JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
LOVFESTA: Norge har ingen lovfesta minstelønn for alle arbeidstakarar, men på blant anna byggeplassar er minstelønna i tariffavtala såkalla allmenngjort.

LOVFESTA: Norge har ingen lovfesta minstelønn for alle arbeidstakarar, men på blant anna byggeplassar er minstelønna i tariffavtala såkalla allmenngjort.

Håvard Sæbø

Minstelønn:

Her er den nye lovfesta minstelønna i ni bransjar

Frå 1. juli har alle som jobbar i desse bransjane nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkår. I år blir lønns-hoppet ekstra stort.



21.06.2021
09:44
19.08.2021 09:57

tormod@lomedia.no

På grunn av tariffoppgjera som vart koronautsette frå mars til august i fjor, vart den såkalla allmenngjeringa (sjå faktaboks) av delar av tariffavtalene også forseinka.

Dei nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkåra skulle eigentleg bli vedtatt av den såkalla tariffnemnda i mars i år, men på grunn av gravferda til LO-leiaren vart møtet utsette til 10. og 11. mai. Nemnda valde derfor å justere opp satsane etter årets tariffoppgjer i same slengen, noko dei gjer etter lønnsoppgjeret mellom hovudoppgjera.

Bakgrunn: Derfor kjem auken i den lovfesta minstelønna seinare enn normalt

Dermed blir årets hopp i minstelønna ekstra stort for arbeidstakarar som ikkje har tariffavtale på jobben. Minstelønna for ein faglært bygningsarbeidar aukar for eksempel med 10,30 kroner i timen.

• Artykuł po polsku: W Norwegii płace minimalne dotyczą dziewięciu branży

• Straipsnis lietuvių kalba: Minimalų darbo užmokestį Norvegijoje yra nustačiusios devynios pramonės šakos

• Article in English: These are the current minimum wages within nine industries in Norway

Frå 1. juli, gjeld dei nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkåra i ni bransjar

FriFagbevegelse har gått gjennom dei nye forskriftene. Dette har du krav på om du jobbar i ein av bransjane:

1. Reinhaldsbedrifter

Minst 196,04 kroner per time. Under 18 år: 146,27 kroner. Tillegg for arbeid mellom klokka 21.00 og 06.00: 27 kroner per time.

2. Byggeplassar

Fagarbeidarar: Minst 220 kroner per time. Ufaglærte utan bransjeerfaring: 198,30 kroner. Ufaglærte med minst eitt års bransjeerfaring: 206,50 kroner. Under 18 år: 132,90 kroner.

3. Elektrofaga

Faglærte som utfører fagarbeid: Minst 225,15 kroner per time. Andre: 196,47 kroner. Tillegg for toskiftarbeid: 38,28 kroner per time. Treskiftarbeid: 61,47 kroner.

Stor oversikt: Dette er snittlønna i over 350 yrker

4. Fiskeindustribedrifter

Fagarbeidarar: Minst 205,55 kroner per time. Produksjonsarbeidarar: 193,55 kroner.

Under 18 år: Minst 164,44 kroner per time. Over 17 år som har arbeidd 12 veker i bedrifta: Same lønn som over 18 år.

Skoleungdom skal halde på lønnsansiennitet frå det eine året til neste. Opparbeidd lønnsansiennitet gjeld også når du har nådd 18 år.

Tillegg for toskiftsarbeid: Minst 41,11 kroner per time. Treskiftsarbeid: 51,39 kroner.

5. Godstransport på veg

Minst 185,50 kroner per time.

6. Jordbruks- og gartnerinæringane

Ferie- og innhaustingshjelp under 18 år: Minst 109,40 kroner per time. Over 18 år og tilsett inntil 12 veker: 129,40 kroner. Over 18 år og tilsett mellom 12 til 24 veker: 134,90 kroner. Over 18 år og tilsett meir enn 24 veker: 149,30 kroner.

Fast tilsette ufaglærte: Minst 149,30 kroner per time. Under 18 år: 118,90 kroner.

Med i lønnsansienniteten, skal all relevant praksis eller utdanning innanfor gartneri, hagebruk og landbruk, eller annan praksis eller utdanning som har betydning for stillinga.

Tillegg for fagarbeidarar: Minst 13 kroner per time.

Tillegg for røktarar og avløysarar i fast turnus på laurdagar, søndagar, jul- og nyttårsaftan, bevegelege heilagdagar og 1. og 17. mai: 25 prosent per time.

Praktikantar: Minst 104,51 kroner per time.

Refusjon av for eksempel reiseutgifter, kost og losji skal ikkje reknast som lønn.

Arbeidsmiljølova, ferielova og lova om 1. og 17. mai er omfatta av forskrifta.

Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber: – Lønna gjør noe med stoltheten vår

7. Overnattings-, serverings- og cateringverksemder

16 år: Minst 114,08 kroner per time. 17 år: 123,58 kroner. 18 år: 137,84 kroner.

Begynnarlønn over 20 år, eller over 18 år etter fire månader praksis: Minst 175,47 kroner per time.

Fråtrekk i lønn på grunn av innkvartering i bedrifta, for enkeltrom: 582,16 kroner per månad. Dobbeltrom: 378,64 kroner.

8. Skips- og verftsindustrien

Fagarbeidarar: Minst 189,39 kroner per time. Spesialarbeidarar: 180,87 kroner. Hjelpearbeidar: 172,44 kroner.

Tillegg for fagarbeidar på arbeidsoppdrag med overnatting: Minst 37,88 kroner per time. Spesialarbeidar: 36,17 kroner. Hjelpearbeidar: 34,49 kroner.

Tillegg for andre skift ved toskiftarbeid (36,5 timar per veke): Minst 20,10 kroner per time. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 42,96 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 61,58 kroner. Etter klokka 24.00: 30,84 kroner.

Tillegg for andre skift ved treskiftarbeid (35,5 timar per veke): Minst 20,72 kroner per time. Tredje skift: 32,57 kroner. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 44,20 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 63,32 kroner.

Tillegg for andre skift ved heilkontinuerleg treskiftarbeid (33,6 timar per veke): Minst 21,96 kroner per time. Tredje skift: 32,57 kroner. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 46,67 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 66,91 kroner.

Tillegg for overtid: Minst 94,70 kroner per time. Overtid mellom klokka 21.00 og klokka 06.00, på søndagar og heilagdagar: 189,39 kroner.

9. Persontransport med turbil

Minst 174,12 kroner per time.

Les også: Hotell-toppane tener nesten ti gongar så mykje som ein tilsett

Arbeidstid

Dei som jobbar i skips- og verftsindustrien har dessutan eigne reglar for arbeidstid. Den skal ikkje vere lengre enn 37,5 timar per veke. For skiftarbeid gjeld: 36,5 timar i snitt per veke for toskiftordning, 35,5 timar for treskiftordning og 33,6 timar for heilkontinuerleg skift.

Reise, kost og losji

Dersom du blir sendt på arbeidsoppdrag med overnatting i skips- og verftsindustrien, skal arbeidsgivaren din dekke reiseutgifter i Norge. Arbeidsgivar skal også sørge for eller dekke kost og losji.

I elektrofaga, på byggeplassane og i reinhaldsbedriftene, gjeld det same for alle reiser utanfor heimen med overnatting.

Ved persontransport med turbil, skal arbeidsgivaren din sørge for eller dekke kost og losji.

Ved godstransport på veg med overnatting, skal arbeidsgivar betale ut diett tilsvarande den skattefrie satsen. Ein tredjedel av diettsatsen skal utbetalast per påbegynte åttande time.

Klede og sko

Dei som jobbar i skips- og verftsindustrien, på reinhaldsbedriftene og byggeplassane, har dessutan krav på arbeidsklede og sko som er tilpassa arbeidet, arbeidsplassen og årstida.

Les også: Gjennomsnittsdirektøren har nå passert en million kroner i årslønn

PS. Hugs at reglane er eit golv! Dersom du er omfatta av ei avtale eller andre reglar som gir deg betre lønns- og arbeidsvilkår, gjeld reglane som gir deg best vilkår.

