdepartementet.

«Departementet vurderer at utvalget med dagens sammensetning har den nødvendige kompetansen til å oppfylle TBUs rolle og til at hovedorganisasjonenes representanter kan ivareta hensyn til forbund og landsforeninger på en god måte», heiter det i svarbrevet underteikna ekspedisjonssjef og fagdirektør i departementet.

TBU-leiar og SSB-sjef Geir Axelsen har sagt til Magasinet for fagorganiserte at utvalet ønsker å levere eit best mogleg talmessig bakgrunnsmateriale som møter behovet til forhandlingspartane. Utvalet skal vurdere grundig korleis førespurnaden skal følgast opp, lova han.

Frontfagsmodellen

Frontfagsmodellen går ut på at lønnsveksten i norsk arbeidsliv skal følge lønnsveksten i den eksporterande industrien, frontfaget.

Konkret skjer det gjennom at Fellesforbundet (LO) og Norsk Industri (NHO) i lønnsoppgjeret for Industriovereinskomsten, frontfagsoppgjeret, blir einige om ei økonomisk ramme for auka kostnader for arbeidsgivarane. Denne ramma legg deretter føringar for lønnsforhandlingane i alle andre bransjar i privat og offentleg sektor.

Formålet er at lønnsveksten i andre bransjar ikkje pressar opp lønna i industrien meir enn at den kan konkurrere med industrien i utlandet og på den måten skaffe Norge eksportinntekter.

Kjelde: Blant anna FriFagbevegelse

Fakta om TBU

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) er eit statleg utval som sidan 1967 har vore ein viktig del av norske lønnsoppgjer gjennom å legge store delar av talgrunnlaget.

Utvalet lagar årleg ein rapport før lønnsoppgjera, som kjem i to utgåver. Ei førebels utgåve kjem i februar, og ei endeleg utgåve kjem i slutten av mars.

Rapporten gir blant anna oversikt over lønns- og inntektsutviklinga, prisutviklinga (inkludert eit anslag for prisstigning) og utviklinga i konkurranseevna til norsk næringsliv.

Mandatet til utvalet når det gjeld lønnsoppgjeret, er å «leggje fram det best mogelege talmaterialet og presentere det i ei slik form at ein kan unngå usemje mellom partane rundt dei økonomiske omstenda».

Utvalet vart seinast sett ned i 2019 for ein periode på fire år.

Administrerande direktør Geir Axelsen i Statistisk sentralbyrå (SSB) leiar utvalet.

Desse hovudorganisasjonane i arbeidslivet er representert:

• Akademikarane

• Arbeidsgivarforeininga Spekter

• Hovudorganisasjonen Virke

• KS

• Landsorganisasjonen i Norge (LO)

• Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO)

• Unio

• Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund (YS)

Desse departementa og etatane er representert:

• Arbeids- og sosialdepartementet

• Finansdepartementet

• Kommunal- og moderniseringsdepartementet

• Statistisk sentralbyrå (SSB)

Kjelde: Arbeids- og sosialdepartementet

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse