JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Intercab AS vann anbod i Agder:

App-selskap vann konkurranse om å køyre taxi for kommunen

Fellesforbundet i Agder er kritisk.
LÅGAST PÅ PRIS: App-selskapet Intercab/Ridel danka ut konkurrentane i anbodet om å køyre skoleelevar og funksjonshemma i Agder.

LÅGAST PÅ PRIS: App-selskapet Intercab/Ridel danka ut konkurrentane i anbodet om å køyre skoleelevar og funksjonshemma i Agder.

Tormod Ytrehus

tormod@lomedia.no

App-selskapet Intercab AS har vunne konkurransen om ei rammeavtale for kommunale kjøp av persontransporttenester i Agder. Selskapet står bak appen Ridel, ei Uber-liknande teneste der turar blir bestilt og betalt gjennom ein app.

Agder fylkeskommune og Agder kollektivtrafikk AS (AKT) står bak anbodet. AKT er eigd av fylkeskommunen og Kristiansand kommune. Rammeavtala gjeld skoleskyss, rutekøyring på bestilling og TT-køyring (transporttenesta for funksjonshemma). For området Kristiansand, er Agder Taxi AS reserve.

Avtala gjeld i to år frå 1. januar 2022, og kan forlengast med eitt år.

Taxisjåførar rasar mot store lønnskutt: – Sinnssvak anbodspolitikk

App-selskap

Intercab vart starta opp i fjor etter at taxireforma til regjeringa fjerna taket på løyve og kravet om sentral frå 1. november, etter protestar frå bransjen, Fellesforbundet og venstresida i norsk politikk.

Det spesielle med Intercab, er at dei ikkje er ein taxisentral, men eit app-selskap. Dei skal altså levere taxitenester for kommunen, men er registrert med programmeringstenester som både formål og bransje.

BESTILLINGAR PÅ APP: Ridel-sjåførane får inn førehandsbetalte bestillingar gjennom ein app. Intercab skal også ha ein kontaktperson som handterer bestillingar for skole- og TT-køyring, forsikrar AKT og Intercab.

BESTILLINGAR PÅ APP: Ridel-sjåførane får inn førehandsbetalte bestillingar gjennom ein app. Intercab skal også ha ein kontaktperson som handterer bestillingar for skole- og TT-køyring, forsikrar AKT og Intercab.

Tormod Ytrehus

Selskapet har i dag fire tilsette, to arbeidande styremedlemmer/eigarar og seks innleigde IT-utviklarar og prosjektleiarar. Det seier styreleiar og deleigar Ole Kristian Gulbrandsen.

Dei fleste bilane er eigd av Intercab, ifølge Gulbrandsen. Selskapet har avtale med ni løyvehavar-selskap som køyrer bilane, og fleire som er interesserte.

Oversikt: Dette sier politikerne om konkurransen i taxibransjen

Fellesforbundet kritisk

AKT og fylkeskommunen stilte strenge minstekrav til miljø og kvalitet i anbodskonkurransen, opplyser AKT. Dermed vart lågaste pris avgjerande.

Det liker leiar i Agder Transportarbeiderforening, Jan Erik Aksnes, dårleg. Jo lågare pris, jo mindre lønn til sjåførane som får lønna si gjennom provisjon, påpeikar han.

Han får støtte frå Odd Asle Abildsnes i Fellesforbundet Sør-Vest. Offentlege anbod bør også vektast på lønns- og arbeidsvilkår, og vilkåra kontrollerast etterpå, meiner forbundet. Opposisjonsleiaren i fylkestinget sluttar seg til krava.

Gruppeleiar Gro Bråthen i Arbeidarpartiet seier opposisjonen er samstemte om at seriøsitetsreglane skal følgast i offentlege innkjøp, og at fylkeskommunen må sette av ressursar til kontroll.

I tillegg vil Bråthen ha politisk diskusjon om vekting på pris i offentleg anbod, som ho meiner erfaringsmessig har ført til dårlegare lønns- og arbeidsvilkår.

Fotoreportasje: Østeuropeiske sjåfører bor i bilene mange måneder i strekk. Slik er livet på hvileplassen

Ingen sosial dumping

App-selskapet Intercab prisa seg fem til sju kroner lågare enn konkurrentane per kilometer, ifølge Fædrelandsvennen.

Avtala har ei øvre grense på 80 millionar kroner, ifølge avisa som har sett konkurransegrunnlaget. Utbetalinga er dryge 23 millionar kroner årleg for dagens leverandør, Taxi Sør AS.

AKT opplyser til Magasinet at dei har stilt krav om lønns- og arbeidsvilkår i kontrakten med Intercab. Selskapet må sørge for at eigne tilsette og tilsette hos underoperatørar ikkje har dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn dei som er i tariffavtaler, regulativ eller det som er normalt i bransjen.

Intercab har rett til innsyn i alle arbeidsavtalene med sjåførane, opplyser Intercab. Selskapet godtar ingen form for sosial dumping og pålegg løyvehavarane minst å oppfylle bransjetala til Fellesforbundets for sjåføravlønning, forsikrar styreleiar Ole Kristian Gulbrandsen.

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse