JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
TILSETTE HAR RETT PÅ TIPSEN: Tips er ei gåve som tilsette har eit rettskrav på, og som er eigendommen til tilsette. Det meiner LO-advokatane Håkon Angell og Fredrik Wildhagen som representerer dei tilsette på Hotel Bristol i Oslo og Fellesforbundet.

Tormod Ytrehus

Tipssaka

Har tilsette rett på å behalde tips utan at arbeidsgivar forsyner seg? No skal saka opp i Høgsterett

Dommen som Høgsterett kjem fram til, kan få konsekvenser for heile arbeidslivet.

21.11.2022
12:34
24.11.2022 10:37

tormod@lomedia.no

Slik det er no, tapar heiltidstilsette servitørar på Bristol Hotel nesten 1000 kroner i månaden på at arbeidsgivaren trekker i tipsen deira.

Kan arbeidsgivarar forsyne seg av tipsen for å dekke auka kostnader pålagt av myndigheitene? Det blir no eit spørsmål Høgsterett må ta stilling til.

Tilsette på Hotel Bristol i Oslo og Oslo Plaza Hotel har saksøkt arbeidsgivaren for det dei meiner er ulovlege trekk i tipsen, med krav om erstatning for tapet.

10. og 11. januar skal saka opp i landets øvste domstol.

Om dei tilsette vinn fram i Høgsterett, blir det dermed slått fast eit prinsipp om at tilsette skal behalde tipsen dei mottar utan at arbeidsgivar forsyner seg, forklarar LO-advokatane.

– Kostnader pålagt arbeidsgivarar av det offentlege skal ikkje veltast over på tilsette, seier LO-advokat Håkon Angell som saman med Fredrik Wildhagen fører saka for dei tilsette på Bristol og partshjelpar Fellesforbundet.

Dommen kan dermed få konsekvensar for heile arbeidslivet. Bedrifter som har gjort liknande trekk i tipsen, kan måtte endre praksis og førebu seg på erstatningskrav frå tilsette.

Mykje lest: Slik får du halv skatt i november

Taper 1000 kroner i månaden

Rettssaka gjeld to trekk i tipsen: På Bristol trekker hotellet frå 10,5 prosent til arbeidsgivaravgift og 5 prosent til administrasjonskostnader.

Det er regelen i heile Thon Hotels-kjeda som Bristol er ein del av. Det utgjer eit tap på nesten 12.000 kroner i året for heiltidstilsette servitørar på hotellet.

I tillegg trekker hotellet frå forskotsskatt, pensjonsinnskot og feriepengar frå tipsen, noko som ikkje har vore eit stridsspørsmål i retten.

Over 260 av medlemsbedriftene i NHO Reiseliv har innført ordningar med trekk frå tipsen. Det utgjer 55 prosent av dei som vart spurt i ei undersøking i fjor vår.

TIPSSKATT: Nye skattereglar gjorde at arbeidsgivar no har plikt til å rapportere inn, trekke forskotsskatt og berekne arbeidsgivaravgift av tipsen.

TIPSSKATT: Nye skattereglar gjorde at arbeidsgivar no har plikt til å rapportere inn, trekke forskotsskatt og berekne arbeidsgivaravgift av tipsen.

Tormod Ytrehus

Dette er saka

Bakgrunnen er nye skattereglar for tips som Solberg-regjeringa innførte frå 1. januar 2019. Da fekk arbeidsgivarar plikt til å behandle tips som lønn. Frå da av måtte arbeidsgivarane melde inn pengane til myndigheitene, trekke forskotsskatt og berekne arbeidsgivaravgift av pengane.

Tips har også tidlegare vore skattlagt, men tilsette hadde sjølv ansvar for å melde inn inntekta – noko mange ikkje gjorde.

Samtidig laga NHO Reiseliv ei rettleiing for korleis medlemsbedriftene kunne trekke frå auka arbeidsgivaravgift og kostnader til administrasjon – for dermed å legge dei nye kostnadene over på dei tilsette.

Thon Hotels og Plaza i Oslo var blant bedriftene som følgde tilrådinga.

Fellesforbundet kalla det tjuveri

Fellesforbundet protesterte og kalla det tjuveri. Forbundet og LO hadde i motsetning til NHO Reiseliv ønskt dei nye reglane velkomne, fordi tipsen no er ein del av grunnlaget for trygderettar som sjukepengar og pensjon.

Ni Fellesforbundet-medlemmar på Bristol saksøkte arbeidsgivaren sin i slutten av 2020, for å få ei juridisk avklaring i saka. 14 Parat-medlemmar på Plaza hadde gjort det same. Sakene vart foreina i Oslo tingrett i fjor sommar.

Tingretten frifann arbeidsgivarane, men i Borgarting lagmannsrett i vår fekk dei tilsette medhald. Arbeidsgivarane anka til Høgsterett der saka slapp inn.

Les meir om saka her: Lagmannsretten meiner tilsette skal behalde tipsen

– Tips er ei gåve dei tilsette eig

LO-advokatane har argumentert for at tipsen er ei gåve som tilsette har eit rettskrav på. Tipsen er dermed dei tilsette sin eigedom, meiner dei.

Om saksøkarane ikkje får støtte for den påstanden i Høgsterett, meiner LO-advokatane at eventuelle trekk i tipsen må vere avtalt gjennom arbeidskontrakten.

LO-advokatane viser til lang praksis og tradisjon der tips har blitt gitt til tilsette. På ærverdige Hotel Bristol har tilsette fått behalde tipsen sidan hotellet opna i 1920, påpeikar dei.

– Slår du opp i ordboka på «tips», får du opp at drikkepengar er ei ekstra gåve til tilsette. Kven er det som elles skal drikke for pengane? Bedrifta? spør Wildhagen retorisk.

ARBEIDSGIVAR HAR RETT PÅ TIPSEN: Dei tilsette har ikkje rett på tipsen før den er betalt ut som lønn, meiner advokat Jan Fougner. Han representerer Bristol, Oslo Plaza Hotel og NHO Reiseliv.

ARBEIDSGIVAR HAR RETT PÅ TIPSEN: Dei tilsette har ikkje rett på tipsen før den er betalt ut som lønn, meiner advokat Jan Fougner. Han representerer Bristol, Oslo Plaza Hotel og NHO Reiseliv.

Erlend Angelo

– Styringsretten til arbeidsgivarane

NHO Reiseliv-advokatane har argumentert for at trekk i tipsen ligg innanfor den såkalla styringsretten til arbeidsgivarar. Dei har blant anna vist til Theatercafedommen frå 2008, der Høgsterett bestemte at arbeidsgivarar kan fordele tipsen mellom tilsette.

«Arbeidsgiversiden mener at det først er idet arbeidsgiver overfører tips til arbeidstakers konto, som en lønnsytelse, at rettigheter oppstår», skriv advokat Jan Fougner i ein epost til Magasinet.

Fougner representerer Bristol, Plaza og partshjelpar NHO Reiseliv i høgsterettssaka. Han jobbar i advokatfirmaet Wiersholm som gjorde den juridiske vurderinga som fekk NHO Reiseliv til å anbefale medlemsbedrifter å trekke auka kostnader frå tipsen.

Han viser til at arbeidsgivarar har styringa og kontrollen over tipsen og viser samtidig til tidlegare rettspraksis.

Slik svarar LO-advokatane på det:

– Vi aksepterer styringsretten for så vidt, men den gjeld fordeling av tipsen mellom tilsette. Det er noko anna enn å ta pengane sjølv, argumenterer LO-advokat Wildhagen.

– Arbeidsgivarar har rett til eit ord med i laget, men kan ikkje forsyne seg av tipsen, legg Angell til.

Tips vanlegast for låglønte

NHO Reiselivs advokat Jan Fougner meiner vidare at det kan bli svært kostbart for verksemder å tillate tips, om det berre fører til tap for verksemda.

«Dette vil i sin tur også kunne få konsekvenser for arbeidstakere, ved at flere virksomheter heller vil velge å nekte mottak av tips», skriv han.

LO-advokat Håkon Angell har på si side ikkje noko tru på at arbeidsgivarane kjem til å forby tips, dersom dei ikkje får lov til å trekke eigne kostnader frå tipsen.

Han meiner ein vesentleg fordel med tips-ordninga for arbeidsgivarane, er at den er ein del av inntekta til tilsette og avdempar press på lønna for å rekruttere og halde på tilsette.

Han legg til:

 – Det er gjennomgåande der det blir gitt tips, at det er snakk om låglønnsyrke. Det er atskilleg meir følbart når arbeidsgivarar forsyner seg av inntekter som har stor betydning for tilsette.

21.11.2022
12:34
24.11.2022 10:37

Mest lest

Flere trygder øker i neste års statsbudsjett.

Flere trygder øker i neste års statsbudsjett.

Anna Granqvist/Hanna Skotheim (Innfelt)

Snart øker trygdene. Se hele lista her

Fagbrev og maks uttelling på ansiennitetstilleggene har gitt Bjørn Søgnen et solid lønnsløft.

Fagbrev og maks uttelling på ansiennitetstilleggene har gitt Bjørn Søgnen et solid lønnsløft.

Martin Guttormsen Slørdal

Bjørn (64) har aldri fått en så stor lønnsøkning

– Jeg fikk noen aha-opplevelser om hvor lett det er å gå i en fella, sier Morten Fjølstad.

– Jeg fikk noen aha-opplevelser om hvor lett det er å gå i en fella, sier Morten Fjølstad.

Martin Guttormsen Slørdal

Da Skatteetaten ringte, ble Morten positivt overrasket

FORSKJELLER: 70 prosent av alle husholdningene i Norge får kun 17 prosent av det høyeste tilskuddet fra Enova, ifølge forskning.

FORSKJELLER: 70 prosent av alle husholdningene i Norge får kun 17 prosent av det høyeste tilskuddet fra Enova, ifølge forskning.

