JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningsbransjen:

Lundteigen (Sp) vil ha med seg Ap på å bli kvitt bemanningsbyrå. Her er planen

Over ein toårsperiode skal bemanningsbyrå bli ulovleg, og alt som skal stå igjen er vikarbyrå som leiger ut til reelle vikariat. Iallfall om Sp-politikar Per Olaf Lundteigen får det som han vil.
FELLES POLITIKK: Å kvitte seg med alle bemanningsbyrå må bli felles politikk for Sp og Ap, meiner Sp-veteran Per Olaf Lundteigen.

FELLES POLITIKK: Å kvitte seg med alle bemanningsbyrå må bli felles politikk for Sp og Ap, meiner Sp-veteran Per Olaf Lundteigen.

Jan-Erik Østlie

tormod@lomedia.no

I dag kan bedrifter fritt leige inn frå bemanningsbyrå til arbeid som er av såkalla mellombels karakter. Mellombels arbeid er arbeidstoppar og sesongarbeid. Denne definisjonen har blitt uthola, meiner Per Olaf Lundteigen.

– Skipsverft kallar ein kontrakt for ein arbeidstopp, byggebransjen kallar ein byggekontrakt ein arbeidstopp og entreprenørar kallar eit veganlegg for ein topp, seier stortingspolitikaren som representerer Sp i arbeids- og sosialkomiteen.

Derfor vil han, som Arbeidarpartiet, gjere denne typen innleige ulovleg.

Markering: Fagforeninger streiket mot innleie i byggebransjen: – Utfordringene er aller størst i Oslo

Bort med bemanningsbyrå

I motsetnad til Ap, vil Sp dessutan fjerne moglegheita til å leige inn dersom bedrifta har tariffavtale med eit stort fagforbund og avtale med tillitsvald.

Dermed står berre innleige til vikariat igjen, der innleigde i ein periode kan erstatte tilsette som for eksempel er sjuke eller ute i permisjon.

– Det vil seie at det ikkje lenger finst bemanningsselskap, men vikarbyrå. Nav og vikarbyråa skal stå for arbeidsformidlinga, seier Lundteigen.

Overgangsperiode

– Vi ønsker å fase ut bemanningsbransjen i norsk arbeidsliv, slår han fast.

For å fjerne moglegheita til å leige inn etter avtale med tillitsvalde, skal overgangsperioden vere minst to år.

– Veldig mange bedrifter har gjort seg avhengig av bemanningsselskap som hentar arbeidsfolka sine frå utlandet. Vi må få opp utdanningskapasiteten både i fagutdanninga og bedriftene sånn at dei kan bruke eigne tilsette.

– Vi snakkar om ei enorm endring i norsk arbeidsliv, seier Lundteigen.

Debatt: «Frislippet av bemanningsbransjen var et historisk feilgrep»

EØS har skulda

Bruken av bemanningsbyrå som erstattar fast tilsette og ukontrollert arbeidsinnvandring frå EØS-området utanfor Norden, meiner han er sjølve hovudproblema i norsk arbeidsliv.

– Før EØS-avtala hadde vi eit heilt anna og tryggare arbeidsliv i Norge.

– Vi utdannar no for få målarar, gartnarar og tømrarar i Norge, samtidig som vi har galopperande utgifter gjennom Nav til folk som ikkje får seg arbeidsinntekter. Ei rekke yrke blir karakterisert på ein nedlatande måte og dermed for dårlege for folk som bur i Norge. Sånn kan vi ikkje ha det, seier han.

Styre kapitalkreftene

Lundteigen etterlyser meir folkevald styring.

– For Senterpartiet er det avgjerande viktig at Stortinget styrer arbeidsmarknaden. Styringa må vere sånn at det blir litt større etterspurnad enn tilbod av arbeidsfolk. Dette er heilt nødvendig for å sikre full sysselsetting, også av folk med delvis arbeidsevne. Dette vil komme tusenvis av arbeidsfolk til gode.

– I dag styrer ikkje stortingsfleirtalet kapitalkreftene i stor nok grad. Det er ein av hovudgrunnane til at sosialdemokratiet forvitrar i Europa.

Sp-veteranen kjem med nokre stikk til Ap som for tida stig på målingane, mens Sp går motsett veg i oppløpet til stortingsvalet 13. september.

Stortingsvalet: Kva vil partia gjere med bemanningsbransjen? Her er svara

Inviterer Ap

– Det er rart at Sp vil styre arbeidsmarknaden i større grad enn Ap. Sp er no meir på arbeidsfolk si side. Ap har eit nærmast heilag syn på EØS-avtala og vil ikkje ta innover seg konsekvensane, meiner Lundteigen.

Saman med stikka til ønskepartnaren i eit eventuelt regjeringssamarbeid, kjem han med ein invitasjon:

– Ei sånn styring av arbeidsmarknaden som eg no skisserer, må bli felles politikk for Sp og Ap.

– Norsk arbeidsliv klarte seg utan bemanningsselskap før år 2000. Det er berre eit spørsmål om politisk vilje for å klare det også framover, avsluttar han.

Fikk du med deg denne? Innleigde Isaac fekk ikkje lønna han hadde krav på. Sånn fekk han 14 kroner meir i timen

Ap vil ha storreingjering

– Arbeidarpartiet vil gjennomføre ei storreingjering i arbeidslivet, skriv stortingspolitikar for Ap i arbeids- og sosialkomiteen, Arild Grande, i ein epost.

Han viser til at partiet vil forby innleige frå bemanningsbyrå i byggebransjen i Oslo-området, straks Ap inntar regjeringskontora.

I tillegg har Ap lova å fjerne moglegheita til innleige for bedrifter utan tariffavtale, innan 100 dagar i regjering. Det er her lovverket blir omgått, påpeikar Grande, og reglane skal gjelde alle bedrifter i heile landet.

Stortingsvalet: Her er Aps 100-dagersplan

… men har ein annan plan

Bedrifter med tariffavtale med eit stor fagforbund og avtale med tillitsvald, skal derimot framleis kunne leige inn.

– Med dei innstrammingane vi vil ha på innleige, saman med ei styrking av den offentlege arbeidsformidlinga, vil vi kunne få rydda opp ein gong for alle.

– Vi kan få til forbetringar som vanlege arbeidsfolk merker raskt, dersom fagrørsla og venstresida står saman i felles front mot høgrekreftene i staden for å angripe kvarandre, slår Grande fast.

Les også: Her låner bedriftene folk av hverandre før de leier

Warning
Dette er en sak fra

Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.

Les mer fra oss

Annonse
Annonse