Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Sosial dumping i hotell og restaurant:
Statsforvaltaren har allereie nekta éin kommune å krevje at utestadar betaler lovfesta minstelønn for å kunne ha skjenkebevilling. Tvedestrand kan bli den neste.
– Vi ønsker å ha ordna arbeidsforhold i kommunen vår.
Det seier ordførar Marianne Landaas (H) i Tvedestrand kommune om bakgrunnen for forslaget ho tok opp i formannskapet 7. september, og som einstemmig vart sendt vidare til politisk behandling.
Forslaget er å innføre eit krav til skjenkestadar om å betale allmenngjort tarifflønn eller ha tariffavtale med dei tilsette. Dersom utestadane ikkje innfrir kravet, kan kommunen trekke skjenkebevillinga tilbake.
Eit sånt vedtak i kommunen er ulovleg, meiner Statsforvaltaren.
Elise Sofie (25) slutter: – Ingen fremtid i å jobbe som resepsjonist
Liknande krav har allereie gått sin sigersgang gjennom mange norske kommunestyre, med støtte frå Fellesforbundet og lokale fagforeiningar.
Bergen, Trondheim, Stavanger og fleire kommunar har innført krav om at utestadar skal betale lovfesta minstelønn for å kunne ha skjenkebevilling.
Sjølv om det allereie er ulovleg for utestadar å betale mindre enn minstelønn, fungerer kravet frå kommunen som ein kontroll der straffen er å miste inntekta frå alkoholsalet.
Krav fra SV: Utesteder uten minstelønn bør miste skjenkebevillingen
– Krav om minstelønn gir tilsette eit vern mot sosial dumping, og sikrar dessutan riktig pensjonsopptening og sjukelønn. I tillegg er det ein tryggleik for dei seriøse bedriftene som driv ordentleg og ryddig, meiner Landaas.
Ordføraren i Tvedestrand understrekar at dei ikkje har hatt problem med utestadane i sommarkommunen, men vil sikre seg for framtida.
Samtidig spøker det altså for behandling av forslaget i kommunestyret.
Etter eit oppslag i lokalavisa om vedtaket i formannskapet, vart kommunen kontakta av Statsforvaltaren i Agder (representanten til staten i fylket) som viste til eit liknande vedtak i Horten kommune.
I Horten vart det bråstopp for kravet om minstelønn.
Denne skaper debatt: Servitør Andreas er redd for å bli bitter og angre på yrkesvalget
Kommunestyret i Horten vedtok kravet i fjor, og sende samtidig vedtaket til såkalla lovlegheitskontroll.
Statsforvaltaren i Agder fekk jobben frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fordi Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark erklærte seg inhabil etter tidlegare å ha uttalt at vedtaket er lovleg.
Konklusjonen som kom i februar, er at vedtaket er ulovleg. Kommunar kan ikkje stille krav om minstelønn for dei tilsette verken etter serveringslova eller alkohollova, heiter det.
Aktuelt: Kommunen tapte sak om skjenke-nekt til strippeklubb
Etter alkohollova kan kommunen riktig nok sette vilkår for skjenkebevillingar, men Statsforvaltaren meiner kravet om minstelønn «ikke oppfyller saklighetskravet om at dette vilkåret vil bidra til å begrense tilgjengeligheten og skadevirkningene av alkoholholdig drikk som er lovens hovedformål».
Statsforvaltaren viser blant anna til ein kommentar til lova frå Helsedirektoratet: Kommunane kan ikkje utan vidare «stille vilkår om gjennomføring av noe som samfunnsmessig er ønskelig, men som lovgivningen går inn for å fremme gjennom andre lover».
Og minstelønna er allereie lovfesta gjennom såkalla allmenngjering av delar av tariffavtala i bransjen, påpeikar Statsforvaltaren.
Lest denne? Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber
Varaordførar Vidar Holmsen Engh (Ap) i Tvedestrand har også engasjert seg i forslaget frå Høgre-ordføraren.
Han meiner det er uheldig at Statsforvaltaren vil stoppe eit krav om minstelønn, og at utestadane bør kunne innfri krav i arbeidslivet for å kunne ha både serverings- og skjenkebevilling.
– At vi ikkje kan stille krav om lovfesta minstelønn, finn vi litt merkeleg. Det opnar for at utestadar skal kunne drive useriøst, seier Engh.
– Vi ønskar å komme dei useriøse til livs, og at dei tilsette får lønna og arbeidskontraktane dei har krav på. Det bør alle vere interessert i, meiner han.
Tvedestrand kommune jobbar no med å finne ut om det er ein måte dei kan vedta kravet om minstelønn, som er innanfor lovverket.
– Elles må vi sørge for at lovene blir endra, seier varaordføraren med adresse til stortingspolitikarane.