T" />

Lønnstjuveri:

Innleigde Isaac fekk ikkje lønna han hadde krav på. Sånn fekk han 14 kroner meir i timen

Halvanna år gjekk før dei innleigde offshorearbeidarane vart likebehandla. Storstilt lønnstjuveri og grov forakt for lover og reglar, meiner tillitsvald i bedrifta som leiger inn.
INNLEIGD: Stillasbyggar Isaac Maqbul var innleigd i Kaefer Energy i eitt år, før han fekk jobb i bedrifta.

INNLEIGD: Stillasbyggar Isaac Maqbul var innleigd i Kaefer Energy i eitt år, før han fekk jobb i bedrifta.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

SOLA/OSLO: Magasinet møter stillasbyggar og Fellesforbundet-medlem lsaac Maqbul (39) på Sola der han er innlosjert på eit hotell ved flyplassen.

Dagen etter skal han reise ut på Vallhall-feltet og den første turen sin som tilsett i Kaefer Energy.

Det er likevel ikkje første gongen han jobbar for bedrifta som driv med isolasjon, stillasbygging og overflatebehandling (ISO) på plattformene til norske oljeselskap.

I eitt år har han vore utleigd i full stilling til Kaefer, og i to år til andre ISO-bedrifter, gjennom det Rogaland-baserte selskapet NSE lndustrier.

Der fekk han konsekvent lågare lønn enn dei tilsette i bedrifta han var utleigd til.

Debatt: «Frislippet av bemanningsbransjen var et historisk feilgrep»

Produksjon eller bemanning?

Når Maqbul startar å reise offshore i 2018, snakkar kollegaene stadig om lønnsforskjellar. Han veit at innleigde skal likebehandlast og ha lik lønn som tilsette i bedrifta som leiger inn, men får høyre at NSE er ei produksjonsbedrift.

Ifølge arbeidsmiljølova og tariffavtala skal innleigde frå bemanningsbyrå ha lik lønn som tilsette i innleigebedrifta. Regelen gjeld derimot ikkje for innleigde frå produksjonsbedrifter.

Innsikt: Hva vil partiene gjøre med bemanningsbransjen? Her er svarene

Urettferdig

– Det kjennest urettferdig å gjere akkurat den same jobben til lågare lønn, innrømmer han.

Samtidig går NSE Industrier så det susar, med fleire titals millionar i overskot.

I vinter kjem tilsette i kontakt med Fellesforbundet-klubben i Kaefer Energy. I starten av juni møter ei gruppe NSE-tilsette sekretær Atle Forfang Rostad i Kaefer-klubben ute på Johan Sverdrup, og dei tilsette bestemmer seg for å ta kampen for lik lønn som dei Kaefer-tilsette.

Kaefer-klubben har lenge hatt auga på lønna i NSE.

Artykuł po polsku: Izaak, pracownik wynajęty, nie otrzymywał należnego mu wynagrodzenia. A w ten sposób dostał 14 koron więcej za godzinę

Straipsnis lietuvių kalba: Nuomotas darbuotojas Isacas negavo jam priklausančios algos. Štai kaip jis pradėjo gauti 14 kronų už valandą daugiau

Article in English: Temporary worker Isaac did not get the pay he was entitled to. This is how he earned 14 kroner more per hour

Tvist i Kaefer

Kaefer-klubben har heilt sidan 2018 kravd overfor arbeidsgivaren at tilsette i NSE skal likebehandlast.

Dei meiner NSE er eit bemanningsbyrå, og kan dessutan vise til ein høgsterettsdom frå 2013 som slår fast at innleigde skal likebehandlast så lenge utleige er eit forretningsområde i utleigebedrifta.

Tvisten går vidare opp i systemet.

I januar 2020 må arbeidsgivarforeininga Norsk Industri vedgå at NSE Industrier ikkje har dokumentert at dei er ei produksjonsbedrift og må følge reglane i tariffavtala og arbeidsmiljølova for bemanningsbyrå.

