JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjer i hotell og restaurant

No må arbeidsgivarane bla opp i lokale forhandlingar, seier kokk og tillitsvalt

Lønna aukar med 11,45 kroner timen for lågtlønte på hotell og restaurantar. Dei tilsette håper på meir.
LØNNA MÅ OPP: Tilsette på hotell og restaurantar med tariffavtale tener 78 prosent av ei industriarbeidarlønn. Det er for lite, meiner kokk og konserntillitsvalt Sisilie Benjaminsen i Nordic Choice Hotels.

LØNNA MÅ OPP: Tilsette på hotell og restaurantar med tariffavtale tener 78 prosent av ei industriarbeidarlønn. Det er for lite, meiner kokk og konserntillitsvalt Sisilie Benjaminsen i Nordic Choice Hotels.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

For første gong i eit mellomoppgjer måtte det ein streik til før LO og NHO vart einige om lønnstillegga.

11,45 kroner meir per time (omrekna til 35,5 timars arbeidsveke på grunn av skift/turnus), inkludert eit låglønnstillegg og ei garantiordning i tariffavtala: Så mykje aukar minstelønna for tilsette i overnattings-, serverings- og catering-bedrifter der Fellesforbundet har tariffavtale, ifølge forbundet. Dei som tener over minstelønna skal ha 11,08 meir per time. Tillegga for arbeid kveld, helg og natt aukar med 5 prosent, som følge av garantiordninga.

Størsteparten av auken gjeld frå 21. april og blir etterbetalt. Sjå dei nye minstelønnssatsane her.

– Vi veit at det er lagt føringar for at vi skal hente ut lønnsvekst i dei lokale forhandlingane. Så resultatet er bra om vi også får eit resultat i dei lokale forhandlingane, seier Sisilie Benjaminsen.

Ho er kokk og klubbleiar på Clarion Hotel Stavanger og konserntillitsvalt i Nordic Choice Hotels for Fellesforbundet.

Hvem får lavlønnstillegg? Se lista her

Lokale lønnstillegg

Under streiken vart det raskt tydeleg at striden stod om kor store lønnstillegg som skulle bli gitt i forhandlingane mellom LO og NHO, og kor mykje dei skulle satse på at blir gitt i lokale forhandlingar mellom klubbane og bedriftsleiingane ute på arbeidsplassane.

LO ville sikre alle – og aller viktigast dei lågtlønte – eit større tillegg sentralt. NHO ville på si side gi meir gjennom lokale lønnstillegg.

Fellesforbundet-medlemmane med tariffavtala i overnatting, servering og catering streika for retten til lokale forhandlingar i 2016.

I Stordalen-eigde Nordic Choice Hotels har tilsette fått 1,15 kroner per time i lokale tillegg sidan 2017. I dei andre hotellkjedene har ikkje lønnstillegga vore særleg større.

Magasinet kjenner heller ikkje til større tillegg hos andre store arbeidsgivarar i overnatting, servering og catering.

Så stor var frustrasjonen over manglande lokale lønnstillegg at Fellesforbundet og LO tok arbeidsgivarane til Arbeidsretten i 2021, men gjekk på eit tap.

– Dei som jobbar på golvet står for verdiskapinga og blir avfeia med ingenting eller smular, meiner Benjaminsen.

Ho skal saman med kollegaane prøve å forhandle opp lønna til rundt 6.000 hotellarbeidarar i Choice-kjeda, sannsynlegvis i haust.

– Eg er evig optimist og håpar at vi skal få eit skikkeleg resultat lokalt. Målet er at vi skal få til lokale forhandlingar og komme meir opp på nivå med industrien.

Les også: Millionbonus til Radisson-leiinga. Null i lokale lønnstillegg for dei tilsette

– Lønna er for låg

426.200 kroner var i fjor gjennomsnittleg årslønn (omrekna til heiltid) for hotell- og restaurantarbeidarar i NHO-bedriftene, ifølge Teknisk berekningsutval.

Det utgjer berre 78 prosent av snittlønna for industriarbeidarar på 544.700 kroner.

– Lønna er for låg, meiner Benjaminsen som viser til at det for eksempel er vanskeleg å få bustadlån i banken til meir enn eit bøttekott.

Lågtlønte må få ein større prosentvis lønnsvekst enn andre for at lønnsforskjellane skal bli mindre, påpeikar ho.

– Min umiddelbare tanke er at vi står på staden kvil, seier ho om årets lønnsoppgjer.

LO og blant anna streikande bygningsarbeidarar var samtidig tydelege på at dei streika i solidaritet med lågtlønte som ikkje får ut stort i lokale forhandlingar.

– Det varmar at samhaldet står sterkt, seier hotellkokken.

Lokale forhandlinger: Seks spørsmål og svar om lokale forhandlinger

Blir lovfesta

Minstelønna i tariffavtala i overnatting, servering og catering er lovfesta i heile bransjen, gjennom såkalla allmenngjering.

Desse minstelønnssatsane blir truleg justert opp snart.

Sjekk dagens lovfesta minstelønn her.

Lokale forhandlingar

Forhandlingane skal vere reelle og ta omsyn til økonomien til bedrifta, produktiviteten, framtidsutsiktene og konkurranseevna, slår LO, NHO og tariffavtala fast.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Blir lovfesta

Minstelønna i tariffavtala i overnatting, servering og catering er lovfesta i heile bransjen, gjennom såkalla allmenngjering.

Desse minstelønnssatsane blir truleg justert opp snart.

Sjekk dagens lovfesta minstelønn her.

Lokale forhandlingar

Forhandlingane skal vere reelle og ta omsyn til økonomien til bedrifta, produktiviteten, framtidsutsiktene og konkurranseevna, slår LO, NHO og tariffavtala fast.