Lønnsoppgjeret:
Marit er sjukepleiar og bussjåfør: – Vi er alle like viktige
– Vi er alle like viktige, anten vi er sjukepleiarar eller bussjåførar, seier Marit Solveig Nedrebø. Ho er begge delar.
SJUKEPLEIAR: Nedrebø er også medlem i Fagforbundet på grunn av jobben sin som sjukepleiar. I 2016 var ho ferdigutdanna som sjukepleiar, etter eit ønske om nye utfordringar og meir fagleg bakgrunn som frivillig i Raude Kross. Bussjåfør og sjukepleiar har alltid vore draumeyrka hennar.
Bent Are Iversen
tormod@lomedia.no
Kvardagen har blitt litt meir stressande etter at busstreiken spreidde seg til Vestlandet laurdag.
Sjukepleiar Marit Solveig Nedrebø (48) må køyre barna til skolen sjølv etter at skolebussen slutta å gå.
– Vi måtte sette foten ned, seier Nedrebø om bakgrunnen for streiken.
Ho er nemleg også bussjåfør. Etter at ho vart permittert frå jobben i Firda Billag i mars, har ho jobba som vikar på sjukehuset i Førde.
Siste: Under 100 stemmer avgjorde bussoppgjøret
Siste: Busstreiken er over. Her er resultatet
Streikar for bransjen
Burde bussjåførane gått ut i streik og skapt fleire problem i ein kvardag allereie prega av koronapandemien?
Nedrebø meiner streiken ikkje var til å hindre, og grunnen er arbeidsgivarane.
Ho viser til avtala mellom fagforbunda og arbeidsgivarane, NHO Transport og Spekter, frå 2006. Den slår fast at lønna i bussbransjen skal opp på eit nivå nærmare industriarbeidarlønna.
Over mange år har derimot lønnsforskjellen auka. Nedrebø meiner det er eit avtalebrot og peikar på at lønna er årsaka til at mange vel bort yrket.
– Vi streikar ikkje berre for kroner og øre, vi streikar også for rekrutteringa til bransjen, seier Fellesforbundet-medlemmet.
Innsikt: Fem punkter som oppsummerer hvorfor bussjåførene streiker
Kan ikkje vente to år
Ho forventar ikkje å få alt på ein gong, men ein meir handfast plan om korleis sjåførane skal nå opp til industriarbeidarlønna.
Bransjen har ikkje tid til å vente to år til neste hovudoppgjer, meiner ho. Norge treng tusen nye bussjåførar årleg for å vege opp for naturleg avgang og auke i talet kollektivreiser.
– På arbeidsplassen min er snittalderen skyhøg, påpeikar Nedrebø.
– No går ingen bussar på grunn av streik, men realiteten om to år kan bli at bussen din ikkje kjem på grunn av mangel på sjåførar, åtvarar ho.
Samstemt venstreside støtter busstreiken: – At folk ikke får kjørt buss gir ikke fare for liv og helse
Stolt over jobben
Nedrebø er rivande opptatt av framtida til bransjen ho har vore ein del av i 25 år.
Allereie i 1995 starta ho å køyre buss i Oslo, og midt i den store transportstreiken tre år seinare fekk ho dispensasjon for å ta fagprøva som yrkessjåfør.
– Eg er stolt over å vere bussjåfør og å vere så tidleg ute med å ta utdanning.
Oversikt: Dette er resultatene i lønnsoppgjøret så langt
Viktig for samfunnet
I dag har ho utdanning innanfor to samfunnskritiske yrke.
Ho trur folk flest har forstått kvifor bussjåførane streikar. Under koronapandemien har jobbar med låg status, som bussjåførar og butikkarbeidarar, fått auka anerkjenning.
– Vi er alle like viktige, anten vi er sjukepleiarar eller bussjåførar, slår ho fast.
Dette kan stoppe busstreiken: Slik vurderer de tvungen lønnsnemnd
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.