JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Innleigereglar:

Tilsyn fann storstilt ulovleg innleige. Klubben håpar bedrifta endeleg skjerpar seg

Fellesforbundet-klubben i Kaefer Energy har i mange år meint at innleiga frå bemanningsbyrå er ulovleg. No konkluderer Petroleumstilsynet med alvorlege lovbrot i bedrifta.
 LOVBROT: Petroleumstilsynet meiner Kaefer Energy har gjennomført alvorlege brot på innleigereglane i arbeidsmiljølova.

LOVBROT: Petroleumstilsynet meiner Kaefer Energy har gjennomført alvorlege brot på innleigereglane i arbeidsmiljølova.

Håvard Sæbø

tormod@lomedia.no

Det kjem fram i ein rapport etter eit tilsyn med innleiga i Kaefer Energy AS i april og mai, som Stavanger Aftenblad melde om først.

Petroleumstilsynet viser til alvorlege brot på reglane i arbeidsmiljølova for innleige frå bemanningsbyrå, i tillegg til manglande rutinar for å sikre at bedrifta følger reglane.

Tilsynet pålegg Kaefer å stoppe innleige av arbeidstakarar som ikkje utfører arbeid av såkalla mellombels karakter. Dei ber også selskapet skjerpe rutinane.

Les også: Bedrifta brukte innleigde då tilsette var permitterte: – Heilt forkasteleg

To av tre innleigde

Kaefer Energy – ein del av det tyskeigde, globale konsernet Kaefer Isoliertechnik – leverer tenester innanfor isolasjon, stillas og overflatebehandling (ISO) på petroleumsanlegg offshore og på land.

KAEFER ENERGY: Mellom 60 og 70 prosent av innleiga skjer frå Kaefer-konsernet sitt eige norskregistrerte polske bemanningsbyrå, Global Works Spolka Zoo, som Kaefer Energy har hovudansvar for.

KAEFER ENERGY: Mellom 60 og 70 prosent av innleiga skjer frå Kaefer-konsernet sitt eige norskregistrerte polske bemanningsbyrå, Global Works Spolka Zoo, som Kaefer Energy har hovudansvar for.

Sissel M. Rasmussen

To tredelar av dei rundt 2700 arbeidstakarane i selskapet var innleigde ved inngangen av 2019, ifølge opplysingar frå selskapet. I 2020 var delen omtrendt den same, mens delen i år var nede i halvparten på grunn av koronapandemien.

Petroleumstilsynet og Arbeidstilsynet fekk frå 1. juli 2020 moglegheit til å drive tilsyn med reglane for innleige frå bemanningsbyrå.

Innleige frå bemanningsbyrå er berre lovleg når arbeidet er av mellombels karakter eller eit vikariat. Opposisjonen på Stortinget skjerpa inn desse reglane frå 1. januar 2019.

Einaste unntak er når bedrifta har tariffavtale med eit stort fagforbund, og har ei avtale med tillitsvalde om innleige.

Kaefer og Fellesforbundet-klubben har ikkje blitt einige om ei ny innleige-avtale etter 2017 då Fellesforbundet- og Safe-klubben i bedrifta slo seg saman.

Fått med deg denne? Med en hullete CV slet Daniel (25) med å sjå framover

Langvarig strid

Fellesforbundet og arbeidsgivarforeininga Norsk Industri har lenge hatt ein tvist om innleiga i Kaefer er lov etter tariffavtala som har same krav til innleige som i arbeidsmiljølova, utan å ha komme nokon veg.

– No stadfestar Petroleumstilsynet det vi har sagt heile tida. Kaefer har leigd inn ulovleg, seier klubbleiar Jens Hermansson.

Kaefer Energy har definert korte prosjekt som mellombels arbeid. Dette er ikkje god nok grunn til innleige når kortvarig prosjektarbeid er ein vanleg del av arbeidet i bedrifta, slår Petroleumstilsynet fast.

Tilsynet meiner funna deira tilseier at Kaefer har eit permanent behov for delar av dei innleigde.

– Vi håpar Kaefer følger pålegget og stansar innleiga. Om vi treng folk, som vi beviseleg gjer, må dei tilsettast hos oss sånn at dei får faste tilsettingar, rett lønn og rotasjonar, seier Hermansson.

– Viktigast for oss, er å beskytte dei som jobbar i bemanningsbyråa. Og så håpar vi at klubbane i konkurrerande bedrifter følger eksempelet vårt og stiller same krav til innleige som vi har gjort, avsluttar han.

Kaefer fekk opphavleg frist til 16. august med å stoppe den ulovlege innleiga og skjerpe rutinane.

Mykje lesen: Cato lever av oppdrag fra en app: – Om LO er skeptisk til dette opplegget, blir jeg oppgitt

Eige bemanningsbyrå

Administrerande direktør Bård Bjørshol seier at Kaefer er i ferd med å sende eit svar til Petroleumstilsynet, og vil derfor ikkje seie korleis selskapet steller seg til pålegget enno.

– Prinsipielt ønsker vi å ha så mange fast tilsette som vi har arbeid til gjennom året. Det kjempar vi med nebb og klør for å få til, og vi har kontinuerleg rekrutteringskampanjar for å få tilsett kvalifisert personell, seier han.

Mellom 60 og 70 prosent av innleiga skjer frå Kaefer-konsernet sitt eige norskregistrerte polske bemanningsbyrå, Global Works Spolka Zoo, som Kaefer Energy har hovudansvar for.

– Grunnen er at vi vil sikre at selskapet opptrer etter lover og reglar, seier Bjørshol.

Han seier grunnen til den høge delen innleige er korte tidshorisontar for fleire av arbeidsoppdraga, med ulike krav til kvalifikasjonar.

– For eksempel har verfta langs kysten og fleire andre sørvisbedrifter eit langt større omfang av innleige enn oss. Vi har dessverre ikkje lukkast med å komme til einigheit mellom klubb og bedrift dei siste åra for å få etablert ei innleigeavtale, seier han.

Påstanden til Kaefer om at klubben stilte krav som ikkje hadde med innleige å gjere i forhandlingane om ei innleige-avtale, vart trekt tilbake. Den vart redigert bort frå artikkelen 6. august klokka 12.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse