Skolekøyring på anbod:
Taxisjåførar rasar mot store lønnskutt: – Sinnssvak anbodspolitikk
Nye anbod for skoleskyss har skapt taxikaos i Trøndelag. Eit kappløp mot botnen, meiner sjåførar.
ANBODSPOLITIKKEN: Politikarane må stoppe anbodspolitikken som pressar lønna ned, meiner taxisjåfør Roar Sundberg.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
INDRE FOSEN: Taxisjåfør og Fellesforbundet-medlem Roar Sundberg fekk eit kraftig kutt i lønna då han begynte å køyre under den nye kontrakten for skoleskyss, mellom Trøndertaxi og fylkeskommunalt eigde ATB AS.
Dei nye takstane i kontrakten har skapt eit taxiopprør i Trøndelag, med påstandar om sosial dumping.
Velgerguiden: Dette seier politikarane om konkurransen i taxibransjen
Løyvehavarar og sjåførar trua med å parkere bilane torsdag. Det hadde ramma 2.000 skoleelevar, om ikkje ATB kom dei i forkjøpet gjennom å varsle at kontrakten blir heva.
– Det irriterer meg enormt at nokon seier at jobben min ikkje er verd noko lenger. Det er sånn det følast, seier Sundberg, tilsett i Rissa Taxi som køyrer for taxisentralen Trøndertaxi.
– Taxisjåførar har også familie og barn å forsørge. Vi klarer oss ikkje på halve inntekta, seier han.
LANGE DAGAR OG LÅG LØNN: Taxisjåførar får berre betalt for tida dei køyrer kundar. Dermed blir det ofte lange dagar for å tene inn ei lønn å leve av.
Tormod Ytrehus
Dramatisk lønnskutt
Sundberg anslår at innteninga på skoleskyss er nærmare halvert, og at han månadleg tapar rundt 10.000 kroner i lønn.
Grunnen er hovudsakleg den nye rundturtaksten som gjer at sjåførane må køyre tilbake til sentralen før dei får betalt for ein tur. Det har dei som regel ikkje tid til, sidan elevane skal på skolen samtidig.
Dermed går inntektene dramatisk ned. Det gjer også provisjonen til sjåførane. Lønna til Sundberg er nemleg 43 prosent av innteninga.
Han var klar til å legge ned arbeidet torsdag. Ikkje fordi han ville, men fordi han måtte.
– Eg toler ikkje den store lønnsnedgangen, og vi har småbarnsforeldre i bransjen som held ut i kortare tid enn meg.
– Dette handlar om eksistensgrunnlaget til bransjen vår, seier Sundberg som har jobba 26 år som taxisjåfør.
STANS: Roar Sundberg var klar til å parkere bilen i protest mot den låge lønna, men køyrenekten vart avlyst då ATB og Trøndertaxi varsla at dei hevar kontrakten.
Tormod Ytrehus
Taxikaos i Trøndelag
Onsdag varsla ATB at dei kjem til å heve kontrakten med Trøndertaxi i Innherred og Sør-Trøndelag minus Trondheim og Malvik. Grunnen er trugslane om køyrenekt og brot på kontraktskravet om at lønna ikkje skal vere lågare enn bransjestandarden.
Trøndertaxi skal innan 25. september dokumentere lønnsvilkåra sånn at ATB formelt kan heve kontrakten og gjennomføre nødkjøp av skoleskyss. Meirkostnaden må Trøndertaxi ta.
Også i Stjørdal, Selbu og Meråker måtte ATB nyleg gjennomføre nødkjøp då Christiania Taxi ikkje klarte å levere skoleskyss.
Selskapet kunne slå seg opp i Trøndelag etter at taxireforma fjerna taket på talet løyve frå november i fjor.
I Trondheim har mange foreldre klaga på årets skoleskyss, men her og i Malvik har ikkje Trøndertaxi-sjåførane trua med køyrenekt.
Fotoreportasje: Østeuropeiske sjåfører bor i bilene mange måneder i strekk. Slik er livet på hvileplassen
Kappløp mot botnen
Sjåfør Roar Sundberg i Rissa er klar på kva som er årsaka til taxikaoset i Trøndelag, forutan taxireforma til regjeringa.
– Anboda pressar lønna ned gjennom eit kappløp mot botnen, seier han frustrert.
– Politikarane må på bana og stoppe den sinnssvake anbodspolitikken. Selskapa prøver desperat å underby kvarandre, men det skal koste å ha folk i arbeid.
– Vi sjåførar har ingenting vi skulle ha sagt. Dei nye takstane berre dukkar opp på taksameteret, seier Sundberg.
SOSIAL DUMPING: Taxiopprøret er eit resultat av eit anbodssystem som er rigga for sosial dumping, meiner leiar Roald Arentz i Midtnorsk Transportarbeiderforening.
Tormod Ytrehus
Han får støtte frå Roald Arentz, taxisjåfør og leiar i Midtnorsk Transportarbeiderforening i Fellesforbundet. Arentz hevdar også at prisar og dermed lønn gjennom provisjon, går ned for kvart anbod.
– Taxiopprøret er eit symptom på eit systemproblem. Anbodssystemet er rigga for sosial dumping, seier fagforeiningsleiaren.
Debatt: Drosjesjåførene er blant Norges dårligst betalte arbeidstakere, skriver Roald Arentz
Arbeidande fattige
Han meiner problemet er vanskeleg å gjere noko med så lenge anboda vektlegg pris og taxisentralane som leverer tilbod ikkje har arbeidsgivaransvar for sjåførane.
Arentz peikar også på at ATB er eit AS som ikkje er underlagt innkjøpsreglane til fylkeskommunen, som han meiner er svært gode.
– Vi har rigga oss med eit system som er utanfor demokratisk kontroll. Det må vi gjere noko med. Vi kan ikkje ha arbeidande fattige som køyrer ungane våre til skolen, seier han.
Les også: Éin million amerikanarar jobbar i utskjelte Amazon. No skal USAs største fagforbund organisere dei
Dette er en sak fra
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.