Likevel held NSE fram med å betale tilsette mindre enn dei har krav på i halvanna år.

Mye delt: Hva er vanlig lønn i Norge? Dette sier tallene

Gjennomslag

I starten av juni postar Rostad i Kaefer-klubben ei krass åtvaring om likebehandling og etterbetaling i ei bransjegruppe på Facebook.

To dagar seinare sender NSE ut ein epost til dei tilsette om at dei utleigde skal ha lik lønn som dei tilsette i innleigebedrifta. Likelønna gjeld tilbake i tid frå 1. april for utleigde til ISO-selskapa Kaefer, Bilfinger og Beerenberg, heiter det.

Dei kallar seg her «ei produksjonsbedrift med ein utleigedel».

På lønnsslippen til lsaac Maqbul i juli, står det no eit «Kaefer-tillegg» på 14 kroner per time og 28 kroner per overtidstime. Det er forskjellen mellom lønna i NSE og Kaefer for ein faglært med tre år i jobben.

Sånt blir det store pengar av over tid.

Mye lest: Jaget etter billig arbeidskraft kveler norsk transportbransje, advarer sjåførene. Her er partienes medisin

Lønnstjuveri

– Storstilt lønnstjuveri og grov forakt for lover og tariffavtaler, seier Rostad i Kaefer-klubben om saka i Kaefer Energy og NSE Industrier.

– Dette seier noko om kva for handlingsrom arbeidsgivarane opplever at dei har, og om korleis dei tilsette står når dei er dels uvitande og dels ute av stand til å ta kampen, seier han.

FORBOD: Atle Forfang Rostad i Kaefer-klubben ønsker at ei ny regjering forbyr bemanningsbransjen.

FORBOD: Atle Forfang Rostad i Kaefer-klubben ønsker at ei ny regjering forbyr bemanningsbransjen.

Håvard Sæbø

Kaefer vil ikkje svare

Kaefer Energy vil ikkje svare på kva dei har gjort for å følge ansvaret sitt for at innleigde blir likebehandla, eller kvifor det tok så lang tid etter pålegget frå Norsk Industri og Fellesforbundet før lik lønn var på plass.

Kaefer-klubben hevdar dei ikkje har fått innsyn i lønnsvilkår for innleigde, sånn dei har krav på etter lova og tariffavtala. Heller ikkje det vil Kaefer svare på om er riktig.

Framleis produksjonsbedrift

Dagleg leiar og hovudeigar Helge Olsen i NSE Industrier svarer derimot. Han seier bedrifta framleis er ei produksjonsbedrift.

– I all hovudsak driv vi med tenester innanfor stillas og overflate, og utleige er ikkje intensjonen med bedrifta. NSE Industrier har for eksempel ein utstyrspark på cirka 1300 tonn stillasutstyr, noko som forklarer den saka, seier han.

NSE Industrier har ein stor Fellesforbundet-klubb som har vore einig med arbeidsgivaren i at dei er ei produksjonsbedrift.

«Karina» fikk beskjed av Elkjøp om å passe seg: – Jeg tenkte at dette ikke er greit, men turte ikke si noe der og da fordi jeg trengte jobben

Gav etter for press

NSE er ikkje medlem i Norsk Industri, men dagleg leiar Olsen seier bedrifta har blitt informert om tvisten mellom Fellesforbundet og Norsk Industri gjennom Kaefer.

– På grunn av mykje press har vi valt å likelønne i tråd med bemanningsbyrå mot ISO-bransjen. Bedrifta har vore avhengig av kompensasjon for å betale likelønn, noko som handlar om eit samspel mellom kunde og leverandør, seier han.

Atle Forfang Rostad i Kaefer-klubben oppfordrar NSE-tilsette til å sende lønnskrav til arbeidsgivaren lenger tilbake i tid enn 1. april.