Kjelde: Nye forskrifter om delvis allmenngjering i ni bransjar

Allmenngjering

Allmenngjering er når heile eller delar av lønns- og arbeidsvilkåra i ei tariffavtale blir gjort gjeldande for heile eller delar av bransjen tariffavtala omfattar, gjennom forskriftar.

Formålet er å sikre utanlandske arbeidstakarar like gode lønns- og arbeidsvilkår som nordmenn har, og samtidig hindre at dei norske vilkåra blir utkonkurrert.

Den statleg oppnemnde tariffnemnda vedtar allmenngjering, der både arbeidstakar- og arbeidsgivar-sida er representert.

Partane i dei store, landsomfattande tariffavtalene kan krevje allmenngjering, men må også dokumentere behovet.

Allmenngjeringa sluttar dersom partane ikkje krev nytt vedtak innan ein månad etter at tariffavtala har blitt erstatta med ei ny avtale.

Arbeidsgivar eller den som leier verksemda skal sørge for at reglane blir følgde.

Dei som set ut arbeid eller leiger inn har dessutan solidaransvar, men arbeidstakar må sende skriftleg lønnskrav til solidaransvarleg innan tre månader.

Arbeidstilsynet gjer tilsyn med lønns- og arbeidsvilkåra, kan gi pålegg og melde saker til politiet.

Dei som bryt lova risikerer både bøter og fengselstraff.

Kjelde: Allmenngjeringslova

Var dette interessant? Vil du dele den med noen andre?
21.06.2021
09:44
19.08.2021 09:57



Mest lest

Håvard Sæbø

Slik vil Støre-regjeringa endre Nav

ULØNNET: For at Rebekka Kronstad Henriksen skal kunne amme datteren Sarah, må hun ta ulønnet permisjon fra jobben. Det går ut over økonomi og rettigheter.

ULØNNET: For at Rebekka Kronstad Henriksen skal kunne amme datteren Sarah, må hun ta ulønnet permisjon fra jobben. Det går ut over økonomi og rettigheter.

Cathrine Kahrs

Rebekka (33) må ta ulønnet permisjon for å kunne amme datteren

DROPPER ORDNING: Etter evaluering av ordningen og dialog med tillitsvalgte velger Jysk-ledelsen å kutte ut personlig tilbakemelding på iPadene.

DROPPER ORDNING: Etter evaluering av ordningen og dialog med tillitsvalgte velger Jysk-ledelsen å kutte ut personlig tilbakemelding på iPadene.

Jysk

Butikkarbeidere følte seg presset. Nå dropper Jysk omstridt ordning

MINDRE Å RUTTE MED: De høye strømprisene etter sommeren er hovedårsaken til at prisveksten har skutt i været og øker mer enn lønnsveksten i 2021.

MINDRE Å RUTTE MED: De høye strømprisene etter sommeren er hovedårsaken til at prisveksten har skutt i været og øker mer enn lønnsveksten i 2021.

Emmie Olivia Kristiansen

Folk flest får dårligere råd: Prisene øker mer enn lønna

Debatt

Per Flakstad

«Vi trenger en bred debatt om pengebruken i Rødt», skriver Rødt-medlem Erik

Colourbox

Disse får minimum 10.000 kroner i lønnsøkning

FORUS: 68 ansatte vil miste jobben på skjærelinjene til Nortura i Stavanger.

FORUS: 68 ansatte vil miste jobben på skjærelinjene til Nortura i Stavanger.

Erlend Angelo

Nortura sier opp 147 ansatte: – Siste ord er ikke sagt

Jan-Erik Østlie

Henrik Asheim er redd LO skal få for stor makt

Regjeringen Støre møter kongen og kronprinsen i sitt første statsråd på Slottet torsdag.

Regjeringen Støre møter kongen og kronprinsen i sitt første statsråd på Slottet torsdag.

