JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Elkjøp-streiken er over: Selskapet gir etter og inngår tariffavtale med dei lagertilsette

Elkjøp har gått med på å inngå den såkalla grossistoverenskomsten. 43 lagertilsette kan dermed avslutte streiken som har pågått i nesten ei veke.

Elkjøp

tormod@lomedia.no

– Det var ein hard kamp, men utfallet var som forventa. Det var anten grossistoverenskomsten eller ingenting, seier forbundssekretær Bjørn Anders Jonassen i Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) til Frifagbevegelse.no.

Elkjøp signerte torsdag tariffavtalen dei lagertilsette i Elkjøp Distribusjon på Lørenskog kravde. Dei dårlegast betalte tilsette går dermed opp frå rundt 150 til nesten 220 kroner timen i løn.

– Slik situasjonen utvikla seg, hadde vi ikkje noko anna val utover å gå med på kravet frå motparten, seier HR-sjef i Elkjøp, Stein Riibe, i ei pressemelding.

– Vi har stått på krava. No begynte streiken å verke så sterkt inn på dei at det gjekk ut over drifta, og dei innsåg at dei måtte skrive under avtalen, seier NTFs Jonassen.

Sykkelbudene må betale sykkel og mobiltelefon selv. Nå melder de seg inn i LO

Elkjøp vil legge ned

Samtidig som dei signerer tariffavtalen, varslar Elkjøp at dei ikkje vil drive lageret vidare i noverande form. Elkjøp har frå starten av sagt at bedrifta ikkje toler lønsauken. Dei meiner utkøyring av varer no blir 60 prosent dyrare.

– Det er dessverre ikkje mogleg for oss å konkurrere med andre i bransjen med ein så mykje høgare kostnad for same teneste, seier Riibe.

Omtrent 25 prosent av leveransane frå lageret på Lørenskog har vore utført av eigne tilsette, medan resten har vore utført av eksterne leverandørar, opplyser selskapet. Elkjøp seier at dei no er innstilt på å gå over til ein modell der dei berre bruker eksterne.

– Vi forheld oss til lovverk og avtalar. Dei får vurdere sjølv om lageret må leggast ned. Har dei ikkje råd til å drive lageret etter løna i bransjen, får det vere konsekvensen,  seier Transportarbeiderforbundets Jonassen, som legg til at verksemdsoverdraging i så fall kan vere aktuelt.

Tre av fire vil beholde sykelønnen slik den er

Augeopnar

Jonassen meiner dette er ein prinsipiell og viktig siger.

– Vi håper dette har vore ein augeopnar for Elkjøp, men også for andre kjeder der vi krev avtalar, både på lager- og butikksida, seier han.

– Vi følger bransjen nøye – ingen kjem unna med å dumpe løna til eit lågt nivå. Vi veljer å sjå Elkjøp som ein seriøs motpart og ein viktig samfunnsaktør i Norge. Vi håper dei ser på seg sjølv som det same og ikkje vil drive sosial dumping, seier Jonassen.

– Det har vore sterke skuldingar frå arbeidsgiversida om blokade og frå arbeidstakarsida om streikebryteri. Har de lagt dette bak dykk?

– Det har vi sjølvsagt lagt bak oss. Her er saka det viktige. Vi forfølger ikkje dommen som kom i går, seier han og viser til dommen frå onsdag, der forbundet vart pålagt å oppheve ein påstått blokade og betale selskapets sakskostnader.

Ifølge NTF, har Elkjøp trekt kravet sitt om at NTF skal betale selskapets sakskostnader.

Regjeringen dropper arbeidsliv som kjerneelement i de nye skolefagene

Dette er saka:

• Rett før midten av mai sende Norsk Transportarbeiderforbund (NTF) eit krav om tariffavtale til Elkjøp Distribusjon på Lørenskog i Akershus. Det gjorde dei på vegner av alle 43 tilsette på lageret, alle organisert i forbundet. To veker seinare svarte Elkjøp at dei ville å ta saka til mekling.

• Striden stod om dei tilsette høyrer inn under ein overenskomst for transportørar eller for eit grossistlager. Elkjøp meinte verksemda gjekk inn under førstnemnde, medan NTF meinte den gjekk inn under sistnemnde. 

• Fredag 22. juni gjekk alle dei tilsette ved lageret ut i streik, etter at partane ikkje vart einige i meklinga.

• Nokre timar etter at streiken starta, vart streikevaktene skulda for å gjennomføre ei ulovleg blokade og politiet tilkalla.

• Den same påstanden vart fremma på eit møte mellom dei streikande og Elkjøp-leiinga måndag 25. juni. NTF avviste påstanden. Forbundet hadde på si side mistanke om streikebryting på lageret.

• Tysdag 26. juni varsla Handel og Kontor at dei tok ut 97 medlemmer ved fire varehus i sympatistreik  frå 11. juni. Dermed ville også dei butikktilsette vere i streik.

• I ein dom onsdag 27. juni påla domstolen NTF å oppheve den påståtte blokaden, gjennom ei såkalla førebels avgjerd, i tillegg til å Elkjøp sine sakskostnader. NTF var ikkje klar over at Elkjøp tysdag hadde teke saka til retten.

Amerikansk fagbevegelse mister makt: Gikk på viktig tap i høyesterett

Fakta om Elkjøp

• Elkjøps omsetnad var 12,01 milliardar kroner i Norge førre rekneskapsår. Omsetnadsveksten var på 1,2 milliardar kroner, som tilsvarer ein vekst på 11,5 prosent.

• I Norden omsette selskapet for 37,3 milliardar kroner i rekneskapsåret 2017/18. Driftsresultatet var i overkant av 1,1 millardar kroner.

Kjelde: Elkjøp

Annonse
Annonse

Fakta om Elkjøp

• Elkjøps omsetnad var 12,01 milliardar kroner i Norge førre rekneskapsår. Omsetnadsveksten var på 1,2 milliardar kroner, som tilsvarer ein vekst på 11,5 prosent.

• I Norden omsette selskapet for 37,3 milliardar kroner i rekneskapsåret 2017/18. Driftsresultatet var i overkant av 1,1 millardar kroner.

Kjelde: Elkjøp