Vil avvikle innleige

Likebehandling er dessutan berre eitt skritt på vegen, og langt frå langt nok, meiner Rostad.

– Vi vil at ulovleg og tariffstridig innleige blir avvikla, sånn at dei innleigde blir fast tilsett hos oss, får vernet dei har krav på og ikkje blir behandla som lausarbeidarar. Denne selskapsforma er konstruert for omgåing og snusk, det har vi eintydige erfaringar med, seier han.

I tillegg meiner han brot på reglar og avtaler om innleige er så gjennomgåande, at ei ny regjering må forby bemanningsbransjen etter stortingsvalet.

Les også: Tilsyn fann storstilt ulovleg innleige. Klubben håpar bedrifta endeleg skjerpar seg

Som alle andre

Sett bort frå lønna, meiner Isaac Maqbul NSE var ei etter forholda bra bedrift å jobbe i.

– Det er ikkje noko betre i andre utleigefirma. Dei har kanskje betre lønn, men andre ulemper. Dei tilsette er ofte folk i desperate situasjonar, meiner Maqbul som sjølv har fire barn heime i Skien å forsørgje.

– Eg vil at det skal vere bra å jobbe i Norge, avsluttar han.

Likebehandling

av tilsette i bemanningsbedrifter og innleigebedrifter er slått fast i arbeidsmiljølova og i Industriovereinskomsten mellom Fellesforbundet og Norsk Industri.

Som utleigd skal du ha minst like gode vilkår som om du var tilsett i innleigebedrifta for å gjere same arbeid, når det gjeld: arbeidstid; overtid; pausar og kvile; nattarbeid; ferie, feriepengar, fridagar og godtgjering; lønn og dekking av utgifter.

Du skal også ha same tilgang til felles gode og tenester.

Innleigebedrifta skal gi bemanningsbedrifta informasjonen dei treng for å likebehandle. Også arbeidstakarar i utleigebedrifta, innleigar og tillitsvald i innleigebedrifta har krav på informasjon.

Kva gjer eg om eg ikkje blir likebehandla?

Du kan sende lønnskrav til arbeidsgivar der du bør dokumentere kor mykje du har krav på. Du bør spørje avdelinga du høyrer til i Fellesforbundet om hjelp.

Innleigebedrifta har solidaransvar for utbetaling av lønn, feriepengar og anna godtgjering, ifølge arbeidsmiljølova. Du må sende skriftleg krav til innleigar innan tre månader.

Om arbeidsgivaren ikkje betaler, kan du ta saka til forliksrådet og eventuelt vidare i rettssystemet.

Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell- og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse

Likebehandling

av tilsette i bemanningsbedrifter og innleigebedrifter er slått fast i arbeidsmiljølova og i Industriovereinskomsten mellom Fellesforbundet og Norsk Industri.

Som utleigd skal du ha minst like gode vilkår som om du var tilsett i innleigebedrifta for å gjere same arbeid, når det gjeld: arbeidstid; overtid; pausar og kvile; nattarbeid; ferie, feriepengar, fridagar og godtgjering; lønn og dekking av utgifter.

Du skal også ha same tilgang til felles gode og tenester.

Innleigebedrifta skal gi bemanningsbedrifta informasjonen dei treng for å likebehandle. Også arbeidstakarar i utleigebedrifta, innleigar og tillitsvald i innleigebedrifta har krav på informasjon.

Kva gjer eg om eg ikkje blir likebehandla?

Du kan sende lønnskrav til arbeidsgivar der du bør dokumentere kor mykje du har krav på. Du bør spørje avdelinga du høyrer til i Fellesforbundet om hjelp.

Innleigebedrifta har solidaransvar for utbetaling av lønn, feriepengar og anna godtgjering, ifølge arbeidsmiljølova. Du må sende skriftleg krav til innleigar innan tre månader.

Om arbeidsgivaren ikkje betaler, kan du ta saka til forliksrådet og eventuelt vidare i rettssystemet.