Håkon Mosvold Larsen / NTB

Den nye regjeringen er klar – Støre presenterer et ungt og kvinnesterkt lag

Sissel M. Rasmussen

SAS-ansatte leverte inn uniformene i protest: Nå har de Stortinget i ryggen

PÅ VEI MOT FAGBREV: Det blir mange biler å shine fram mot fagbrev i 2023 for Robin Sharma. Den 1. august startet han som lærling i bilpleiefaget.

PÅ VEI MOT FAGBREV: Det blir mange biler å shine fram mot fagbrev i 2023 for Robin Sharma. Den 1. august startet han som lærling i bilpleiefaget.

Tormod Ytrehus

Robin (17) er Norges første bilpleie-lærling

IKKE REPRESENTERT: Leder for Fellesforbundet i Nord-Rogaland, Steffen Høiland (til venstre) mener det er påfallende at det største forbundet i privat sektor, Fellesforbundet, ikke har noen i regjeringsapparatet. Han får støtte fra forbundskollegaene Svein Erik Veie og Tommy Rannov Nystad.

IKKE REPRESENTERT: Leder for Fellesforbundet i Nord-Rogaland, Steffen Høiland (til venstre) mener det er påfallende at det største forbundet i privat sektor, Fellesforbundet, ikke har noen i regjeringsapparatet. Han får støtte fra forbundskollegaene Svein Erik Veie og Tommy Rannov Nystad.

Erlend Angelo

Tillitsvalgte kritiserer Støre: – Henter inn for mange karrierepolitikere

Torbjørn Røe Isaksen fikk boka Streik av den påtroppende arbeidsministeren Hadia Tajik da hun overtok ledelsen av Arbeids- og integreringsdepartementet.

Torbjørn Røe Isaksen fikk boka Streik av den påtroppende arbeidsministeren Hadia Tajik da hun overtok ledelsen av Arbeids- og integreringsdepartementet.

Brian Cliff Olguin

Hadia Tajik er åpen for innleieforbud i Oslo-området

Jan-Erik Østlie

Dette er fagbevegelsens største seirer i regjeringas plattform

Helge Rønning Birkelund

Hadia Tajiks første offisielle oppdrag som arbeidsminister: – Naturlig å starte hos LO

STYRKE Nav: Støre-regjeringa har skrevet en lang liste over hva de vil endre i Nav. Det er uklart når Nav-direktør Hans Christian Holte får en konkret bestilling fra den nye politiske ledelsen å jobbe med for å sette endringer ut i livet.

STYRKE Nav: Støre-regjeringa har skrevet en lang liste over hva de vil endre i Nav. Det er uklart når Nav-direktør Hans Christian Holte får en konkret bestilling fra den nye politiske ledelsen å jobbe med for å sette endringer ut i livet.

Werner Juvik

Nav-sjefen: Regjeringa har «store og gode ambisjoner» for Nav

Tormod Ytrehus

SAS-ansatte leverer inn uniformen i protest: – Ledelsen har gått til krig mot sine ansatte

FULL STØTTE: Både Rødt, ved nestleder Silje Kjosbakken, og SV, ved nestleder Kirsti Bergstø, vil innføre krav om norske vilkår i norske farvann og på sokkelen.

FULL STØTTE: Både Rødt, ved nestleder Silje Kjosbakken, og SV, ved nestleder Kirsti Bergstø, vil innføre krav om norske vilkår i norske farvann og på sokkelen.

Roy Solstad/Werner Juvik

SV og Rødt sikrer stortingsflertall om norsk lønn for sjøfolk

Eirik Dahl Viggen

Ila-ansatte gikk flere tusen i minus da arbeidsplassen ble midlertidig flyttet: Dette ble løsninga

Jan Cristian Vestre fotografert på tomta til Vestre AS sin nye fabrikk på Magnor. Nå blir han politiker igjen.

Jan Cristian Vestre fotografert på tomta til Vestre AS sin nye fabrikk på Magnor. Nå blir han politiker igjen.

Helge Rønning Birkelund

Støre henter industrilederen som fagbevegelsen elsker


Flere saker