Håvard Sæbø

Støtte til strømsparing går til de rikeste

Partilederne Erna Solberg og Sylvi Listhaug i Høyre og Frp legger opp til en annen kurs enn statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). (Arkivfoto)

Partilederne Erna Solberg og Sylvi Listhaug i Høyre og Frp legger opp til en annen kurs enn statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). (Arkivfoto)

Jan-Erik Østlie

Slik ville Høyre og Frp styrt Norge. Se hva de bruker pengene på

TOPPSJEF: Peter Hebblethwaite, administrerende direktør i rederiet P&O Ferries, er kåret til verdens verste sjef av Den internasjonale faglige samorganisasjonen.

TOPPSJEF: Peter Hebblethwaite, administrerende direktør i rederiet P&O Ferries, er kåret til verdens verste sjef av Den internasjonale faglige samorganisasjonen.

House of Commons / Pa Photos / NTB

Sparket 800 ansatte via Zoom. Nå er han kåret til verdens verste sjef

PÅ JOBB: Cosmin er tilbake på jobb, og er svært fornøyd med Høyesterettsdommen.

PÅ JOBB: Cosmin er tilbake på jobb, og er svært fornøyd med Høyesterettsdommen.

Sissel M. Rasmussen

Cosmin ble feilaktig utvist fra Norge etter å ha tatt noen søppelsekker

SPARING PÅ HJUL: Sykkelen gjør at driftstekniker Jamal Bajja sparer mange hundrelapper i måneden. Det trengs nå som lønnsøkningen spises opp av høyere priser.

SPARING PÅ HJUL: Sykkelen gjør at driftstekniker Jamal Bajja sparer mange hundrelapper i måneden. Det trengs nå som lønnsøkningen spises opp av høyere priser.

Sissel M. Rasmussen

Jamals lønnsøkning på 15.000 blir spist opp av høye priser

Hanna Skotheim

Tusenvis risikerte dagpengekutt. Nå kan de puste lettet ut

SLUTTPAKKER: Folkehelseinstituttet skal nedbemanne, og prøver først med frivillige sluttpakker. Tillitsvalgt Marc Gayorfar tror det fortsatt kan bli behov for å si opp rundt 100 ansatte.

FHI-ansatte må si ja eller nei til sluttpakke innen lille julaften

SV, med leder Audun Lysbakken i spissen, har fått gjennomslag for flere forslag i sitt alternative statsbudsjett.

SV, med leder Audun Lysbakken i spissen, har fått gjennomslag for flere forslag i sitt alternative statsbudsjett.

Herman Bjørnson Hagen

Oljestans er uansvarlig, mener LO. – Et riktig skritt på veien, mener Fagforbundet

Per Flakstad

Anngunn prøvde å skjule at hun var syk. Helt til naboen trodde hun hadde forlatt mann og barn

IKKE BITTER: Gudmund Monsen lever med kols og har under halv lungekapasitet. I tillegg har han kjempet for å få kolsen godkjent som yrkessykdom. - Jeg har et godt humør, det har jeg alltid hatt. Det har berga meg, sier den tidligere gruvearbeideren.

Bjørn Leirvik

Gudmund kjempet alene og vant over Nav

Påtalemyndigheten ber om at politimannen blir dømt til ni måneders ubetinget fengsel.

Påtalemyndigheten ber om at politimannen blir dømt til ni måneders ubetinget fengsel.

Colourbox

Politimann kan havne i fengsel etter at han stjal fra jobben

– Vi skulle jo ønske at NRK ikke hadde kommet i denne situasjonen i det hele tatt, sier Trine Steen i NTL NRK.

– Vi skulle jo ønske at NRK ikke hadde kommet i denne situasjonen i det hele tatt, sier Trine Steen i NTL NRK.

Ole Palmstrøm

NRK varsler store kutt. Slik reagerer de tillitsvalgte

POLITI: Politiets Utlendingsinternat på Trandum skal vurderes overført til Kriminalomsorgen.

POLITI: Politiets Utlendingsinternat på Trandum skal vurderes overført til Kriminalomsorgen.

Sissel M. Rasmussen

Kritikken har haglet: Slik er livet på innsiden av Trandum

Produksjonen på Troll C platfformen ville ha stoppet opp hvis Ledernes streik hadde blitt satt i verk. I stedet grep regjeringen inn med tvungen lønnsnemnd etter press fra Tyskland og Storbritannia.

Olje-lederne streiket. Nå har de fått ny lønn

Mimmi Kvisvik ber om at statens satser for økonomisk sosialhjelp heves.

Mimmi Kvisvik ber om at statens satser for økonomisk sosialhjelp heves.

Hanna Skotheim

FO-lederen vil gjøre det enklere å få sosialhjelp: – Ingen skal leve under fattigdomsgrensa

Knut Viggen

Strømstøtte til bedriftene minner mest om Lotto, mener NHO-organisasjon

Jan Arve frykter han har betalt 17.800 kroner for mye i strøm. Nå har han mistet tilliten til Fjordkraft.

Jan Arve frykter han har betalt 17.800 kroner for mye i strøm. Nå har han mistet tilliten til Fjordkraft.

NTB og privat

Kunder langer ut mot strømselskap: Jan Arve krever penger tilbake

Flere saker